Utgave: 1/2020

Ungdomsredninga

Ungdomsbøkene blir både hylla og sett ned på. Men om ikkje dei kan redde lesinga blant unge, kven kan det då?

Stornøgd. Ahmed Omar er stornøgd med boka han held på med. Bibliotekar Elisabeth Pihl håpar det fører til at han les fleire bøker.
Bok

Det blei så godt som er­klært kri­se då re­sul­ta­ta frå den siste PISA-un­der­sø­kin­ga vart pre­sen­ter­te i star­ten av de­sem­ber. Leseferdigheitene går ned­over, ein fi­re­del av gutane i un­der­sø­kin­ga vil ha pro­blem med å lese leng­re, ukjen­te tekstar. Ungdomen les mind­re og mind­re, og un­der halv­par­ten les på fri­ti­da.

Le­se­plikt

På År­stad har skulebiblioteket sett i gang eit pro­sjekt som skal få elevane til å lese meir, et­ter ini­tia­tiv frå bib­lio­tek­sjef Sunniva Rel­ling Berg. No les alle elevane som går fyrs­te året i tjue minuttar kvar dag. Det blir lånt tid frå alle moglege ti­mar, og sjølv om det er nokon som syns det er litt rart å ta av til dømes verkstadtida til elektrofagelevane, er pro­sjek­tet så po­pu­lært at dei håpar å få ut­vi­da til påbyggklassane nes­te år.

– Når me har le­sing heilt på slut­ten av da­gen, hen­der det me blir sittande med boka et­ter at ti­men er fer­dig, sei­er Ahmed Omar, ein av elevane i pro­sjek­tet.

Han er inn­om bib­lio­te­ket, og bib­lio­te­kar Eli­sa­beth Ir­gens Casén Pihl skyndar seg å spørje korleis han likar boka ho har an­be­falt han, «Udyr» av Kris­tine Tof­te.

– Den er kul. Eg kjen­ner meg vel­dig godt igjen, sei­er Omar.

Ka­me­ra­ten Ar­turs Grigorjevs held på si side på med «Nora el­ler brenn Oslo brenn», som han likar godt, men han er ikkje heilt vane med å lese for le­sin­ga si skuld.

– Dei fyrs­te ti minuttane av le­se­ti­da er eg ofte litt ukon­sen­trert, men så kjem fly­ten, sei­er han.

Grigorjevs er hel­ler ikkje blant dei som syns le­sing var vel­dig spennande før han starta, og Ir­gens har laga ein av­ta­le med han om ein li­ten pre­mie når boka er fer­dig.

På År­stad er det ung­doms­bø­ke­ne som er klart mest ut­lån­te, men dei står sam­an med dei and­re skjønn­lit­te­ræ­re bø­ke­ne, og er ikkje merkt med anna enn ein M på bok­ryg­gen.

Red­nin­ga

– Ung­doms­bø­ke­ne kan red­de oss frå dei dårlege Pisa-tala, sei­er Stig El­vis Fur­set ved Buskerud fyl­kes­bib­lio­tek.

Un­der ung­doms­bok­slep­pet i Dram­men før jul var han ein av dei som sto på sce­nen for å pre­sen­te­re årets bø­ker. Men det er nokre men.

– Ein er av­hen­gig av at ung­doms­bø­ke­ne blir for­mid­la, og ikkje ber­re ståande i ein kas­se frå Kul­tur­rå­det, og der må både for­la­ga, bokhandlarane og lærarane skjer­pe seg, sei­er Fur­set.

Det er som kjent svært ulikt kva bibliotekstilbod, og ikkje minst kva bibliotekartilbod som fins på skulane. Men Fur­set mei­ner dei som er, gjer ein god jobb med å for­mid­le bø­ker også til ung­dom. And­re de­ler av bok­bran­sjen er han ikkje like im­po­nert over.

– Det er jo ung­doms­bø­ker som sel best i ut­lan­det! Men for­la­ga her heime har grodd fast i ein ide om at ung­doms­bø­ker ikkje sel, sei­er han.

