Verdas beste folkebibliotek

Deichman Bjørvika er tildelt den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA sin pris for årets folkebibliotek 2021.

– Dette er enormt. Denne prisen er det endelege beviset på at Oslo har gitt borgarane sine eit hovudbibliotek i verdsklasse, seier biblioteksjef ved Deichman, Knut Skansen i ei pressemelding.

Det nye hovudbiblioteket i hovudstaden konkurrerte med fire andre nybygde bibliotek i Australia, Belgia, Kina og Nederland.

Det som starta med 6069 testamenterte bøker frå forretningsmannen Carl Deichman i 1785, er no altså verdas beste folkebibliotek. I grunngjevinga frå juryen, skriv dei mellom anna at prisen skal heidre gode rollemodellar, noko Deichman «er eit skinande eksempel på». Dei trekk vidare fram eit bærekraftig bygg, teknologiske løysingar og å vere eit «paradis for bøker og lesing».

Sluttar med plast

Biblioteka i Helsinki og omegn sluttar med plastomslag på bibliotekbøkene sine. I staden skal alt nytt materiale bli beskytta av ein lokalprodusert plantebasert bioplastikk, utan fossile råvarer. Biblioteka i området kjøper inn om lag 120 000 bøker i løpet av eit år, og på denne måten vil biblioteka fortsette å beskytte bøkene sine, men med eit mindre miljøavtrykk, skriv dei på heimesida si.

Vil ha felles publiseringsplattform

Universiteta og høgskulane bør få ei felles publiseringsplattform for eigne publikasjonar, meiner ei arbeidsgruppe sett ned av Universitets- og høgskolerådet (UHR). I dag har åtte utdanningsinstitusjonar eigne lågsterskel publiseringstenester dei finansierer sjølv, og driv gjennom biblioteka sine. Arbeidsgruppa har i ein rapport føreslått ei felles plattform for fagfellevurdert publisering, basert på eksisterande infrastruktur, og finansiert av institusjonane.

Nye kart på Nasjonalbiblioteket

157 kart over Norden frå 1600- og 1700-talet er kome til i Nasjonal­biblioteket si samling. Karta er kjøpt inn av Sparebankstiftelsen DNB, skriv Nasjonalbiblioteket i ei pressemelding. Kartsamlinga er kjend under namnet Germundson­samlinga, etter svensken som bygde ho opp. I Nasjonalbiblio­teket kompletterer ho ei kart­samling som allereie er vurdert som verdas største og mest spektakulære samling av trykte kart over Noreg, Norden og nordområda.

Leserekorder

Foto: Colourbox.com

En rekke kommuner og bibliotek feirer rekord for årets Sommerles. Til sammen 164 000 barn har lest 2,3 millioner bøker i sommer. n

Pilotbiblioteka klare

Foto: Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum har valt ut fem kandidatar til å vere nynorske pilotbibliotek i 2021–2023, melder dei i ei pressemelding. Satsinga skal gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg sør og aust i Noreg.

Det kom inn 24 søknader frå skule- og folkebibliotek i kommunar med nynorskelevar, og dei fem som vart valde ut er:

  • Innlandet: Lom folkebibliotek

  • Rogaland: Sandnes folkebibliotek

  • Rogaland: Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående skole

  • Viken: Hemsedal folkebibliotek

  • Agder: Hægebostad og Eiken bibliotek

– Vi har lagt vekt på å velje bibliotek som har levert sterke søknader, som er motiverte, og som ser ut til å ha kapasitet til å delta i aktivitetane det er lagt opp til, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i ei pressemelding.

Bøker heime gir betre lesarar

Born som har eigne bøker heime, les betre. Det seier ei undersøking gjort blant skuleborn i Storbritannia. Berre 3,6 prosent av borna som ikkje eig ei bok sjølv, les betre enn det som er venta for alderen. For dei som har eigne bøker heime, er det same talet 22, skriv the Independent. Undersøkinga er gjort av velgjerdsorganisasjonen National Literary Trust, og fortel av nesten 400 000 britiske born ikkje eig ei bok sjølve. n

Språksenter fortset

Sametinget har bestemt seg for å løyve middel til fast drift av språksenteret på Stormen bibliotek i Bodø. Etter tre å som prøveprosjekt for å fremje samisk kultur, er konklusjonen at prosjektet er så vellukka at det fortener ein million årleg til arbeidet med språkopplæring, auka nysgjerrigheit og aktivitetar for å fremje den samiske kulturen.

– Me har jobba iherdig for å bli godkjent som fast språksenter, dette er me veldig glade og stolte over, seier biblioteksjef Trud Berg til Avisa Nordland.

Retting

I førre nummer kom me i skade for å kalle frilans­journalist Nina Kraft for Navn Navnesen i saka «Jeg er blitt et bedre menneske på grunn av biblioteket». Me legg oss flate og ber om orsak.

Bokklubb på Tik Tok

Medan leselyst blant unge står på strategiplanar både hist og pist, er emneknaggen #booktok blitt ein trend på det sosiale mediet Tik Tok. Innlegg merkt med #Booktok er sett 18 milliardar gongar på deletenesta. Mange legg ut sitat frå favorittbøkene sine, boktips, biblioteksbilete og meir eller mindre leserelevante videoar. I ein reportasje i The Guardian, fortel fleire tenåringar at trenden har fått dei til å begynne å lese, og det er også fleire norske brukarar som har blitt populære. Både bibliotek og bokhandlarar verda over har teke hintet, og lagar anbefalingslister ut frå kva bøker som er mest populære på Tik Tok.

Powered by Labrador CMS