Utgave: 3/2021

Eit lite bibliotekshistorisk tilbakeblikk

Arne Kildal var den sentrale bibliotekpersonen i Noreg i om lag eit halvt hundreår. Etter opp- moding frå Haakon Nyhuus drog han i 1903 til USA for å utdanna seg til bibliotekar. Etter utdanning ved New York State University og praksis ved Yale University og Library of Congress vende han i 1910 attende til Noreg og vart sjef ved Bergen Offentlege Bibliotek fram til 1920. Under hans leiing vart det bygd eit nytt amerikanskinspirert bibliotek i Bergen som vart opna i 1917.
Artikler

20. september 1921 leverte Bibliotekkomitéen av 1919 Innstilling om biblioteksvesenets ordning (I-X) til Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Dette var det første statlege initiativet til utgreiing, analyse og planar for det samla offentlege norske bibliotekfeltet, dvs. både folke- og fagbibliotek. Utgreiinga presenterte omfattande planar og visjonar, men økonomiske nedgangskonjunkturar og sparepolitikk hindra i første omgang realisering. Men i bibliotekhistorisk samanheng er dette eit viktig dokument.

Komitéen vart utnemnd av departementet 25. oktober 1918, men utifrå namnet starta arbeidet året etter. Sjølv om komitéen var utnemnd av departementet, hadde initiativet kome frå Norsk bibliotekforening i 1917. Desse var medlemmer: Formann Karl Fischer (1861-1939) stortingsbibliotekar og på deltid Kirkedepartementets sakkyndige i bibliotekspørsmaal, Arne Arnesen (1880-1943) leiar for Deichmanske bibliotek, Arne Kildal (1885–1972), leiar for Bergen offentlige bibliotek, Hjalmar Pettersen (1856–1928), førstebibliotekar ved Universitetsbibliotekets (UB) norske avdeling, som i praksis var norsk nasjonalbibliotek. Den einaste ikkje bibliotekfaglege medlemmen var Carl Geelmuyden (1859-1942), rektor ved Tanks skole i Bergen og tidlegare stortingsmann for Venstre.

Utgreiinga var på 80 sider fordelt på 10 kapittel, som også inkluderte fleire vedlegg. Deler av utgreiinga hadde alt vorte sende til departementet før den samla utgreiinga vart lagt fram. Såleis var innhaldslista:

  1. En felles plan for bibliotekenes virkeområde

  2. Endrede regler for statsbidraget
    til folkeboksamlingene. Centralbiblioteker

  3. Forandring i lov av 20. juni 1882 om pliktavlevering av trykksaker

  4. En ny ordning for bibliotekvesenets administrasjon

  5. Opprettelse av en norsk bibliotekskole

  6. Utgivelse av en årlig felleskatalog over utenlandsk litteratur

  7. Lovfestede skoleboksamlinger og nye regler for tilståelse av statsbidrag

  8. Utgivelse av en katalog over kongelige og parlamentariske kommisjoners innstillinger etc.

  9. Distribusjon av offentlige publikasjoner til biblioteker

  10. Lærerboksamlingenes ordning og kontrollen med dem

Planar om eit sjølvstendig Nasjonalbibliotek var ikkje med i utgreiinga.

Bakgrunn

Bibliotekkomitéen av 1919 gjekk inn ei utvikling som starta i 1902. I dette året skjedde eit historisk vendepunkt der det norske bibliotekfeltet vart meir strukturert. Dette kan igjen tilskrivast at frå 1890-åra vann nye retningar frå det amerikanske bibliotekfeltet fotfeste i Noreg. Det dreidde seg både om praktisk bibliotekteknikk der publikum fekk direkte tilgang til opne hyller og nye brukarvenlege system for å orientera seg i samlingane og om biblioteket sin rolle som samfunnsinstitusjon. Biblioteket skulle vera til nytte for eit breidt publikum og ikkje ein institusjon for ein avgrensa elite. Biblioteksarbeid vart også profesjonalisert med eigne utdanningsinstitusjonar, den første bibliotekskulen i USA (Albany, New York) starta i 1887. Det var ei eitårig utdanning som skulle høva for alle bibliotektypar.

