Utgave: 4/2020

Er det grenser for kven som skal få møtast på biblioteket?

I vår har debatten gått høgt om det, etter at Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) ville låne lokale av Deichman.

Skjermbilde fra noen av innleggene som gikk på www.bokogbibliotek.no i vår.
Bibliotek

Mykje av nettsidene til Bok og Bibliotek har dei siste månadane dreia seg om éin ting: Debatten kring SIAN sitt planlagde årsmøte i lokale leigd på Deichman Majorstua.

Biblioteksjefen sa ja. Det protesterte professorar, dei tilsette og ein god del av folk flest på sosiale medium mot. Så sa biblioteksjefen nei i siste liten, med grunngjeving i sikkerheitssituasjonen. Motstandarane var glade, SIAN-leiaren kjente seg knebla. Kort tid etterpå fekk han likevel ein talarstol på Deichman, då han var invitert (som einaste i det offentlege programmet) til å snakke under eit arrangement av Selvstendighetspartiet. Det vart avlyst på grunn av koronasituasjonen, men debatten gjekk vidare.

I ordskiftet som har følgt, er ueinigheitene mange. Er ytringsfridomen absolutt i biblioteka, eller går grensa ved ein organisasjon der leiaren er dømd for hatytringar, eller der innhaldet vert opplevd som rasistisk? Skal omsynet til tilsette som kjenner seg støtt og trua av ein anti-muslimsk organisasjon gå føre ytringsfridomen til den anti-muslimske organisasjonen? Kva gjer det med ryktet og truverdet til biblioteket når denne typen organisasjonar brukar det til sine arrangement? Og kva skjer med redaktøransvaret til biblioteksjefane når dei leiger ut lokale til eksterne aktørar?

Forkasteleg

Fleire av dei som meiner SIAN må få sleppe til på biblioteket lener seg på at lova seier at ytringsfridomen er for alle, så lenge dei held seg innanfor lovverket. På spørsmål om han har endra syn i løpet av debatten, svarar biblioteksjef på Deichman, Knut Skansen, dette:

– Spørsmålet føreset at dette handlar om kva biblioteksjefen meiner, og at det er eit stort handlingsrom for biblioteksjefen. Eg har stilt spørsmål ved realiteten i eit slikt handlingsrom ut frå lovverket. Anine Kierulf (jurist og ekspert på ytringsfridom red.anm) peiker i eit intervju med Bok og Bibliotek på det same: at ein ikkje kan nekte nokon tilgang med å vise til lova. Eg har heile tida meint og meiner framleis at ytterleggåande organisasjonar av denne typen forfektar meiningar som er forkastelege, men det legitimerer sannsynligvis ikkje at ein biblioteksjef kan vedta ei generell utestenging.

Men det er ikkje motstandarar som Joron Pihl og Ragnar Audunson med på. Dei meiner biblioteksjefane har moglegheit til å seie nei til grupper som står for det motsette av det biblioteket står for, då ytringsfridomen deira står i strid med bibliotekslova.

– Eg trudde nesten ikkje det var sant, og opplevde det som veldig i strid med det som er biblioteket si kjerneverksemd og verdiar, fortel professor emerita ved OsloMet, Joron Pihl, om reaksjonen då ho fekk høyre om det planlagde SIAN-årsmøtet på Deichman.

Reaksjonen vart til det fyrste debattinnlegget (i Klassekampen og så i Bok og Bibliotek) i mai, og startskotet for debatten som følgde. Pihl gjekk hardt ut mot Deichman, som let filialen på Majorstua vere arena for årsmøtet til den islamkritiske organisasjonen. Debatten har overraska ho.

– Eg hadde trudd det ville vere lettare å vere einige om at biblioteka skal vere rasismefri sone. Eg er overraska over kor sterk viljen til å beskytte rasistar og nynazistar sin ytringsfridom er, når den samstundes går ut over tilsette og brukarar sine rettar, seier ho.

Inkludering versus ytringsfridom

Professor Ragnar Audunson meiner biblioteksjefane står i ein posisjon der biblioteket si lovpålagte rolle som inkluderingsarena og formidlar av kunnskap må vegast mot besøkande organisasjonar sin ytringsfridom.

– Det skal sjølvsagt veldig mykje til før ein nektar ein organisasjon i sivilsamfunnet å bruke biblioteket. Vil dei demonstrere på torget er sikkerheita det einaste omsynet til om dei får lov eller ikkje. Men på biblioteket er det meir, dei må også ta omsyn til kva konsekvensar det får for rolla dei har for å fremje kunnskap og likeverd, integrering og inkludering. Det går imot dette å opne for nokon som meiner nokre grupper ikkje høyrer heime i det norske samfunnet, seier han.

