Utgave: 3/2021

Bibliotek byggjer berekraftige lokalsamfunn

I år legg Norsk Bibliotekforening hovudvekta på FNs berekraftsmål på Nasjonal bibliotekdag. Dei vart vedtekne i 2015, og er FNs samla arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Norsk Bibliotekforening

For oss i biblioteksektoren er ein stor del av berekraftsmåla på mange vis vårt klassiske oppdrag: deling av kunnskap og kultur gjennom å stille fysiske og digitale samlingar og lokale til rådvelde for folket. Slik kan biblioteka spele ei sentral rolle i berekraftsarbeidet i lokalsamfunnet.

Eg trur det er det som har gjort at så mange i bibliotekverda har teke tak i berekraftsomgrepet. Det appellerer sterkt til grunntanken vår: fellesskap og deling. Eitt av underpunkta under berekraftsmål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar er òg klassisk bibliotekpolitikk: «16.10: Sikre allmenn tilgang til informasjon og verne grunnleggjande fridommar, i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale avtalar.»

I Norsk Bibliotekforening har vi utfordra alle biblioteka til å melde inn i kva grad dei opplever at dei jobbar med berekraftsmåla. Alle jobbar sjølvsagt med tilgang til informasjon, kultur og Internett, men det gjer jo at ein jobbar med mykje anna òg. Korleis kan forskarar jobbe med klima og miljø utan informasjon formidla gjennom bibliotek og databasar? Korleis kan retten til utdanning oppfyllast utan at nokon er med og skaff ar informasjon og litteratur utover læreboka?

Berekraftsbiblioteket er det mest konkrete dømet på klassisk bibliotekarbeid for alle berekraftsmåla. I eit samarbeid mellom FN-Sambandet og fl eire andre, er det laga boklister for kvart av dei 17 berekraftsmåla. Målet er å inspirere til lesesirklar for 6-12-åringar. Ungane kan lesa seg opp og deretter diskutere det dei har lært. Klassisk folkeopplysningsarbeid!

Noko anna som er særs gledeleg, er at mange kommunar ser ut til å ha fått med seg at biblioteka kan vera viktige medspelarar i berekraftsarbeidet utanom det reine informasjonsomgrepet. I UPSCALE-prosjektet er biblioteka i Nordre Follo, Tromsø, Drammen, Lier og Lillestrøm kommunar saman med forskingsinstituttet CICERO i gang med å utvikle deletanken i biblioteka til meir enn informasjon og kultur. Ein deler verktøy, ting, utstyr, syklar – alt der det er rasjonelt å spleise på utstyr i staden for å kjøpe noko dyrt som ein brukar berre ein sjeldan gong.

I andre kommunar blir biblioteket drege inn i planarbeidet. Biblioteket er ein arena som gjerne har lågare terskel enn aulaen på rådhuset eller ein svær kultursal. Biblioteket kan òg vera ein uavhengig arrangør i seg sjølv, for å bidra til at innbyggjarane sine innspel ikkje blir dempa av dei som styrer prosessane. Dermed får vonleg innbyggjarane større innverknad på prosessane.

Vi må klare å halde uavhengigheitsfana høgt nok. Vi skal framleis skaff e den ukomfortable informasjonen, kunne stille dei kritiske spørsmåla, ha ein arena for dei kritiske spørsmåla. Hugs at det òg er ein del av berekraftsmåla: å oppretthalde og utvikle demokratiet.

Powered by Labrador CMS