Utgave: 1/2020

Tusen takk for meg!

Dette er min siste leiarartikkel som NBF-leiar. Det har vore tilsaman seks år som for meg har vore eit reint eventyr og høgdepunktet i mi karriere. Eg har hatt det så gøy!

Norsk bibliotekforening

I skrivande stund er det usikkert kor ferda går vidare, men det er vel ingen posisjon i det norske bibliotekvesenet som gir deg eit større nettverk og kontaktflate enn nettopp å vere leiar av Norsk Bibliotekforening. Så eg trur nok at vegen framover har mykje godt i vente.

Desse uventa svingane som livet tek er jo som alle klisjear fortel oss det som er sjølve livet. Det blei ein stor sving for meg då nokon spurde meg om eg kunne tenke meg å stille som leiar for NBF for nokre år tilbake. Svaret mitt den gongen var at eg budde på feil plass av landet, men mest at eg også kjente på at sjølve vervet var for stort for meg. Men etter eit døgn kjente eg at dette hadde eg verkeleg lyst til, og deretter dreiv eg regelrett valkamp.

Og eg har i desse åra skjønt kor mykje av identiteten min eg har i sjølve profesjonen, i det å vere bibliotekar. Eg brenn for yrket mitt, for bibliotekidéen, for kunnskap og folkeopplysning. Eg kunne jaggu gått i krigen for det! Og det å få arbeide med dette på eit overordna plan, forsøke å overtyde politikarar gjennom personlege møte og budsjettinnspel, møte publikum, møte bibliotekstudentar, møte biblioteksjefar og tillitsvalde har gitt meg energi og arbeidsglede.

Då eg tiltrådte som leiar i 2014 var formålsparagrafen heilt ny. Den aller første telefonen eg fekk på mitt nye kontor i Malerhaugveien på Ensjø var leiar av SIAN, Arne Tumyr, som høfleg, men bestemt ville klage på biblioteksjefen i Kristiansand, og ville ha meg til å snakke ho til fornuft. Det var ei smått surrealistisk oppleving, men eg hugsar at eg tenkte at «Dette er berre ein forsmak, og dette kjem til å bli gøy!»

Men saka sekretariatet og eg kanskje jobba mest med, var då det såg ut til at prosessen med å bygge nye Deichman i Bjørvika skulle stoppast. Det var ganske sjokkerande, særleg med tanke på at arbeidet var begynt. Det var dagleg mange telefonar og møte med politikarar og presse, og løpande kontakt med biblioteksjefen som i kraft av stillinga ikkje kunne smelle så hardt i dørene. Men nye Deichman blei redda.

At nye Deichman no skal opne veka etter at eg har gått av som leiar, er for meg personleg stort og rørande. Vi var langt i frå aleine om å kjempe for nye Deichman, men bygget er eit monument over at det lønner seg å kjempe for ein god bibliotekpolitikk.

Tusen takk for tilliten i desse seks åra, det har vore ei ære og eit stort privilegium.

Tusen takk for meg.

Mariann Schjeide

Leiar av Norsk Bibliotekforening

Powered by Labrador CMS