Utgave: 1/2021

Koronapandemien avlyste praksis, kva var alternativet?

Dei aller fleste bibliotek blei stengde og tilsette vist til heimekontor. Kva skulle bibliotekarstudentane på første år få i erstatning?

Bibliotek

Då mesteparten av Norge stengde i mars 2020 påverka dette heile samfunnet. Universitet og høgskular flytta undervisningsaktivitetane over på digitale plattformar over natta. For profesjonsutdanningar med praksis vart det fort klart at vårens praksis blei vanskeleg å gjennomføre. I nokre helserelaterte utdanningar kunne dei ordne det med å la studentane få omgjort deltidsarbeid som praksis. Dei aller fleste bibliotek blei stengde og tilsette vist til heimekontor. Kva skulle bibliotekarstudentane på første år få i erstatning?

Erfaringar

Eit mål med praksis er å bli kjend praksisfeltet som for det meste er bibliotek, men kan og vere andre informasjonsforvaltande verksemder som Wikimedia, Store norske leksikon, forlag og liknande. Valet fall på at dei skulle gjennomføre ei undersøking. På den måten skulle studentane bli kjende med eitt spesielt bibliotek og korleis koronapandemien påverka deira tenester og kommunikasjon med sine brukarar. I tillegg kunne vi legge til rette for studentaktiv undervisning og forsking.

På bibliotekarutdanning har vi hatt to praksisperiodar i fleire tiår. Første praksisperiode er meint å gje studentane innsikt i ein sektor ved å delta i det daglege arbeidet i biblioteket. Dette vil sjølvsagt varierer frå bibliotek til bibliotek: Olav som får praksis på eit lite folkebibliotek med to tilsette og redusert opningstid. Kari får sin praksis i eit stor universitetsbibliotek med mange avdelingar og der dei fleste har spesialiserte oppgåver. Sana får sin praksis i eit fylkesbibliotek. Variasjon i praksis kan både vere ei utfordring, men og ein rikdom vi kan nytte når studentane er tilbake på campus. Då kan vi nytte dei ulike erfaringane i faglege diskusjonar.

Undersøking

Sidan vi ikkje kunne sende studentane ut i praksis måtte vi finne ein alternativ måte å oppfylle måla i læringsutbyttebeskrivelsen. Alternativet vart at studentane skulle hente inn data gjennom eit spørjeskjema utarbeidd av oss på ABI. Kvar student fekk ein kontaktperson på eit bibliotek rundt omkring i heile Noreg. 102 bibliotek deltok i denne undersøkinga# Resultat frå studentane si undersøking av biblioteka er ikkje publisert pr 6.1.21. Gjennom datainnsamlinga blei studentane kjend med ‘sitt’ bibliotek: organisasjon, brukargruppe og tenester. Det var naturleg å knytte dei faglege spørsmåla til korleis biblioteket innretta seg etter stenging. Korleis kommuniserte biblioteka med sine brukarar umiddelbart etter 12. mars, kva tilbod blei det lagt vekt på i første fase av nedstenginga osb. Studentane samla inn døme på meldingar, innlegg i sosiale medium mm og delte dette med medstudentar. Neste steg var å skrive eigne vurderingar av bibliotekets tenester og brukargrupper og samanlikne med kva andre bibliotek gjorde. Data frå denne undersøkinga dannar grunnlag for eit større forskingsprosjekt på ABI – ‘Biblioteket under korona’.

Sidan dette var ei ad hoc-løysing var det ikkje mogleg å tilretteleggje for eit undervisningsløp kor vi kunne førebu studentane både på innsamling av data og god innsikt i metode. Det vart heller ikkje god til å førebu biblioteka på det. Heldigvis stilte mange bibliotek opp på denne ekstradugnaden.

God støtte

Det var sjølvsagt leit at studentane ikkje fekk komme ut i praksis og møte bibliotekarar, bibliotek og deira brukarar. I etterkant av opplegget ønska vi å finne ut korleis studentane opplevde dette og om opplegget ga eit visst læringsutbytte. 60 av 103 studentar deltok i denne undersøkinga.