To frå USA heimvende nordmenn verka til at denne bibliotekvendinga slo rot i Noreg. Det var Hans Tambs Lyche (1859-1898) og Haakon Nyhuus (1866-1913). Ingeniøren Tambs Lyche kom attende til Noreg i 1892 og vart redaktør for det nye teknologipositive og utviklingsoptimistiske tidsskriftet Kringsjaa. Dette organet propaganderte aktivt for moderne bibliotek både redaksjonelt og med omtale av framståande bibliotek. Tambs Lyche argumenterte for at bibliotek var både moderniserande og demokratiserande samfunnselement og at bibliotek var vel så viktig som skular.

Saman med J. B. Halvorsen (1845-1900) og Karl Fischer, som då begge arbeidde på Universitetsbiblioteket, danna også Tambs Lyche ein sjølvoppnemnd komité for å omdanna hovudstadens slumrande kommunale Deichmanske bibliotek til ein moderne institusjon etter amerikansk mønster. Komitéen fekk gjennomslag hos dei kommunale styresmaktene, men Tambs Lyche sjølv døydde før planen vart realisert. Då kom Haakon Nyhuus på banen og realiserte Tymbs Lyches bodskap. I 1898 vart han sjef for Deichman. Med fleire års arbeidsrøynsle frå store moderne bibliotek i Chicago sette han i gang ein omfattande moderniserings- og reformeringsprosess, og han forvandla Deichmanske bibliotek til eit pulserande og moderne bibliotek, også i internasjonal samanheng. Det var rein slumpelukke som hadde leidd Nyhuus til bibliotekarbeid i Chicago, etter fleire strøjobbar fekk han tilfeldigvis arbeid ved forskingsbiblioteket Newberry Library. Etter to år der, arbeidde han fem år som katalogsjef ved Chicago Public Library før han vende attende til Noreg.

Med sin bibliotekfaglege bakgrunn instruerte Nyhuus det uskulerte personalet på Deichman i nye rutinar og praksisar. Dei slitne lokala vart pussa opp og biblioteket fekk utvida opningstider. Det kom lesesal, ungdomsavdeling, filialar og det var etablert oppsøkande biblioteksverksemd. Publikum fekk direkte tilgang til samlingane med opne hyller. Som det første europeiske bibliotek tok Deichmann i 1903 i bruk Deweys klassifikasjonssystem for nye bøker. I 1897 hadde biblioteket eit personale på 2, i 1913 var det auka til om lag 30. Gjennom dei 15 åra han var leiar for Deichmann frå 1898 til 1913, revolusjonerte han det norske bibliotekfeltet. Han omskapte Deichmanske bibliotek til ein føregangsinstitusjon både i bibliotekteknisk og sosial samanheng.

Men om om Nyhuus var ein sentral aktør, var han ikkje åleine i den gradvis framveksande offentlegheita som fremja biblioteksaken. Dette var ein del av eit folkeopplysingsarbeid som også omfatta skulen og andre opplysingsorganisasjonar, men biblioteket hadde ein nøkkelrolle og biblioteksarbeid var ikkje berre arbeid, men nærast eit kall.

Dette var eit miljø som konstituerte seg sjølv og definerte sitt prosjekt som eit offentleg ansvar. Den ovannemnde Karl Fischer var ein sentral aktør, det var også Arne Arnesen og Arne Kildal. Det var ikkje tilfeldig at desse personane utgjorde fleirtalet i bibliotekkomitéen av 1919.

