Utgave: 5/2020

Meir frå den skrivande bibliotekar

I alle år har ho funne bøker for andre. Etter at ho blei pensjonist, starta ei ny tid for Marit Olaisen.

Norsk bibliotekforening

I desse dagar kjem ho ut med si andre skjønnlitterære bok, novellesamlinga

«Åleine», men det starta med «Inn i løynde rom» i 2019 og kva rom var det? Biblioteket, sjølvsagt.

– Jeg husker at søsteren min og jeg måtte vaske opp annenhver dag. Da hadde jeg en bok liggende på bordet slik at jeg kunne lese mens jeg vasket opp, sa Marit Olaisen til avisa Hadeland da boka kom ut.

– Jeg satt ofte i sofaen med en bok i fanget, helt til mamma sa jeg måtte komme meg ut.

Kanskje kjenner du lukta av folkebibliotek allereie i omtalen?

«Desse novellene handlar om livet

i og rundt norske folkebibliotek frå 1950talet til omkring tusenårsskiftet. Dei tek oss med inn mellom bokhyllene, inn bak skrankane, ned i dei mørke, støvete kjellarmagasina, og inn i veremåtane og tankane til bibliotekarbeidarane: Den unge, uerfarne praktikanten, den pedantiske biblioteksjefen, den strenge, pirkete lesesalbibliotekaren, den kantete, asosiale, mannlege bibliotekaren, og dei andre meir eller mindre særeigne personane som held seg der inne mellom bøkene.»

Marit Olaisen (f. 1946) er frå Jørpeland i Ryfylke, har gått på Statens Bibliotekhøgskole og studert Folkloristikk og Nordisk språk og litt eratur. Ho har arbeidd ved Stavanger bibliotek, ved Kolding bibliotek i Danmark, og ved Rana bibliotek. Dei siste førti åra har ho budd på Hadeland, der ho arbeidde ved Gran bibliotek, Jevnaker bibliotek, Lunner bibliotek, og ved Roa videregående skole. Frå før har ho skrive «Lunner bibliotek 1911–2011. Hundre års historie».

Powered by Labrador CMS