Utgave: 2/2021

Det er meir enn Potter i potten

Folkebiblioteka fekk mykje omtale på nyåret. Etter at ein diskusjon om Harry Potter-arrangement vart løfta ut av ei Facebook-gruppe og over i det opne ordskiftet, fekk mange bibliotektilsette og bibliotekeigarar ein vekkjar.

Norsk Bibliotekforening

Somme spurde seg om korleis ein diskusjon som hovudsakleg gjekk på korleis ein skulle ha Harry Potter-arrangement på ein inkluderande måte, kunne bli ein diskusjon om sensur og boikott. Andre var rysta over at nokon kunne la J.K. Rowling sine standpunkt i ei politisk sak påverke formidlinga av Harry Potter-universet.

For å vera veldig tydeleg: dersom ein forfattar sine politiske standpunkt blir avgjerande for om hen er «godkjend» for formidling er vi på ville vegar. Vi kan ikkje vurdere god/dårleg litteratur med bakgrunn i kva forfattaren meiner om alt mogleg. Vi kan ofte lesa oss fram til kva forfattaren meiner gjennom det hen skriv i bøkene sine, men bibliotekaren kan ikkje bruke sine eigne politiske preferansar i vurderinga av om det er godt skrive.

Dette var enklare før. Då var folkebiblioteket helst ei folkeboksamling, og ansvaret til biblioteksjefen var fyrst og fremst å gjera samlinga brei og innhaldsrik ut frå innkjøpsbudsjettet ein hadde. Etter at lov om folkebibliotek vart revidert i 2014, er min påstand at mange kultursjefar, kommunalsjefar og kommunedirektørar ikkje tenkjer over at kommunen no sit med ansvar for ei eining/avdeling/ verksemd med eit sjølvstendig redaktøransvar utøvd av biblioteksjefen. Ved revisjonen i 2014 kom mellom anna denne formuleringa inn i lova: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt»

Kva vil det seie å vera ein uavhengig møteplass og debattarena? Då det kom inn i folkebiblioteklova var det etter framlegg frå mellom andre Norsk Bibliotekforening. Vi ønskte å styrkje folkebiblioteka som uavhengige arenaer som kan vera med og fylle målet i Grunnlova §100 om ytringsfridom. Departementet og Stortinget slutta seg til dette, og departementet skreiv til dømes «Det bør være klart at ingen skal kunne legge føringer på aktiviteter ved et folkebibliotek, eller innholdet i et folkebiblioteks programmering. Et folkebibliotek skal være et sted for alle kommunens innbyggere, uavhengig av politisk ståsted, religion og sosial bakgrunn.»

Bibliotekvesenet har to viktige dokument denne debatten har aktualisert igjen. Vi har yrkesetiske retningslinjer vedteke av fagforeiningane og NBF i 2007. Dei gjeld alle bibliotektilsette i alle bibliotek. For folkebiblioteka har vi i tillegg «Biblioteksjefenes ansvarsområde». Til saman gir dei to dokumenta særs god rettleiing i korleis vi som bibliotektilsette bør forhalde oss til kryssande interesser og eksternt press. Mi oppmoding er å gå gjennom desse dokumenta på eit personalmøte. Ein veit aldri i kva samanheng ein kan bli utfordra av både lånarar, leiarar og andre tilsette. Og ikkje minst pressa som i Harry Potter-saka.

Powered by Labrador CMS