Utgave: 1/2021

«Kunnskap skal styra rike og land»

Det skreiv A.O. Vinje i Dølen i 1859. Vinje var ein av dei store folkeopplysarane på 1800-talet, som diktar, målmann, journalist, redaktør og organisasjonsmann.

Norsk Bibliotekforening

På mange måtar eit ideal å strekkje seg etter, om ikkje anna på grunn av ei viktig side av han: tvisynet. Evna til å sjå fleire sider av ei sak. Gråte med det eine auga og le med det andre, som han sa det sjølv.

Ei merkeleg innleiing til ein leiarteig i eit bibliotekblad, kan hende? I skrivande stund er det rett etter opptøyane og okkupasjonen av Capitol Hill i Washington D.C. Svorne Trump-tilhengjarar som trur på løgnene som er spreia gjennom sosiale media i årevis, braut seg inn og prøvde å hindre den endelege stadfestinga av resultatet i president-valet. Kva kan vera grunnen til at det gjekk så gale? For same kor perverst det såg ut med pøbelen som invaderte Capitol, var truleg dei fleste som var der overtydde om at dei gjorde det rette for å berge landet frå valjuks.

To viktige ord her: kjeldekritikk og informasjonskompetanse. Dei som var overtydde om «massive fraud» hentar informasjonen frå kjelder som rett og slett lyg. «Alternative facts». Eg såg intervju med ei kvinne på CNN under demonstrasjonen. Ho vart spurt om kvifor ho meinte at valresultatet var feil, når både domstolar, delstatar og media hadde stadfesta det. Jo, ho hadde lese det på Internett. No er kjeldekritikk og informasjonskompetanse vorte meir og betre integrert i skulen gjennom Fagfornyinga. Det er bra! Likevel: det kjem til å ta si tid føre alle har vore gjennom den opplæringa. Vi har i alle år sagt at biblioteka har ei rolle i kjeldekritikk og informasjons-kompetanse, både i folke-, skule- og fagbibliotek. Det er heilt rett, men kor mange av oss kan med handa på hjarta seie at det er ei oppgåve mitt bibliotek klarer å prioritere? Særleg i folkebiblioteka vil det vera utfordringar. Det er heller ikkje særleg prioritert i Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2024. Mange bibliotek er med på Digihjelpa, eit kommunalt tilbod om digitale ferdigheiter. Somme stader er servicekontoret ansvarlege, andre stader biblioteket. Same kva – biblioteket bør melde seg til teneste og bidra. Dette skal vera ein del av kjernekompetansen vår, då er det ikkje nok å henge opp plakaten frå IFLA om «Oppdag falske nyheiter» – sjølv om det hjelper litt.

Senja bibliotek er eit godt døme, med prosjektet «Folkehelse-biblioteket» der dei la vekt på kjeldekritikk og informasjonskompetanse. Vi må lære av kvarandre!

Kunnskap skal styre. Samstundes må demokratiet byggje på ei samkjensle både i landet og med verda. Difor skreiv ikkje Vinje berre nasjonalromantiske dikt, men ei politisk perle som «Nasjonalitet»: «Vi meina og tru det gjævaste er / å vera ein Noregs mann. / Ja, denne heimen oss fyrst er kjær; / men vita vi må, at den store verd / er berre vårt store fedreland». Internett og sosiale media har verkeleg opna for dette i teorien. Biblioteka si rolle kan vera og byggje denne verda i praksis.

Powered by Labrador CMS