Kombinert med filologiske studier ved universitetet byrja Arne Arnesen som assistent ved Deichman i 1901. I 1905 vart han underbibliotekar og katalogsjef, og i 1914 etterfølgde han Haakon Nyhuus som biblioteksjef. Arnesen hadde eit variert forfattarskap som inkluderte katalogiserings- og klassifikasjonsystem og bibliotekbygningar. Han omsette og tilpassa Deweys desimalklassifikasjon til norske forhold. Klassifikasjon etter Melvil Deweys systemfrå 1920 kom i tredje opplag i 1969.

1902–1919

Karl Fischer var utdanna filolog og byrja på UB i 1885 der han var fram til 1910, då han vart stortingsbibliotekar. Frå 1905 til 1933 var han kyrkjepartementets bibliotekonsulent, først som deltidsarbeid, og frå 1922 i full stilling. Som bibliotekkonsulent bidrog Fischer med å etablera samspelet mellom departemenetet og biblioteksoffentlegheita med å dra i gang tidsskriftet For Folke- og Skoleboksamlinger i 1907 og det årlege norske bibliotekmøtet i 1908

Kvifor var 1902 eit vendepunkt i norsk bibliotekhistorie? Året før hadde Haakon Nyhuus kontakta statsråd Wilhelm Wexelsen (1849-1909) i Kyrkjedepartementet om å utnemna ein komité for å skissera ei nyordning av det norske bibliotekfeltet. Departementet utnemnde då ein komite sett saman av initiativtakaren Nyhuus sjølv, Karl Fischer og byråsjef Jakob Heiberg (1860-1946) frå departemenet. I september 1901 leverte komitéen innstillinga Folkebogsamlinger i Norge: Deres historie, nuværende tilstand samt forslag til en ny ordning. Innstillinga var på 32 sider, halvparten var eit oversyn over dei ca. 650 folkebiblioteka som hadde fått statstøtte i perioden 1892-1901. Der var to forslag for framtida: Departementet skulle etablera ei sakkunning konsulentstilling for å samordna og kontrollera dei offentlege folkebiblioteka som fekk statstøtte, det skulle også lagast ein rettleiande katalog for tilrådde bokkjøp. Innkjøpa kunne samordnast via konsulenten slik at bøkene var ferdiginnbundne og merka med Deweysignatur klare til hylleoppstilling. Målet var samordning, rasjonalisering, kontroll og profesjonalisering.

Komitéen fekk gjennomslag og full støtte i Stortinget, bortsett frå at løyvinga til konsulenten måtte takast av den samla løyvinga til folkebibliotek, og i praksis vart dette også ei deltidsstilling. Det var såleis meir eit politisk enn eit økonomisk gjennomslag. Men konsulenten og katalogen var vendepunkt, som innleidde ein fastare, meir organisatorisk kurs og eit definert samspel mellom departementet og ei sjølvutnemnd biblioteksoffentlegheit. Det framstod ein korporativ modell mellom departement og sektor.

Det vart forhandla fram rabattar for høvelege bibliotekbøker med fleire forlag og i samarbeid med J. M. Stenersens bokbinderi vart tiltaket Folkeboksamlingenes ekspedisjon etablert. Først katalogiserte og klassifiserte konsulenten bøkene, så vart dei spesialinnbunde av Folkeboksamlingenes ekspedisjon for å tola minst 100 utlån. Bøkene fekk også Deweynummer på ryggen og lomme for bokkort før dei vart sende ut til biblioteka klare til hylleoppstilling og utlån. Dette var grunnlaget for den dominerande posisjonen Deweys desimalklassifikasjon tidleg fekk i norske folkebibliotek.

