Bok
3/2020

Faldbakkens «Vi er fem».
Moro, ja, men …

Ingen kan påstå at Matias Faldbakkens bøker manglar originalitet. Bygdeskildringa frå Hamar-traktene i vinnaren av «P2-lytternes romanpris» Vi er fem, er langt unna både Synnøve Solbakken og tradisjonell heimstaddikting. Her rår det den kjende Hamar-lyrikaren Rolf Jacobsen kalla «den tekniske verden», og det til gagns.

Jon Langdal

frilansskribent

Hovudpersonen Tormod har både ei prektig dagside og ei utsvevande nattside, ein Mr. Jekyll & Mr. Hyde. Etter kvart blir han likevel gift og får to barn. Kona Siv nektar han eit tredje, og kompromisset blir hunden Snusken, som altså blir femte hjul på familievogna. Men så forsvinn Snusken plutseleg, og dramatikken berre aukar. Ungdomsvenen Espen kallar fram nattsida hos Tormod igjen, og så startar dei ein galskap som består av ei blanding raudleire og kunstgjødsel, eit produkt dei så mistar kontrollen over. Uhygga byggjer seg sakte, men sikkert opp.

Faldbakken trekker vekslar på fleire litterære sjangrar og figurar. Her finn vi både litt traust, skiten bygderealisme, litt (tragikomisk) ekteskapsroman, litt (absurd) amerikansk forstadsskildring, ein porsjon science fiction og skrekkromantikk og ein dæsj bygdedyr. Mest av alt representerer boka ein renessanse for Frankenstein-motivet, ein allegori (biletleg forteljing) frå 1800-talet, ein dystopi om ein menneskeskapt ting som eser opp og blir ei sjølvstendig, truande makt. Høgdepunktet i sosial komikk er leirklumpens forvandling frå å vere uskuldig og nyttig gjenstand til å bli familiens og bygdas skrekk og gru.

«Bygda er ikke en dans på roser», heiter det på reflektert, antiromantisk vis på slutten av boka. Den ironiske omkalfatringa av tradisjonell bygdeskildring byr på både humor og satire, og er servert i eit sprelsk og til dels nyskapande språk; spenninga og typeskildringane gir lesaren upåklageleg underhaldning. Tormods verd er dominert av den yngre generasjonens datakultur, musikkdyrking av Metallica, Kill’em All etc. Ein tilårskomen lesar må gong på gong famle etter ei nymotens ordbok; vi høyrer om glitch, pepperrull, zipbag, powerday og responsive plastilinatyper. Tormod sjølv er lett gamaldags, «analog», ja, til og med ein «manuell» type. Og det går ei amerikansk dør frå kjøkkenet i familiehuset direkte ut i garasjen.

Vi kan likevel innvende at ei god miljøskildring får vi ikkje. I for stor grad er personane enkeltmenneske, med eit visst unntak for skildringa av sladdersentralen, der Siv og nokre venninner driv med «bygdefrisyre». Ikkje minst rår her ein postmoderne mangel på politisk eller ideologisk profil hos Tormod & co. Nokre kommunalpolitiske perspektiv kunne ha gitt eit meir konkret bilete av Råset-miljøet.

Det finst god grunn til å mistenke Faldbakken (som er konseptkunstnar ved sida av forfattarskapen) for å ha budd i USA. Overforbruket av framandord er påfallande, og dei er ofte infiserte av engelsk substantivsjuke. Til tider uttrykka klossete, så som «den informasjonen» og «en nesten rørende manifestasjon av slitenhet». Men når Snusken på stadens verkstadspråk er blitt «et oppheng», eit femte hjul på familievogna, er det utrykk for komisk talent.

Originaliteten, humoren og underhaldningsverdien av Vi er fem har gitt Faldbakken velfortent ros. Boka har gravlagt overlevde klisjear om bygda. Bra! Men om han har gjort oss særleg klokare utover det, er det grunn til å tvile på. Allegorien (Frankenstein-motivet) har neppe kraft til å engasjere oss til handling eller gi innsikt vi ikkje hadde frå før. Dei som trur at folk blir meir klima- og miljømedvitne av Vi er fem, må gjere det på eige ansvar.

Matias Faldbakken

Vi er fem
Forlaget Oktober 2019