Norsk bibliotekforening
4/2020

Skulebiblioteket – der alt startar

1. september feirar vi Nasjonal bibliotekdag. I år vil vi særleg rett merksemda vår mot skulebiblioteka.

Vidar Lund

Leiar av Norsk Bibliotekforening

Foto: Norsk Bibliotekforening

Norsk bibliotekforening oppfordrar alle bibliotek og alle bibliotekvener og -brukarar til å vera med og feire biblioteka som følgjer oss frå vi startar i 1. klasse og heilt til vi går ut av universitetet. Mange stader går skulebi­blioteka for lut og kaldt vatn, mens somme stader er det heldigvis både skule- og kommuneleiing som skjønar kor nyttig og bra skulebiblioteket er. Det er desse døma vi vil løfte fram, og syne kor viktige skulebiblioteka er for både å oppnå læringsmåla og for å gje ungane danning.

Det er ikkje mogleg å skrive ein leiar som går til nesten alle bibliotek i Noreg i 2020 utan å nemne co­vid-19 og alt det der. I skrivande stund verkar det som at samfunnet leitar etter eit balansepunkt. Korleis kan vi utsetje oss for så lite smitte som mogleg, samstundes som samfunnet ikkje stoppar heilt opp igjen? Då bibliotek-No­reg stengde ned, heilt utan sentrale påbod, snudde både Nasjonalbiblioteket og folke- og fagbiblioteka seg kjapt rundt. Korleis kan vi gje eit bibliotektilbod sjølv om dei fysiske dørene er stengde?

Vi har sett mange kreative løysingar på alle nivå, noko alle i bibliotek-Noreg kan vera stolte av. Vi har hatt be­still-og-hent-bibliotek/takeaway-bibliotek og enorm auke i ressursane til e-bøker og e-lydbøker, Nasjonalbiblioteket forhandla fram mellombelse avtalar med forfattarar og forleggjarar for visning på nb.no og mange bibliotek har satsa både på rettleiing og anna formidling og arrange­ment på nett.

Alt dette skal vi bruke Nasjonal bibliotekdag for å feire at vi har fått til. Men: vi skal òg bruke han til å hugse at det er ikkje pause frå politikken. No er det grunn til å frykte for at statusen til skulebiblioteka blir svekka i den nye opplæringslova. Marker bibliotekdagen over alt den 1. september, og bidra til å setje bibliotekpolitikk på dagsorden.