Utgave: 4/2021

Heime på biblioteket

Leder

Å trø inn i biblioteket gjev alltid ei heimleg kjensle. Uansett kor ein kjem. Om det er barndomsbiblioteket i form av ein båt, ein buss eller skulebibliotek i ein omgjort gammal gymsal, eller det er eit staseleg signalbygg i framande byar. Gjenkjenning av bokryggar som ynskjer velkomen, av dempa prat og sider som vert bladd om, av lukta av papir og treverk og folk. Nye idear frå talarstolar, papirsider eller databasar. Det har alltid vore ei trygg hamn, frå hektisk skulekvardag, ukjende storbyar, for heimlause, internettlause, bokhyllelause, kontorlause. Biblioteket er kanskje den aller siste fullstendig opne offentlege staden. Det er det tallause grunnar til å hegne om, rope om og snakke om.

For dette er ei kjensle for oss privilegerte. Bøkene og ideane er noko av det fyrste totalitære makthavarar går etter, men eldsjeler risikerer livet for å beskytte retten til å lese og lære, som i Afghanistan under Taliban. Dei skjønar kor viktig biblioteka er for eit opplyst folk, og kva trugsel det er mot det totalitære.

I ein annan skala, men likevel meiner bibliotekforeiningsleiar Vidar Lund at folkebiblioteka i Noreg er truga. Det er kanskje baksida med det privilegerte Noreg, me gløymer kor viktig noko som biblioteket er, og tek det så grundig for gitt at det vert nedprioritert. Når dei blir det, er det dei mest sårbare som tapar på det, anten det er i bygde-Noreg eller i Afghanistan. Eit sunt bibliotek er kanskje det fremste teiknet på eit sunt demokrati, det er ikkje noko ein kan ta for gitt.

Powered by Labrador CMS