For han er det omsynet til biblioteket si samfunnsrolle som er det viktigaste i saka, ikkje berre til dei tilsette og om nokon kjenner seg krenka. I eit debattinnlegg ber Audunson også om at biblioteksjefane tek større del i offentlegheita.

– Eg trur biblioteksjefane treng ei grundigare og meir nyansert refleksjon over kva rolla som offentlegheitsinstitusjon inneber, og kva den skal vere i ulike kontekster.

Joron Pihl meiner biblioteksjefar skyv jussen og ytringsfridomen framfor seg i denne typen avgjerder.

– Biblioteka bør ta eigne avgjerder, ikkje berre lene seg på juridiske vurderingar. Dette er også biblioteksfaglege og politiske vurderingar. Jussen er uansett open for tolking, Det vert tydeleg i debatten. Alle er einige i at biblioteksjefane har redaktøransvaret, men ein er ueinig om korleis dei forvaltar det. Verdispørsmålet er om kvar lojaliteten skal ligge. Biblioteksjefane si lojalitet burde jo ligge hos biblioteket sjølv, hos dei tilsette brukarane, og at det er eit demokratisk rom for dei. Den burde ikkje ligge hos nokon som eksplisitt spreier hat og rasisme, men det er det som skjer når ytringsfridomen som prinsipp er det som går framfor alt anna, seier ho.

Det store spørsmålet endar opp med å vere om ytringsfridomen er absolutt, alltid, eller om redaktøransvaret til biblioteksjefane gir dei moglegheit til å nekte nokre ytringar i biblioteket.

– Sentrale aktørar set ytringsfridom framfor alle andre prinsipp, også når den vert brukt til å spreie hat og å avgrense andre sin ytringsfridom. SIAN spreier hat mot muslimar, om dei får gjere det på biblioteket, er det truande mot muslimske brukarar og tilsette sin biblioteksbruk og eksistens, og det avgrensar deira ytringsfridom. Då viser det seg at forsvaret for ytringsfridom i denne saka er partisk, det blir eit forsvar for rasistar og nynazistar på bekostning av individ og grupper som er offer for deira hatytringar og trugsel, til dømes muslimar, seier Phil.

Skjermbilde fra noen av innleggene som gikk på www.bokogbibliotek.no i vår.

Vanskeleg utleige

No er biblioteka opne att etter koronastenginga, og medan klorofyllet forsvinn frå trea, vert bibliotekstimeplanane fylt opp. Skal det vere rom for at organisasjonar som er uttalt kritiske og skeptiske til grupper i samfunnet, skal få bruke biblioteka til sine arrangement? Det er det sterk ueinigheit om.

Eg har begynt å helle mot at biblioteka kanskje ikkje bør la andre aktørar drive opne arrangement i deira lokale, seier Vidar Lund, som i løpet av debatten fekk tittelen leiar for Norsk Bibliotekforening.

For å utdjupe deler han biblioteksarrangement i tre: Biblioteket sine eigne arrangement, der dei inviterer gjester og har ansvaret for innhaldet. I tillegg er det opne arrangement der andre aktørar er arrangørar, noko mange bibliotek har lange tradisjonar for, med til dømes arrangement av historieforeiningar eller mållaga. Den tredje varianten er lukka arrangement av eksterne aktørar, der biblioteket står for utleige av lokale til eit møte eller anna for spesielt inviterte.

– Eg opplever at nokre snakkar litt forbi kvarandre i debatten. Eit arrangement er ikkje alltid eit arrangement. Det er ikkje så enkelt at nokon berre kjem til lokalet og held arrangementet dei har avtale om. Det har vore praksis mange stader, men det bør ein kanskje ikkje fortsette med, seier Lund.

Han er tydelig på at biblioteka må ta ansvar for det som skjer hos dei.

– Kanskje må ein behandle arrangørar ulikt, om ein opplever at nokon ikkje er til å stole på, og til dømes reklamerer for eit arrangement til tross for at det var avtalt å vere eit lukka medlemsmøte. Ein må vurdere om ein treng ekstra folk på jobb i tilfelle det vert bråk, eller om ein skal kontakte politiet.

Her ser han eit skilje mellom dei to omdiskuterte arrangementa på Deichman. Årsmøtet til SIAN var for medlemer av organisasjonen, altså eit lukka møte i leigde lokale.

– Om me fyrst låner ut til medlemsmøter og den slags, kan me ikkje forskjellsbehandle. Eg hadde nok følt at eg måtte leige ut til SIAN, eg også, om dei ville ha årsmøte i biblioteket, og andre fekk ha det. Så får ein heller vere til stades og eventuelt melde det til politiet om det er ekstreme utsegn. Kor attraktiv ein vert då, blir jo eit anna spørsmål, men det får så vere.

