Utgave: 3/2021

Med teknokratiet som speil

«Det er stor uro under himmelen», laud meldinga frå Mao Ze Dong på slutten av 1960-talet. Og han la til: «Og situasjonen er utmerka».

Blomar. Spesielt overtydande er det heller ikkje at Tvedt omkransar si påståtte nytolking av «de store linjene» i historia med vakre, pretensiøse språkblomar.
Artikler

Men det er ikkje den revolusjonære fanfaren som lyder nå; historiegeografen Terje Tvedt ser i si bok Verdenshistorie. Med fortiden som speil at dagens Kina er ei imperiemakt på frammarsj, og at situasjonen derfor ikkje er så utmerka lenger for det ein gong så suverene Vesten. Tvedt trur rett nok ikkje at vestlege land er i ferd med å søkke i havet; aller minst har han tru på at USA snart vil tre tilbake som stormakt. Men han teiknar eit bilete av Vesten som ein verdsdel i krise, som ein gong for alle har mista sin dominerande økonomiske, politiske og militære posisjon.

Tvedt set seg som mål å demontere «store teorier» – historiefilosofiske syntesar – og teikne eit upolitisk, nøytralt bilete av verdshistoria, frå den første sivilisasjonen ved Eufrat og Tigris (den babylonske), fram til dagens globale makter og rivaliseringa mellom tilårskomne og nyare imperium, men grip sjølv til nettopp luftige begrepsdanningar som den ahistoriske termen imperium, som svever over det like evige og uforanderlege vatnet. Fjørkreet har lite til sams med Minervas ugle. Men som erfaringa har vist: Det finst andre faglege fallgruver enn dei Tvedt åtvarar mot. Førestillinga om politisk eller etisk nøytralitet innan samfunnsfag er ein illusjon, ein positivistisk# Positivisme: trua på at naturvitskaplege ideal og metodar også gjeld for samfunnsvitskapen. kamuflasje som lett fell av i konfrontasjonen med realhistoria. Boka er da også ute i open polemikk mot konkurrerande retningar, dei vere seg spekulativ-idealistiske (Hegel, Fukuyama), marxistiske eller kultursosiologiske (Max Weber). Forfattarens politiske agenda er like openberr her som i tidlegare Tvedt-publikasjonar, og på typisk vis er boka i samarbeid mellom forlag, Nasjonalbiblioteket og presse lansert med trommer og trompetar, som var den siste nytt frå Den heilage nasjonale ande.

Den verdshistoriske pretensjonen hans er dessutan for pompøs til å tole konfrontasjonen med det heller smålåtne sluttproduktet på rundt 400 sider, spesielt ikkje når mange viktige og sterke makter, så som Russland, Japan og Tyskland, ikkje eingong får lov til å vere med. Og når først Asia speler ein så viktig rolle i Tvedts «eurokritiske» univers, er det oppsiktsvekkande at det første asiatiske industrilandet, Japan, kort og godt er radert ut av heile opplegget hans. Spesielt overtydande er det heller ikkje at Tvedt omkransar si påståtte nytolking av «de store linjene» i historia med vakre, pretensiøse språkblomar, så som «i møte med tidens evige strøm», «denne fortidas evige dobbelthet» og «refleksjon over verdens fortid og nåtid.» Med sin subjektive konstruksjon og knappe format, med sitt selektive preg og med si vekt på metodespørsmål, står Med fortiden som speil fram berre som eit større essay. Domen over resultatet blir da avhengig av kor godt Tvedt grunngir den sentrale tesen sin, som har med spørsmål omkring den industrielle revolusjon å gjere.

Industriell revolusjon

Det kjernespørsmålet Tvedt stiller, er: Kva var årsakene til at den industrielle revolusjonen skjedde i England og ikkje i Kina? Tvedt polemiserer mot alle dei, som på linje med historikaren David Landes, har forklart Kinas «tap» i konkurransen med Vesten ved å vise til tradisjonell asiatisk konservatisme og mangelen på moderne idear og kulturelle institusjonar.

