Utgave: 1/2020

Mariann Schjeide går av

Noverande leiar av Norsk Bibliotekforening, Mariann Schjeide, går av etter tre periodar. I løpet av sine seks år som leiar har ho bidrege til å synleggjere biblioteka og tala biblioteka sin sak. Ho har gjort ein glimrande jobb og vil bli sakna!

Norsk bibliotekforening

Kva kjem du til å sakne, kva kjem du ikkje til å sakne?

Eg kjem til å sakne alle i sekretariatet, som har vore mine nære kollegaer i alle år. Og særleg Ann Berit Hulthin som eg har jobba så tett med. Eg synest vi har vore eit dreamteam. Eg kjem også til å sakne folka i styret. Vi har hatt så gode diskusjonar og eg har lært så mykje. Likeeins mine nordiske kollegaer, vi har fått eit så godt og nært forhold desse åra. Og eg vil sakne reisinga, det å få stå på ein talarstol og oppfordre til god bibliotekpolitikk og stadsutvikling.

Og eg kjem faktisk ikkje på noko eg ikkje kjem til å sakne. Det er ingen oppgåver eg har islikt. Likevel meiner eg det er heilt riktig både for organisasjonen og meg å gi meg no. Det er ei tid for alt.

Vi har måtta forsvart endringane meir enn andre institusjonar

Kva meiner du er dei viktigaste sakene NBF har oppnådd i di tid som leiar?

Vi har kanskje ridd på ei bølgje der biblioteksaka i det heile tatt har blitt meir synleg. Bibliotek har blitt sexy! I mi tid har det også blitt bygd så mange kule bibliotek som har gjort det lettare for meg som leiar å peike på biblioteket som ein viktig del av stadutvikling. Skulebiblioteka har også blitt meir synlege, og der har vi verkeleg jobba godt saman med andre organisasjonar.

Kor optimistisk er du på vegner av biblioteka?

Veldig optimistisk! Det finst knapt ein institusjon i Noreg som har vore like tilpasningsdyktige som biblioteka. Vi har tatt utfordringar og endringar i innhaldet på strak arm, vi har lagt kanskje hakket foran brukarane våre også. Vi har måtta forsvart endringane meir enn andre institusjonar, kanskje fordi vi har vore så mytebelagte. Det er lett å imponere politikarar og andre når eg snakkar om bibliotek og moderne bibliotekdrift rundt om i landet. Og det er nok fordi det er så lite forventningar blant ikkje-brukarar rundt kva eit bibliotek skal vere.

Kva for fem personar frå bibliotekmiljøet ville du invitert til bords?

For eit artig spørsmål! Halvor Kongshavn, tidlegare leiar ved HumSam-biblioteket, fordi han er ein fest ved eitkvart bordsete. Vidar Lund, fordi har er så god ein kjøkemeister og så flink til å kvede. Tove Pemmer Sætre, fordi ho har vore eit stort fagleg forbilde og er veldig morosam og kul på alle måtar. Stig Elvis Furset frå Buskerud fylkesbibliotek, fordi han er ein god formidlar av barne- og ungdomslitteratur. Og også berre fordi nokon har mot til å kalle seg «Bibliotekaren frå helvete» slik som han. Og Cathrine Undhjem, fordi ho snakkar direkte, er uredd og gøy å vere saman med. Eg har mine beste augeblinkar når gode historier blir fortalt og latteren runger rundt eit bord. Denne gjengen hadde blitt bra til nettopp det.

Hvilket bibliotek ville du blitt innelåst på?

I Noreg må det nesten bli Nasjonalbiblioteket, der synest eg alltid at eg oppdagar noko nytt og dei har vore så flinke til å opne opp biblioteket. Fint om det er litt restar igjen i Kafé. Når det kjem til utlandet har eg alltid hatt ein draum om å sjå Library of Congress.

Bibliotek har blitt sexy!

Om du kunne velje ei heilt ny karriere, kva skulle det ha vore?

Alle ser litt rart på meg når eg seier det, men eg hadde likt å vere prest, faktisk. Denne nære kontakta dei får med folk i ofte avgjerande og skilsetjande faser i livet. Og eg er fascinert av jordmoryrket. På ein måte er både presteyrket og jordmoryrket litt beslekta, det er handlar om dei store augeblinkane i livet, når ein kanskje er nærmast folk. Og eg er så glad i folk og historiene deira.

Powered by Labrador CMS