Utgave: 1/2021

Pris for lang og «utru teneste»

Aktivisten Anders Ericson fekk NBF-prisen for 2020 og bloggen Bibliotekettarsaka. – Eg får den vel for lang og utru teneste? spør han.

Norsk Bibliotekforening

Han kjem til heimebiblioteket i Rygge i utkanten av Moss by med ryggsekk, tursko, turtøy, klede som er lette å bevege seg i. Når 69-åringen går herifrå, skal han fylle sekken med eit sett prydbollar frå Georg Jensen, sjølve stadfestinga av at han har fått Norsk Bibliotekforenings pris for 2020. Lyset går fort ned utanfor vindauga. Det er seint i desember. 2020 var året der enkelte ting tok svært lang tid:

– Eg ligg lågt. Det er alvorleg sjukdom i nærmaste familie, og eg har ikkje vore i Oslo siden 8. mars. Da var det ein konferanse på Oslomet. Nei, no er eg «berre heime». Det vil seie, eg går jo mykje rundt her ute, seier Anders Ericson.

Med bok på øret?

– Ja, faktisk. Den tredje boka i trilogien til Klas Östergren. På Storytel. Ikkje BookBites, men eg nyttar bibliotekløysingane av og til. Skjønnlitteratur på papir låner eg ikkje meir, kun sakprosa.

Av det meinande slaget

«Anders Ericsons engasjement som bloggar for nettopp biblioteksaka manglar sidestykke, både i frekvens og kvalitetet. Ein tydlegare frontkjempar for biblioteka finst knapt. Mest kvar dag har Anders eit nytt innlegg på bloggen sin, som han igjen har delt på biblioteknorge-lista. Og det skal leggast til at til glede for denne avtroppande NBF-leiaren, har han no gått over til å skrive konsekvent på nynorsk», skrev Mariann Schjeide i sin tale, og vi ser at talen er blitt «gammel»: Mariann Schjeide var leiar i NBF og Nasjonalbiblioteket dreiv framleis biblioteknorge-lista.

– Eg er nok ein ny type prisvinnar. Eg får han nok for lang og utru teneste? Dei som følger bloggen veit nok at eg ikkje alltid går i takt. Da eg jobba i NBF som redaktør av Bibliotekforum frå 2004 til 2014, intervjua eg ein del av forfattarane som var involvert i bibliotek. Sven Lindqvist, Jan Myrdal. Ikkje minst hadde Lindqvist avanserte idear om CD-ROM på ei tid der dei færraste hadde høyrd om internett. Dag Solstads samla verker kom på CD-ROM og var søkbar på same måte som Bokhylla hos NB i dag, men CD-ROM hadde mykje betre skjermbilete. Vel, det var ei avsporing, men i Bibliotekforum følgde eg redaktørplakaten og fekk ha min vinkel og mine kommantarar. Eg er jo av det meinanade slaget. Eg kjenner igjen det antiautoritære som ein tidlegare NBF-leiar, Trond Minken, snakkar om.

«Jeg er av det menende slaget» er eit sitat frå Else Granheim, direktør i Statens Bibliotektilsyn der Ericson jobba frå 1981-1999. Før det var han bibliotekar på Sagene og i Vestby, ingen av stadane er utprega nynorskbastionar: Skriftspråket var noko Ericson fann fram til sjølv etter oppvekst på Strømmen. Gullalder?

Er det ein gullalder for biblioteka, slik nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre hevdar?

– Det blir bygd fleire bibliotek og det tydar jo på at politikarane har sans for det. Sir Myhre seier også at det går fleire på biblioteket enn på kamper i eliteserien i normale år, men det er vel ikkje gull alt som glimrar. Før korona reiste eg på eit fem dagars raid i Norge og Sverige og var innom bibliotek på småstadane og eg såg ikkje gullalderen der. Opningstidene og fagkompetansen … eg veit ikkje. Alle gjer sitt beste, men kveldsope ein kveld i veka er ikkje mykje å tilby folk. Meirope er jo eit tilbod nokre stadar. Eg har lyst til å undersøke om meirope gjer at kommunane slappar av på bemanninga. Følg med på bloggen, dette må eg sjå på, seier Anders Ericson.

Før korona reiste eg på eit fem dagars raid i Norge og Sverige og var innom bibliotek på småstadane og eg såg ikkje gullalderen der.

Kva gjer kommunesamanslåingar?

– Kvar femte nordmann budde i 2019 i en kommune med under 15000 innbyggarar, så kvar femte nordmann opplever nok ikkje nokon gullalder i biblioteket. No skal det bli spennande å sjå på kva biblioteka får ut av kommunebudsjetta. Eg forstår jo at helse, omsorg og skule vil vere viktig når samfunnet skal opp og gå igjen.

Kva trur du korona har gjort med folks forhold til biblioteket?

– Biblioteka var jo for det meste stengde frå mars til mai med nokre unnatak, så det blir spennande å sjå om vanane til folk er forandra. Det er mykje som bør undersøkast grundig, for pandemiar og smitte kjem til å kome igjen.

Powered by Labrador CMS