Norsk Bibliotekforening
3/2021

– For meg har IFLA opna opp verda

Jorun Systad frå folkebiblioteket i Sunnfjord leiar divisjonen som jobbar med bibliotektenester for barn og unge i IFLA.

INTERNASJONAL LOKAL: Jorun Systad, einingsleiar ved biblioteka i Sunn­ ord, har verda som arbeidsplass.

“Chair of The International Federation of Library Associations and Institutions, Libraries for Children and Young Adults Section” høyrest ut som noko super-sonisk, noko det ikkje går an å bli som biblioteksjef i Sunnfjord i Vestland, men alt startar ein plass: – Da eg begynte på bibliotekhøgskule på 1980-talet, sa rektor at det nyttar ikkje å berre vere glad i bibliotek, ein må vere glad i menneske også. Og no får eg lære av dei beste i verda, seier Jorun Systad.

– Da eg begynte på bibliotekhøgskule på 1980-talet, sa rektor at det nyttar ikkje å berre vere glad i bibliotek, ein må vere glad i menneske også. Og no får eg lære av dei beste i verda, seier Jorun Systad.

– Vi lagar standardane

Kva fortel du IFLA-kollegaene om biblioteklandet Norge?

At vi satsar på brei tilgang til littera-tur, om mangfaldet i litteraturen og at det særeigne i Norge er at vi har gode folkebibliotektenester i heile landet. At Sommarles er eit fantastisk lesestimuleringstiltak og at barn som veks opp i Norge har tilgang til litteratur på sitt eige skriftspråk

Men skulebiblioteka … ?

Til dømes har Finland heller ikkje godt utbygd skulebibliotekvesen, det gjeld dessverre mange land.

Kva gjer IFLA og kvifor er det viktig å vere med der?

IFLA synleggjer kva gode bibliotek-tenesterer. Vi utarbeidar standardar, vi definerer. Standarden vi har for kva som er gode bibliotektenester, gjeld for både Norge og land i Afrika, men den gjeld ikkje skulebibliotek som har eigen standard. IFLA har utarbeidd nye retningslinjer om bibliotektenester for barn 0-18 år, og det hadde eg faktisk nytte av da vi var i ein krevjande budsjettsituasjon her i kommunen i haust. Standarden skapar forståing for at bibliotektenester er meir enn eit rom med ei bokhylle. Standarden fortel kva kompetanse og kunnskap som trengs. Eg må legge til at det ikkje er sjølvsagt at nokon frå eit lite folkebiblio-tek kan engasjera seg i IFLA. Det kostar jo, men med hjelp frå Fagforbundet Norge har det gått bra.

Barn og unge har høg status

Kva status har bibliotektenester for barn og unge i IFLA?

Høg status. Til dømes er Internet Safety Day et stort prosjekt frå oss som synleggjer at bibliotek også må ha møte-plassfunksjonen, ikkje berre bokrom. I Norge er dette nedfelt i biblioteklova og dette gjeld mange land.

Ja, korleis er endringsvilja slik du ser det?

Vi snakkar mykje om korleis dei enkelte landa har digitalisert tenestene. Det fantes jo bibliotek som ikkje hadde digital katalog, men som no formidlar over nettet.

Det rare covidåret

Korleis snakkar de om covid og korleis pandemien endrar feltet?

“Når blir bibliotekarane i Italia vaksinerte”? og “Er ho i Bangladesh frisk igjen?”. Slik snakkar vi på det personlege nivået. Vi ser at pandemien er på retur i mange land, men det betyr ikkje at alle fysiske bibliotektenester kjem til å bli fysiske igjen. Singapore, til dømes, har oppdaga at dei når ungdommen betre via det digitale enn ved fysisk oppmøte og dei vil skje endringar på mange plan. Digitale tenester som ein starta under pandemien, vil bli permanente.

Korleis har covidåret sett ut på dine bibliotek?

Våre seks bibliotek hadde 106.000 besøkande i 2019 og 101.000 besøkande i fjor. Nedgangen var ikkje så stor. Ned-stenginga har vore lita. Vi har nok levd i ei beskytta verd med lite smitte. Men etter inspirasjon frå eit anna bibliotek i Vest-land har vi implementert ein grøn, gult og raudt-modell som har fungert godt. Med gult kan ein kopiere og ha aviser liggande framme. I raudt er dette borte. Å standardisere smitteverntiltak har vore bra.

Til Maldivene – på nettet

Når kan IFLA og andre bibliotekleiarar treffast igjen?

Det er fint med Teams, men menneske MÅ møtast, sitte rundt eit bord med kaffikoppen og kunne sjå kvarandre. Eg trur det er lettare å ta ordet der enn digitalt. Ein ting vi kan vere sikre på skjer, er at det blir færre store konferansar og meir digitalt. Eg skal halde eit foredrag no i vår på Maldivene, men det blir sjølvsagt digitalt. Då det vart planlagt tenkte eg: Akkurat Maldivene skulle vore fysisk oppmøte!

Medan du drøymer om Maldivene, fekk vi ein ny leseundersøking i Norge og det står ikkje altfor bra til blant dei unge. Korleis ser dette ut i andre land etter covidåret, har du inntrykk av?

Vi ser ei liknande utvikling i andre land, enda vi ikkje sett korleis det blir et-ter covid. Born rundt om i verda har ikkje hatt den same tilgangen til digital under-visning som norske born. Eg er enda meir bekymra for at det kun å lese digitalt ikkje berre er ei styrke for lesekompetansen. Pluss auka fattigdom og forskjellar i verda og mange som fell utanfor det digitale. Derfor retningslinjene våre er viktige og dette er kampar vi må ta saman.

Her er dei norske i IFLA

Section Bibliography – Johnny Edvardsen, Nasjonalbiblioteket, 2017-2021

Section Continuing Professional Develop-ment and Workplace Learning – Almuth Gastinger, NTNU, 2019-2023

Section Information Technology – Tereza Barbosa Da Silva, Politihøgskolen, 2019 – 2023

Section Libraries Serving Persons with Print Disabilities – Ingvild Aanensen, Norsk lyd- og blindeskrift bibliotek, 2017 – 2021

Section Libraries for Children and Young Adults – Jorun Systad, Sunn˙ ord kommu-ne, 2017 – 2021

Section Library Services to Multicultural Populations – Oddbjørn Hansen, Nasjonal-biblioteket, 2017 – 2021

Section Library Services to People with Special Needs – Erlend Ra, Nasjonalbiblio-teket, 2017 – 2021

Section Literacy and Reading – Linn T. Sunne, Innlandet fylkeskommune, 2017 – 2021

Section Local History and Genealogy – Bozena Rasmussen, Roboz Consult, 2017 – 2021

Section Management and Marketing – Ruth Ørnholt, Vestland fylkesbibliotek, 2017 – 2021

Section Metropolitan Libraries – Knut Skansen, Deichman, 2017 – 2021

Section Public Libraries – Leikny Inder-gaard, Bergen oˆ entlige bibliotek, 2017 – 2021

Section Rare Books and Special Collections – Alexander Haraldsvik-Lyngsnes, NTNU, 2019 – 2021

Section School Libraries – Hans Potter Storemyr, St. Olav videregående skole, 2017 – 2021

Section Subject Analysis and Access – Elise Conradi, Biblioteksentralen, 2017 – 2021