Utgave: 1/2021

Korleis måle bibliotekøkonomi?

Eg må innrømme at då eg fekk spørsmål om eg ville svara på Svein Arne Tinnesand sitt innlegg i same nummer av Bok og Bibliotek, vart eg i tvil. For deg som berre les Bok og Bibliotek på papir og ikkje heng med på nettdebatten, må innlegget verke lausrive. For meg ser det ut til at innlegget frå Tinnesand kjem av at eg var litt lettvint i overskrifta i nettdebatten. «Jo, folkebiblioteka får mindre pengar» skreiv eg på nett. Innlegget mitt handla heile vegen om per ibuar. Det kunne gjerne stått i overskrifta òg. Mea culpa.

Portrettet

For å starte i ein ende: står det elendig til i folkebiblioteka? Generelt: Nei. Nokre få har godt med ressursar, dei fleste har OK, men i eit fåtal kommunar er det dårlege tider for folkebiblioteka. For tida er det minst 2-3 kommunar som ikkje har ei fungerande folkebibliotekteneste. 32 kommunar rapporterte 10 timar eller færre timar opningstid med tilsette i 2019. 3 rapporterte 0 timar opningstid med tilsette. Dette fåtalet påverkar i liten grad totaltala. Der er vi samde. Norske folkebibliotek gjer ein kjempejobb ut frå dei midlane dei disponerer. Kunne biblioteka fått til meir med betre økonomi? Javisst, berre sjå til særleg våre danske og finske kollegaer. Dit kjem vi ikkje på mange år, det er det nok både kulturelle og økonomiske årsaker til.

Ny lov om folkebibliotek og nasjonal bibliotekstrategi har vore med på å gje eit løft. Folkebiblioteklova av di ho gav større tyngd til ein del av arbeidet som har lange tradisjonar i biblioteka men ikkje har vore lovfesta: møteplass-, arrangements- og debattfunksjonen. Nasjonal bibliotekstrategi av di Nasjonalbiblioteket både har fått større ansvar for fellesfunksjonar (t.d. gratis metadata) og av di det har fylgt med pengar frå spelemidlane til arrangement i folkebiblioteka. Med biblioteksjefar og andre bibliotektilsette som er gode til å løfte seg etter håret er det lett å sjå mange suksesshistorier! Alle som har site i juryen for «Årets bibliotek» kan stadfeste at det finst mange fantastiske bibliotek i Noreg!

Men til eit av poenga i Tinnesand sitt innlegg i dette nummeret. NBF anno 2018 blir kritisert for å ha gitt feil tal til SV om utviklinga av netto driftsutgifter til folkebibliotek per ibuar i perioden 2010-2016. Eg har ikkje sett reknestykket som vart presentert for snart 3 år sidan, men vil oppmode Tinnesand til å ta sine eigne deflatorjusterte rekneskapstal i 2010 og 2016 og dele dei på talet ibuarar dei to åra. Ut frå tala han sjølv brukar i innlegget gjekk netto driftsutgifter ned med 33 kr per ibuar i perioden. Meir enn det SV viste til. Årsaka? På dei åra auka folketalet med over 7 %! Det var det eg skreiv om i mitt innlegg. Sjølv om eit bibliotek har like mange kroner på budsjettet frå eit år til anna og får justert for løns- og prisvekst (deflatoren), kan det opplevast trongare. Pengane skal fordelast på fleire. Truleg gjekk det potensielle bibliotekbrukartalet opp endå meir enn 7 %, sidan den største delen av folkeveksten kom gjennom innvandring, ikkje fødselsoverskot. Altså fleire i bibliotekbrukaralder.

Les eg Tinnesand sitt innlegg i dette nummeret, får eg inntrykk av at utgifter per ibuar ikkje er viktig i det heile. Der er eg nok meir samd med Tinnesand i førre nummer av Bok og Bibliotek. Der skreiv han nemleg:

«Det andre tallet [enn totalt netto driftsutgifter, min merknad] som er viktig når utviklingen skal måles, er bevilgningene per innbygger. Blir det mer eller mindre penger til bibliotek per innbygger?»

Og det var altså det eg var samd i då eg skreiv innlegget som ligg ute på Bok og Bibliotek sine nettsider.

Som sagt: vi har drivande dyktige tilsette i norske bibliotek som er gode til å snu på kvar ei krone. Automatisering er med og effektiviserer bibliotekdrifta. Heldigvis har Tinnesand rett i at den negative utviklinga så langt stoppa i 2015 og det har vore ei lita opphenting sidan, sjølv om økonomien både totalt og per ibuar ikkje er tilbake på 2014-nivået enno. Ein av grunnane til opphentinga kan vera nettopp spelemidlane og nasjonal bibliotekstrategi. Når staten satsar på bibliotek og gjer tilskot mykje meir tilgjengeleg, er det vanskelegare både for kommunedirektørar og politikarar å kutte! Likevel: Eg er veldig spent på kva konsekvensar kommunereforma får, særleg frå 2021. Eg trur løftet frå 2015 kan vera med og understreke det Norsk Bibliotekforening har stått for i mange år: det trengst eit statleg løft for biblioteka, det vil bidra til å styrkje folke- og skulebiblioteka i kommunane. Nasjonal bibliotekstrategi er eit steg i rett retning.

Powered by Labrador CMS