Eit stort fleirtal av studentane meinte at de ferdig utarbeidde spørjeskjemaet var godt å støtte seg til og det hjalp mange til å stille spørsmål dei ikkje hadde tenkt på sjølve. Likevel meinte litt over halvparten at de kunne fått same informasjon på eigenhand i ‘Noen grad’. Godt over 90% meinte det fungerte som eit godt verktøy å bli kjend med sektoren. Ein kommenterer det slik: Jeg synes at det var en fin måte å lære mer om slike bibliotek, og hva slags tiltak som ble prioritert hos dem under korona-utbruddet.

Dei aller fleste studentane (85-93%) opplevde at kontaktpersonen «I stor grad» var imøtekommande, tolmodig, ga god rettleiing og forklarte godt. Dette er forøvrig ei tilbakemelding vi ofte får frå studentar i praksis. På den andre sida var det nokre studentar som melde at det var ubehageleg å samle inn data på denne måten.

Lært mykje

Eit av måla med undervisning i faget Bibliotek og samfunn er å bli kjend med bibliotekets samfunnsansvar, mandat, kva lovar som styrer bibliotekets oppgåver og bibliotekets organisasjonsstruktur. Dette er tema som er handsama i faget Bibliotek og samfunn og var tema i andre deler av arbeidskravet ‘Alternativ til praksis’.

Sidan studentane skulle undersøke korleis biblioteka kommuniserte med sine brukarar og om kva tenester dei tilbydde, er funna svært positive. I tabellen under ser vi at studentane meiner at dei lærte mykje om bibliotekets kommunikasjon med brukarane. Dei vart litt overraska over å sjå det mangfaldet av kommunikasjonskanalar som er i bruk. Her fekk dei erfare at utanom Facebook og læringsplattformar er plakatar, oppslag i aviser mm viktige kanalar for å nå ut til brukarane. Gjennom eigen datainnsamling fekk dei brei kjennskap til både bibliotekets tenester og dei ulike brukargruppene.

Studentane hadde kontakt med mange ulike bibliotek og for nokre av dei var ikkje alle spørsmåla like relevante. Mange opplevde nok at undersøkinga var retta mot folkebibliotek, noko som kom fram i det opne kommentarfeltet. Dei har rett i at skjema ikkje var tilpassa td. fylkesbibliotek og Nasjonalbiblioteket. Nokre følte seg brydd ved stadig å spørje spørsmål som ikkje kjendest relevante. På den andre sida meiner vi at det og ligg mykje læring i å oppdage at andre deler av sektoren har andre oppgåver og ansvar. Dette kom og fram i nokre av kommentarane.

Andre praksisperiode

Resultatet over viser at studentane har fått god innsikt i meir overordna problemstillingar knytt til faget. I kommentarane frå studentane viser det likevel at mange var misnøgde med at dei ikkje fekk vere ute i eit bibliotek, og alternativet kjendest lite praksisnært. Målet med praksis er jo å få vere ute og delta i aktivitetar, få innsikt i korleis bibliotekarar reflekterer over og utfører arbeidsoppgåver, erfare korleis det er å ha kontakt med publikum. I tillegg er det all den tause kunnskapen dei kan tileigne seg gjennom å observere kva som faktisk vert gjort.

Dessverre var det dette vi klarte å få til under omstende som var svært krevjande for både biblioteka og i samfunnet generelt. Utdanninga er svært takksame for at bibliotekarar stilte opp som rettleiarar for våre studentar.

I skrivande stund har 2. års studentane, som altså i mista 1. års praksis, nettopp byrja på sin andre praksisperiode. Sjølv om Noreg innførte nye restriksjonar rett før praksisperioden starta, har alle studentane fått praksisplass og dermed anledning til å utføre arbeidsoppgåver i regi av ein praksisstad, fysisk og/eller digitalt. I deler av tida gjennomfører 2. års studentane normalt ein eksamensoppgåve i form av ei undersøking. Det er no teke omsyn for avvik frå «normalen», sidan situasjonen er upredikerbar både lokalt og nasjonalt, og vi må opne for individuelle tilpassingar. Studentane vil nok derfor få svært ulike erfaringar basert på denne praksisperioden.

Powered by Labrador CMS