Men arrangementet som Selvstendighetspartiet hadde planlagt på Deichman etter at årsmøtet vart avlyst.

– Det er eit møte eg ikkje ville ha latt nokon hatt på mitt bibliotek utan å vere medarrangør. Men spørsmål er kva avtalen med biblioteket var. Medlemsmøte eller lånt lokale til å gjere kva som helst?

Selvstendighetspartiet sitt arrangement vart lagt ut offentlig på Facebook og er tilsynelatande ope for alle som melder seg på via e-post. Det seier Skansen at ikkje var det biblioteket sa ja til.

– Det var på same måte som SIAN sitt møte eit lukka møte for medlemer, men me erfarte at dei endra programmet og gjekk ut med det som eit offentleg møte. Dette gjekk imot retningslinjene våre, og dersom det ikkje hadde blitt endra, ville møtet ha blitt avlyst innanfor regelverket på Deichman, seier han.

Ikkje fyrste gongen

Både Lund og Skansen påpeikar at dette er debattar ein har hatt før på biblioteka. Lund seier seg overraska over at dette har blitt så stort denne gongen, etter den omfattande diskusjonen som gjekk då biblioteket i Kristiansand sa nei til eit ope debattarrangement av akkurat SIAN i 2014, og saka vart klaga inn til Sivilombudsmannen. Der vart det konkludert med at biblioteket si grunngjeving for avslaget, at arrangementet ikkje var i tråd med verdiane til biblioteket og kommunen, ikkje var god nok. Biblioteket måtte vurdere saka på ny, og det enda med eit arrangement der biblioteket tok regi og inviterte dåverande SIAN-leiar Arne Turmyr. Og det har vore fleire slike debattar, Skansen meiner me no ser at samfunnsdebatten elles påverkar denne omgangen.

– Ordskiftet internt i sektoren har endra seg dei siste åra. Ytterleggåande organisasjonar har leigd rom i biblioteka i fleire år. Det har alltid blitt diskutert, men ikkje med det omfanget me har sett no. Det syns eg er positivt. Årsaka er nok at denne saka er ein del av eit større offentleg ordskifte om identitet, rasisme, ytringsfridom og kvar grensene skal gå for kva me skal tåle av kvarandre sine ytringar i det offentlege rom, seier han.

På Deichman skal dei utarbeide nye retningslinjer for korleis dei skal stille seg til denne typen spørsmål framover, og om kva politikk dei skal ha rundt arrangement av eksterne aktørar.

I saka i Kristiansand, uttalte Sivilombudsmannen at dei ikkje kunne nekte med grunnlag i verdiane til biblioteket, men skriv likevel at biblioteka må ha rom for skjønn. I ei vidare grunngjeving skriv dei at «En forutsetning for at bibliotekene skal kunne bidra til en offentlig samtale og debatt, er at alle lovlige ytringer får slippe til, ikke bare de som ligger innenfor kommunens eller bibliotekets verdier.  Bibliotekene må nok ha et visst rom for skjønn i situasjoner der det er snakk om fremsette ytringer som grenser mot det straffbare og som vil oppfattes som grove krenkelser, ikke minst for andre brukere av biblioteket. En generell henvisning til at en organisasjons formål er i strid med kommunens verdier – slik som det er gjort her – kan imidlertid ikke være tilstrekkelig.» Difor veit ein heller ikkje kva Sivilombudsmannen ville ha svart om biblioteket til dømes grunna avslaget sitt med å vise til biblioteksforskrifta eller til omsynet for eigne tilsette og andre brukarar.

Kvardagen viktigast

Lund meiner diskusjonen om å la andre ha arrangement på biblioteka må takast, og det er ikkje berre i for denne typen saker.

– Mange kan bomme, om det er invitert nokon som forfektar alternativ medisin kan det gå imot biblioteket si plikt til å vere kunnskapsbasert, til dømes. Det er lurt å vere bevisst på kva ein knyter biblioteket sitt namn og rykte til, det gjeld ikkje berre rasisme, seier Lund.

– Ein skal sleppe alle til, men i ein redaktørstyrt setting, fortset han.

For han er det viktig å påpeike at antirasisme er noko biblioteka må jobbe med kvar dag.

– Slike saker som dette kjem opp ein gong i blant, det er endå viktigare at biblioteka jobbar med å ha klare rutinar på å fange opp det som skjer i biblioteksrommet i kvardagen. At ein slår ned på kvardagsrasisme og rasistiske ytringar mellom brukarar eller mot tilsette. Det er slik ein skapar eit trygt og inkluderande bibliotek, der ein også kanskje kan tole at det er medlemsmøter i organisasjonar som forfektar eit heilt anna syn i lukka rom, seier Lund.

Powered by Labrador CMS