Tankegangen hans er slik: Kina var frå 1500-talet og fram til slutten av 1700-talet – m.a. med sine store «førmoderne» tekstilfabrikkar – verdas sterkaste økonomi. Landet var også scene for ei rad viktige oppfinningar, til dømes kompasset, krutet, seismografen og trykkekunsten. Denne teknologiske posisjonen står i skarp kontrast til det Tvedt ser på som det gjengse og falske biletet av Kina som eit tilbakeliggande og stilleståande land, ei førestilling både Karl Marx og Max Weber ifølgje Tvedt har gjort seg skuldige i.

Likevel var det ikkje kinesiske elvar, men dei engelske vassdraga i Manchester-distriktet – kanalane inkludert – som ifølgje Tvedt måtte bli fødestaden for den moderne industrialismen. Kvifor? Tvedts teori er at dei viktigaste kinesiske elvane, på grunn av tørke, flaum og mangel på kontrollsystem for transporten av vatn, ikkje kunne by på stabil vassføring året rundt. Dermed ingen revolusjon her!

Men kan forklaringa på at den industrielle revolusjon ikkje kunne skje i Kina, vere så enkel og eindimensjonal? I Englands fall skjedde denne omveltinga over ein lengre periode, ein prosess som ikkje minst skapte profittmotivet, som forklarer den nye borgarklassens interesse for rask industrialisering, til produksjon for produksjonens skuld.

Denne voks fram av ei heil rekke omstende og prosessar av både materiell og intellektuell art. Ein fellesnemnar for desse var den moderne humanistiske individualismen, som oppstod i renessansen, som slo gjennom i tenkinga på alle område, også innan religionen (protestantismen). Den engelske politiske revolusjonen# Ei vanleg mistyding er at den borgarlege revolusjonen i England skjedde, og på fredeleg og «glorious» vis, i 1688. Men dette var berre sluttpunktet av den krigen mot monarkiet som William Cromwell førte i 1640-åra. Men denne borgarkrigen utspelte seg i eit religiøst, gamaltestamentleg språk. skjedde i filosofen John Lockes ånd, som føreset at den «naturlege» forma for eigedom er den reint individuelle, borgarleg-private.

Tvedt ser på desse gjengse argumenta til fordel for Vesten berre som uttrykk for tradisjonell sjåvinisme eller fordomsfull eurosentrisme. Men argumentasjonen hans er lite tillitvekkande. Han meiner at det finst to ulike grupper av den tradisjonell tilnærminga. Den eine, med namn som Karl Marx og Max Weber i spissen, har konstruert ein (fiktiv) vestleg eksepsjonalisme som framhevar Europas eineståande filosofi, naturvitskap, moderne politiske institusjonar etc. Den andre tradisjonen, med tyskaren André Gunder Frank som leiande skikkelse, vil forklare Vestens førarrolle med slavehandel, kolonialisme og kapitalistisk «grådighet», utan å føresetje nokon særeigen vestleg kvalitet.

For Tvedts vassdrag er den metodologiske krumtappen; dei verdshistoriske «lange linjene» buktar seg gjennom boksidene som ei rad elveleie, og med denne samfunnsgeografiske vinklinga på «forholdet mellom menneske og natur», meiner han å ha gitt historiefaget ein ny dimensjon. For Tvedt stiller vatnet, både som transportmiddel og energikjelde, i ei særklasse som naturelement; vatnet er «den eneste naturressursen mennesket til en hver tid og alle steder har vært tvunget til å tilpasse seg og kontrollere på en eller annen måte.» (Det kan vel tenkast at jorda, med sine steinar, metall, planter, brannar og jordskjelv osv., svært gjerne vil ha eit ord med i laget, saman med lufta og vinden.)