Og om ein tek ein run­de i bokhandlarar og nettbokhandlarar, så er det ikkje ung­doms­bø­ke­ne som mø­ter ein fyrst. I butikkane må ein gjer­ne inst i lo­ka­let for å finne rik­tig hylle, og det er ikkje noko ung­doms­bord med tilbodsbøker ved inn­gan­gen. I så godt som alle and­re mark­na­der, er tenåringar blant dei viktigaste mål­grup­pe­ne, og kjø­pe­kraf­tig ung­dom held liv i mang ein mil­li­onær. Er det noko den nors­ke bok­bran­sjen ikkje har skjønt?

– Har­ry Potter, Twi­light, Hun­ger Games og John Greene er jo enor­me! Og dei har hordar av fans i alle aldrar, så moglegheitene fins der jo, sei­er Fur­set.

Li­ke­vel er det få meldingar av ung­doms­bø­ker i me­dia, dei får lite salsstativplass i bokhandlaren, og Fur­set trur bok­bran­sjen ikkje ser po­ten­si­a­let.

– Bokhandlarane har be­stemt seg for at ung­dom ikkje kjø­per bø­ker, og at det­te er vanskeleg å sel­je, så dei pri­ori­te­rer ikkje des­se bø­ke­ne i det heile.

Men om ikkje bø­ke­ne er synlege ver­ken i butikkar el­ler i me­dia, er det jo vanskeleg for ung­dom å kjøpe dei. Men det er ofte and­re vaksne, for­eld­re el­ler lærarar, som er portvoktarar for kva ungdomar les. Iføl­ge bibliotekarane Bok og Bib­lio­tek har snak­ka med, så vert ung­doms­bø­ke­ne ofte un­der­vur­der­te av lærarane og.

– Man­ge lærarar er kon­ser­va­ti­ve, særleg på vidaregåande, og let ikkje elevane skrive analysar av ung­doms­bø­ke­ne. Ein skal li­ke­som lese den se­ri­ø­se lit­te­ra­tu­ren, sei­er Fur­set.

Og det utsegna gir ekko heilt til Bergen og År­stad vidaregåande sku­le.

Fri le­sin­ga

Ein stad å vere. Biblioteket på Årstad Videregående Skole i friminuttet. F.v. Ruby Jasmin, Emma Jakobsen, og Simyrna Kaiasman er litt lunkne til å lese bøker. Hussain Elmaz har funne lesegleda i Anne Franks dagbok.

– Det er ei skam at ung­doms­bø­ke­ne blir sett på som dårlegare lit­te­ra­tur! Det er så enormt my­kje bra bø­ker som ikkje får den merksemda dei fortener, sei­er Pihl.

Om ein tek det for gitt at å lese bø­ker vil auke leseferdigheitene, gir det meining å sjå på ung­doms­bø­ke­ne. Dei prø­ver å lok­ke til seg dei grup­pe­ne som les minst, men klarar dei eigentleg det? Iføl­ge Pihl er ein del av pro­ble­met at elevane ikkje opp­le­ver å lese bø­ker dei kjen­ner seg att i på skulen.

– Det er vik­tig at ung­dom får lese fritt! Dei må få velje kva dei vil lese, og det bør ikkje all­tid vere krav om å skrive analysar og samandrag et­ter­på, det øydelegg for le­se­gle­da, sei­er Pihl.

Bib­lio­te­ket på År­stad Vidaregåande sko­le i Bergen er det ein kal­lar eit mot­sett case. Her er det gode lesestolar, mas­se bø­ker, og ikkje mind­re enn tre til­set­te (rett nok to på del­tid). Det sitt klyn­ger med tenåringar rundt for­bi, fri­mi­nut­tet er snart over og det klaprar i tas­ta­tur over innleveringar som er nes­ten fer­di­ge. I ein krok mel­lom eit vindauga og ei bok­hyl­le, sit ein li­ten gjeng og pratar og tryk­ker på mobilane sine.

– Eg likar ikkje så godt des­se le­se­ti­de­ne, men det kan hen­de det blir be­tre om eg by­ter bok, eg likar ikkje så godt den eg har no, fortel Simyrna Kaiasman.

Ven­nin­na Emma Ja­kob­sen er einig. Men frå sto­len ved sida av, mel­der Hussain El­maz at han har fått eit nytt og be­tre syn på å lese bø­ker.

– Eg likar det. Det er så man­ge spennande bø­ker, men eg held framleis på med den fyrs­te i det­te pro­sjek­tet. Det er Anne Franks dag­bok, og den er vel­dig god, sei­er han.