Hjalmar Pettersen var frå 1898 leiar for Universitetsbibliotekets norske avdeling som i praksis var norsk nasjonalbibliotek. Pettersen gjorde ein enorm bibliografisk innsats med den monumentale Bibliotheca norvegica. Dette verket strekte seg over fire folioband på ca.3 300 foliosider. Band 1 med tittel Norsk boglexicon 1643-1813: Beskrivende katalog fra bogtrykkerkunstens indførelse til adskillesen fra Danmark kom i 1908, i 1917 kom Norge og nordmænd i udlandets literatur: Beskrivende katalog over bøger og tidskriftartikler om norske forhold, i 1918 kom Norske forfattere før 1814: Beskrivende katalog over deres værker tillige med Bibliotheca norvegica I. Bøger trykt i Norge før 1814 og i 1924 Norske forfattere efter 1814: Beskrivende katalog over deres i udlandet trykte værker: Første samling: med supplementer til Bibliotheca norvegica I–III

Haakon Nyhuus sat i konsulentstillinga til 1905, då var arbeidet kome i faste former. Karl Fischer følgde etter og sat i stillinga til 1933. Fram til 1910 kombinerte Fischer konsulentstillinga med stilling på UB. I 1910 vart han stortingsbibliotekar. Men om konsulentstillinga formelt berre var deltidsarbeid, vart det gjort mykje. I 1907 tok Fischer initiativet til tidskriftet For Folke- og Barneboksamlinger. (Namnet vart endra til For folkeoplysning i 1916 og i 1934 vart det Bok og Bibliotek.) Dette var det første norske bibliotektidskriftet og det fungerte både som eit meldingsblad for departementet og som eit fagleg forum. Dermed var det etablert ein nasjonal arena for bibliotekfeltet.

I 1908 tok Fischer initiativ til det første årlege norske bibliotekmøtet. Det første møtet vart halde i hovudstaden. Her samla biblioteksektoren seg til diskusjon og faglege møte. Dette var eit samspel mellom sektoren og departementet og eit steg vidare i konsolideringa av bibliotekfeltet. Det neste steget var skipinga av Norsk bibliotekforening. Det skjedde på biblioteksmøtet i 1913, som vart halde i Stavanger. Den amerikanske bibliotekorgansisasjonen, American Library Association, skipa 1876, var førebiletet. Haakon Nyhuus vart vald til formann. Men dette var meir ein heider enn eit reelt val. Nyhuus var svekka med skrantande helse og hadde kort tid att å leva. 1. juledag 1913 døydde Haakon Nyhuus 47 år gamal. Den sentrale pådrivaren for å skipa organisasjonen og legga premiss for verksemda var Arne Kildal, som var i starten på ei karriere som sentral biblioteks- og folkeopplysingsbyråkrat som skulle vara fram til 1956. Då vart han pensjonist som direktør for Statens bibliotektilsyn (etablert 1949). Bibliotekforeninga var ikkje ein fagforening, det var ein sektororganisasjon. Den skulle i like stor grad tena og propagandera for biblioteksaka, folkeopplysingstanken, kultur og danning i heile sin breidde. Kildal poengterte at det var viktig å etablera sterke band med høve for påverknad innover i dei statlege og departementale kanalane. Det var eit korporativt mønster som alt var grunnlagt med 1902-reformen. Ei større utfordring enn den faglege kontakten med departementet var å vinna gjennomslag på politisk nivå der løyvingar vart avgjort. I 1914 hadde bibliotekforeninga 359 medlemmer. Medlemsmassen bestod både av institusjonar og einskildpersonar, men først i 1918 gjekk fagbiblioteka inn i foreninga. Gjennom bibliotekforeninga framsto biblioteksaka som ei samansmelting av profesjonsinteresser og ålmenne samfunnsmessige omsyn. Tilsvarande foreningar vart etablert i Danmark i 1905, i Finland i 1910 og i Sverige i 1915.

Carl Geelmuyden. Rektor ved Tanks skole i Bergen frå 1908. Stortingsrepresentant for Venstre 1901-1903 og 1916-1918. Ordførar i Bergen 1907-1910 og 1914-1916.