Men denne vassdragsdominansen blir ein metodologisk akilleshæl. Tvedts metode er ekstremt einspora og tendensiøs, og han er med dette grepet like samtidsimperialistisk som dei historikarane han kritiserer. Perspektivet hans er teknokratisk. Ting og kunnskap om ting er det einaste saliggjerande. Den avgjerande faktoren bak den industrielle revolusjon er dei særeigne og spesielt gunstige elvane og kanalane i Manchester-området. Relasjonane mellom menneske og mellom samfunnsklassene er for Tvedt uinteressante. Slike forhold er med hans metode ikkje så lette å få grep om som tekniske ting og tang.

Hovudproblemet for den geografiske metoden er at det fanst mange andre vassdrag, ikkje minst i Skotland, og som var like gunstige som dei i Manchester-regionen. Like oppglødd som Tvedt er for elvar og kanalar, like blind er han for andre og meir subjektive faktorar. I Manchester utfalda det seg den mest framskridne aktiviteten innan både vitskap og teknikk, og som med spydspissar som entreprenørar med ingeniør-kompetanse, gjorde at byen hadde det mest innovative miljøet i landet. Ein annan faktor som Tvedts teknokratiske og naturalistiske blikk ikkje ser, er at det i same området etter kvart oppstod eit sjikt av eigedomslause proletarar, avfallsprodukt frå jordbruket. Gardane blei ved arv delte opp og til slutt blei dei for små til å brødfø ein familie. Utan arbeidarar som var tvungne til å arbeide i industrien, ingen moderne industriell disiplin! Denne revolusjon blei gjort av nye mennesketypar, både dei som inkarnerte profittmotivet og dei som blei offer for den.

Ingen asiatisk produksjonsmåte?

Når det gjeld Tvedts teori om den kinesiske fadesen, har Tvedts kritikarar spurt: Kvifor skulle dei ulike kinesiske regima ha interesse av ei så radikal omvelting som ein industriell revolusjon? Eit avgjerande spørsmål er karakteren av det Marx kalla «den asiatiske produksjonsmåten».# At denne samfunnsstrukturen er blitt kalla «asiatisk», er heller tilfeldig, og noko uheldig. (Da kunne føydalismen med like stor og like tvilsam geografisk rett blitt definert som «den europeiske produksjonsmåten».) Definisjonen av denne er: felleseigedom rundt eit mylder av sjølvberga landsbyfellesskap som lever isolerte frå kvarandre, men med ei sterk og despotisk sentralmakt, som ikkje minst var nødvendig for å bygge dei store vatningsanlegga (i spesielt India og Kina). Dei (få) byane eksisterte primært for å drive eksport og vere tumleplass for dei privilegerte statsbyråkratane.

Tvedt går nonsjalant forbi denne problematikken, og det er noko uklart om han som enkelte andre historikarar ikkje vil høyre snakk om. Ironisk nok er dei konkrete karakteristikkane Tvedt gir av det gamle kinesiske samfunnet, heilt på linje med det tradisjonelle biletet av den asiatisk-despotiske kulturen. Under Ming-dynastiet herska det «relativ stabilitet og harmoni», «en hver visste sin plass og sin plikt i samfunnet», sjokkerande brutal straffepraksis, og det voks ikkje fram nokon «resessanse» eller «moderniserande kraft», og eigedomsformene var relativt «fleksible» (dvs. at ein (stats)eigedom og ei administrativ stilling ikkje var arveleg).

Desto meir påfallande er det at Japan, som på sitt vis utvikla ein føydalisme, som byggjer på privat (og arveleg) familieeigedom, ikkje er med i Tvedts forteljing. Kanskje det var nettopp denne skilnaden i eigedomssystem som var avgjerande for at Japan blei det første asiatiske industrilandet (frå ca. 1880 og framover)? Denne prosessen skjedde i utgangspunktet i statleg regi, og vel å merke etter mønster og inspirasjon frå Vesten; energien kom spesielt frå importert kol, ikkje frå dei framifrå japanske vassdraga; det naturlege politiske førebiletet var den keisarlege Bismarck frå Prøyssen og Tyskland. I Kina stod dei reformvennlege i byråkratiet svakare enn dei japanske kollegaene. Tvedt viser til at det fanst nok av «risikovennleg kapital» i Kina etter 1850. Klarare bevis trengst ikkje på at Kina hadde flust av andre manglar enn ustabiliteten i vassdraga, og at bremsene på utviklinga låg i det nasjonale systemet sjølv, og kastar samtidig mot Tvedts vilje glans over det «eksepsjonelle» teknisk-vitskaplege miljøet i vest.

