Utgave: 5/2020

Bibliotek = politikk

«Ingen kommer undan politiken för att man är servil och snäll» song Marie Bergman i 1976. Det var sant då, og det er framleis sant.

Norsk bibliotekforening

I haust har vi fått sjå mange døme på at bibliotek er politikk. I samband med statsbudsjettet var vi i NBF-lei-inga innom 5 stortingskomitéar, som alle hadde noko med bibliotek å gjera. Bibliotek er kultur, kommuneøkonomi, kommunikasjon og digitalisering, helse og ikkje minst utdanning. Det er politikk. Mykje av aktiviteten vår er heimla i lover og reglar. Det er politikk. Ingen bibliotek får gjort jobben sin utan ressursar, det vil seie pengar. Det vil seie politikk.

Samstundes er dei fleste bibliotekarane og bibliotekleiarane plassert i ein byråkratisk organisasjon. Vi er under ein kultursjef eller ein kommunalsjef, under ein avdelingsleiar på skulen eller under ein universitetsdirektør. Her skal vi følgje linja: forhalde oss til dei ressursane vi blir tildelt, kutte med minst mogleg skade for brukarane og tilsette og utvikle innanfor rammer andre har vedteke.

Er det noko denne hausten har vist, er det at kommu-ne-Noreg er variert. Somme kommunar har gjort vedtak om nye bibliotek- og kulturbygg og satsar skikkeleg. Oslo har endeleg fått opna Deichman Bjørvika med heilt van-vittige besøkstal trass covid-19. Mens Tromsø og Stavan-ger opplever framlegg til store kutt! Alt dette er politikk. Det er inga naturlov som seier at biblioteket skal kuttast like mykje som andre – eller meir enn andre som nokre døme viser.

Det er i ein slik budsjetthaust at alliansebygginga viser seg viktig. Det er så mange døme på kva biblioteket kan bidra med i lokalsamfunnet, både internt i kommunen og for meir eksterne aktørar. Vi stiller med lokale for lag og organisasjonar, vi samarbeider med helsetenestene og skulane, vi arrangerer saman med bokhandlaren, vi har lesestunder for barnehagane, lesestimulering for skulane – ikkje noko av dette kjem av seg sjølv. Det kjem av kompetente bibliotek med tilstrekkelege ressursar.

Vi må sjølvsagt innrømme at ingen døyr dersom biblioteket må kutte litt. Men norske kommunar er faktisk ikkje på det nivået. Bibliotektenesta er utruleg billig med tanke på all folkehelse, kunnskapsformidling, kulturopp-levingar og innovasjon ho kan bidra med. Vi må hamre inn at eit kutt i bibliotekbudsjettet monnar utruleg lite i kommunebudsjettet, men får store konsekvensar for folk som får ei mindre tilgjengeleg bibliotekteneste. Når du les dette er det i budsjettinnspurten i dei fleste kommunane. Ta kontakt med din politikar og støtt opp om folkebiblio-teket og skulebiblioteka i kommunen!

Powered by Labrador CMS