1919 utgreiing

Sjølv om det norske bibliotekfeltet etter 1902-reforma hadde hatt ein jamn vekst og framgang, var det stadig organisatoriske og økonomiske utfordringar. Det var også ei kjensle av at ei god utvikling hadde mista fart, og dette var eit medverkande motiv for å etablera bibliotekkomiteen av 1919. I utgreinga jamførde komitéen ofte norske og utanlandske forhold: «Vi, som kom langt frem i utviklingen ved den tidligere reorganisasjon av vårt folkebibliotekvesen, er nu på viktige områder distansert av Sverige og Danmark, og forskjellen vil økes hvis vi ikke nu tar et stort skritt fremover i den av komitéen antydede retning.» Departementets bibliotekonsulent var stadig ei deltidsstilling utan øyremerka løn, men arbeidsmengda hadde auka kraftig; i 1903 var der 650 statstøtta folkeboksamlingar, i 1918 var talet auka til 1085. Sidan 1914 var også skuleboksamlingane lagt under konsulenten. I grannelanda var det etablert fulltidsstillingar for tilsvarande oppgåver og komitéen meinte at det no var behov for eit biblioteksdirektorat med støttefunksjonar direkte under departementet.

Dette samsvarte med det overordna siktemålet for komitéen, som vart drøfta i utgreiinga, første kapittel, En felles plan for bibliotekenes virkeområde (side 1–4), som var å lansera ei meir effektiv organisering og samspel mellom offentlege bibliotek i Noreg til ein samvirkande heilskap med klåre definisjonar av dei enkelte delers særlege oppgåver. Ein viste til at aktuell bibliotekpolitikk i dei fleste land etterkvart var å få samla plan i ei utvikling som før hadde vore meir eller mindre tilfeldig. Samordning og plan var viktig for å få effektivitet og å unngå dobbeltarbeid og sløsing. Det ville bidra til at einkvar borgar i landet, uansett bustad, skulle ha tilgang til «viktige bøker han trenger i sin gjerning eller til sine studier.»

Komiteens utgreiing hadde, som vist innleiingsvis, 10 kapittel og dei munna ut i ei rekke konkrete forslag, men den økonomiske og politiske situasjonen i samtida gav ikkje rom for omfattande bibliotekreformer med det same, bortsett frå at bibliotekonsulenten vart utvida til full stilling i 1922. Dei politiske og økonomiske rammene endra seg mot slutten av mellomkrigstida, då fekk fleire av innspela gjennomslag før krigsåra 1940-1945 med okkupasjon og nazistyre vart ein lovlaus mellombels reformstans. Den første norske biblioteklova kom i 1935. Ei ny pliktavleveringslov, som inkluderte Bergens Museums Bibliotek og Vitskapselskapets bibliotek i Trondheim, kom i 1939. Same år vart bibliotekonsulenten oppgradert til byråsjef i departementets kontor for folkeopplysingsarbeid og i 1940 vart Statens bibliotekskule skipa.

KILDER

  1. Bibliotekkomitéen av 1919 Innstilling om bibliotekvesenets ordning (I-X). Kristiania 1921.

  2. Annaniassen, Erling og Geir Vestheim Bok over land. Trekk ved statens bibliotektilsyns historie. Oslo 1999.

  3. Henden, Johan Rørlien Det er ikke alene et Universitets-, men ogsaa et Nationalbibliothek. Axel Charlot Drolsum i Universitetsbiblioteket 1870-1922. Trondheim 2017.

  4. Nilsen, Sissel Arne Kildal, Norsk biografisk leksikon, Oslo 2009, www.nbl.snl.no

  5. Ringdal, Nils Johan By, bok og borger, Deichmanske bibliotek gjennom 200 år, Oslo 1985.

  6. Torp, Olaf Chr. Arne Arnesen, Norsk biografisk leksikon, Oslo 2009, www.nbl.snl.no

  7. Torp, Olaf Chr. Karl Fischer, Norsk biografisk leksikon, Oslo 2009, www.nbl.snl.no

  8. Vestheim, Geir Fornuft, kultur og velferd. Ein historisk-sosiologisk studie av norsk folkebibliotekpolitikk. Oslo. 1997.

Powered by Labrador CMS