Universalisme?

Som i tidlegare publikasjonar har Tvedt eit horn i sida til den såkalla universalismen – dvs. trua på allmenn menneskeleg likskap og menneskerettar; den er eit produkt av dei borgarlege revolusjonane, spesielt den amerikanske og den franske.# Den opphavlege skikkelsen til universalismen er kristendommen syn at menneska som like overfor Gud. Denne universalismen meiner Tvedt blir brukte på tvilsamt vis, spesielt via u-hjelpa, til å fremje særeigne, nasjonale interesser samtidig som den dekker over dei store kulturelle skilnadene mellom vestleg sivilisasjon og kulturen i politisk og økonomisk tilbakeliggande land. At vestlege makter bruker denne vestvende universalismen til å legitimere illegitime militære intervensjonar, er det ikkje vanskeleg å finne døme på. På den andre sida er det ikkje lett å skjøne kva Tvedt i sitt verdisystem vil setje i staden for universalismen (som i sin opphavlege skikkelse er kristendomens tese om at vi alle er like overfor Gud).

Tvedt seier m.a. dette: «Å erkjenne menneskers likeverdi, at alle er «født like» er noe diamentralt annet enn å tro at alle deler – eller ønsker å dele – de samme verdiene.» Første del av utsegna er i samsvar med elementær humanisme, men andre delen verkar ikkje spesielt gjennomtenkt. Skal menneskerettane# Begrepet menneskerettar forklarer ikkje kvifor det oppstod først på 1700-talet, med dei borgarlege revolusjonane. gjelde berre i demokratiske eller høgt utvikla land? Kva ville t.d. ein tvedtianar sagt om Tyskland etter Hitlers maktovertaking i 1933? Ikkje dele alle verdiane? Eller kva med haldninga til tortur i eit eller anna fattig diktaturland? Ingen grunn til protest fordi landet alltid har vore eit diktatur? Dei landa der menneskerettane i dag står relativt sterkt, har gjerne også hatt sine periodar der dei blei massivt krenkte.# Eit nærliggande døme er det greske militærdiktaturet 1967–74. Skulle vår tenkte tvedtianar også her seie «Ikkje dele alle verdiane?». At omfattande krenkingar i dag går føre seg i før-demokratiske land, er med andre ord eit dårleg argument for ikkje å døme moralsk ut frå ein internasjonalt akseptert etisk målestokk. «Rettighetstenking» er Tvedt skeptisk til, og her står han i fare for å hamne i ein kulturrelativisme som er i slekt med den undergangsvisjonære Oswald Spenglers spekulative førestilling om kulturkretsar («morfar»), som eksisterer i relativ isolasjon frå kvarandre, og der kvar krets har sine eigne normer# Spengler opererer i Vestens undergang (1918) med 9 slike kulturarkretsar: den epgyptiske, den babylonske, den indiske, den kinesiske, den gresk-romerske, den arabiske (delvis medrekna den bysantske), den meksikanske, den vestlege og den russiske. Dei fleste av desse er med i Tvedts eigen konstruksjon.. Eit nærliggande tvedtiansk alternativ til dette, kan vere nasjonalstaten med tilhøyrande nasjonalisme. Da er Tvedt i så fall framleis i samsvar både til sin eigen politiske barndom i AKP, og til det snevre nasjonale perspektivet i den førre boka – Det internasjonale gjennombruddet (2017). Det kan vere grunn til å minne om at også internasjonalismen byggjer på sjølvstendige nasjonalstatar.

Terje Tvedt: Verdenshistorie. Med fortiden som speil. J. M. Stenersens forlag as 2020, 428 s. Jon Langdal

Powered by Labrador CMS