Og den­ne ves­le gjen­gen il­lust­re­rer ak­ku­rat det Pihl mei­ner.

– Me ser jo at om dei ber­re finn rett bok, så blir dei hekta, sei­er Pihl.

Å kjen­ne seg att

I eit in­ter­vju med NRK Kul­tur­stri­pa i star­ten av de­sem­ber, fortel Ze­shan Sha­kar, forfattaren bak «Tan­te Ulrikkes vei», at et­ter å ha elska Ro­ald Dahl og lese mas­se som barn, had­de han eit opphald i le­sin­ga frå han var 11 til han var rundt 19. På vidaregåande had­de dei i lek­se å lese Beat­les av Lars Saa­bye Christensen, og alle – også dei som ikkje lik­te å lese – var hekta og opp­slukt.

På År­stad vidaregåande sku­le såg norsklærar Thor Sol­tvedt allereie på nittitalet at om ungdomane skul­le bli glad i å lese, måt­te dei finne bø­ker dei kun­ne kjen­ne seg att i. Der­med skreiv han dei sjølv, og «His­to­ri­en om Glenn An­ton» blei den fyrs­te av 18 ung­doms­bø­ker som i stor grad handlar om mil­jø rundt den vidaregåande skulen ved Danmarks plass i Bergen.

– Det er fleire som har for­talt meg at dei ald­ri had­de lese ei bok før dei las ei av mine, og at dei opp­lev­de det som stort at det fans bø­ker dei kun­ne kjen­ne seg att i, sei­er Sol­tvedt.

Og då kan det kan­skje bli kult å lese blant ung­dom og.

– Det skjer ofte noko mel­lom ungdomsskulen og vidaregåande. Eg har ein elev som lå­ner mas­se bø­ker og står på ven­te­lis­ta til nye titlar, men som latar som han ikkje likar å lese. Det er ikkje kult å lese på vidaregåande, då er bø­ker noko som høyrer med skulearbeidet, sei­er Pihl.

Ikkje over­tydd

Lesehåp. F.v. Bibliotekssjef Sunniva Relling Berg, bibliotekar Elisabeth Pihl og forfattar og norsklærar Thor Soltvedt håpar lesing i skuletida vil auke lesegleda blant elevane.

Fleire dei me mø­ter på bib­lio­te­ket, er av dei som ikkje pleier å lese for moro skuld. Få av dei les meir enn dei må enda, men man­ge av dei har i alle fall fun­ne ei gle­de i det. Og det er ka­te­go­ri­en ung­doms­bø­ker det går mest i. På År­stad er det dei bø­ke­ne med ein M klistra på ryg­gen. M for «mo­den ung­dom». Men ung­doms­bø­ke­ne blir ikkje skilt ut i eigne hyl­ler, og det er Pihl glad for.

– Ein ro­man er ein ro­man, og alle bur­de stå i same hylla. Det blir for sne­vert å dele dei inn et­ter al­der. Og ung­doms­tit­te­len kan skrem­me vekk lesarar, både dei som fak­tisk er i mål­grup­pa, men å putte dei i eigne rom og eigne hyl­ler gjer også at vaksne ikkje les dei, og det bur­de dei, sei­er Pihl.

Ho skul­le ynskje ein kun­ne lære av fan­ta­sy-lit­te­ra­tu­ren. Der er bø­ke­ne rett nok sett i same hylle, men på tvers av al­ders­seg­ment, og dei same bø­ke­ne har fans i dei fles­te aldrar. Det same tema vart dis­ku­tert my­kje i fjor vår, et­ter at Ida Jackson skreiv saka «Ung­doms­lit­te­ra­tur er lit­te­ra­tur» og ville ta vekk skil­let mel­lom ung­doms­lit­te­ra­tur og annan lit­te­ra­tur.

– Det er for sma­le kategoriar, for­la­ga skriv gjer­ne al­ders­seg­ment som 12-14 år, og om ein då ikkje treff dei i den grup­pa kan det gjere at dei mis­ter le­se­lyst. Samstundes sten­ger ein ute enormt man­ge and­re som kan­skje ville hatt stor gle­de av boka, sei­er Pihl.

Powered by Labrador CMS