Utgave: 4/2021

Livet etter pandemien

Kan vi byrje å sjå for oss livet etter pandemien no? I skrivande stund går smittetala oppover, samstundes som styresmaktene seier at det truleg blir slutt på nasjonale tiltak i slutten av september.

Norsk bibliotekforening

Årsaka er at vi har slutta særs godt opp om vaksinene. Dermed er det mindre farleg å bli smitta, og samfunnet kan gå vidare med ein redusert risiko for å bli skikkeleg sjuk av Covid-19.

Er det berre å gå attende til den gamle normalen? 1,5 år med pandemi har lært oss noko, og stadfesta andre ting. Vi har fått stadfesta at vi er viktige i liva til folk. Mang ein biblioteksjef og bibliotekar er stoppa på gata av lånarar som lurar på når biblioteket opnar att, og når de kan koma. Ikkje nødvendigvis for å låne – det fann dei fleste biblioteka praktiske løysingar på – men for å bruke huset. Dei saknar huset, dei saknar dei tilsette, dei saknar arrangementa og dei saknar kvarandre!

No er dei fleste etter kvart fullvaksinerte, men mange kjenner seg framleis usikre. Kan dei verkeleg bruke biblioteket som føre pandemien? For oss i biblioteka er det viktig å bruke helseråda frå styresmaktene. Dersom det verkeleg blir opna for fullt må vi i utgangspunktet stole på det. Samstundes må vi vera budde på å snu oss fort rundt dersom det kjem nye bølgjer av smitte.

Nokre av tiltaka vi har gjennomført ser vi kan og bør halde fram. Pandemien har sett enorm fart på utviklinga av digitale løysingar, og både møte, seminar og konferansar kan haldast digitalt eller som ein kombinasjon av digitalt og fysisk. I NBF har vi sett at det er både lettare og rimelegare å halde digitale møte, og ofte at oppslutnaden er mykje større òg. På mange måtar er det rett og slett meir demokratisk for ein organisasjon av NBF sin type, der medlemene er spreidde over heile landet. Små og fattige bibliotek har mykje større høve til å delta om ei samling eller seminar er digital.

Likevel: det fysiske møtet er viktig for fagleg utvikling òg. På dei digitale møta veit vi ofte ikkje kven som faktisk har vore der, sidan mange vel å slå av kameraet. I staden for å mingle og knyte kontaktar i pausane vel ein å logge seg av, det er slitsamt å sitje framfor ein skjerm i timesvis. Dei digitale møta blir ofte einvegskommunikasjon og ikkje så mykje dialog. Her er det mange høve til forbetring!

Til slutt – korleis vil pandemien påverke bibliotekplanlegging? Dersom pandemiar blir vurdert til å vera noko som kjem oftare, byr det på utfordringar for korleis biblioteka ser ut. Vi vil gjerne ha plass til folk, og kjem det ofte påbod om god avstand må biblioteka ha betre golvplass for å ha plass til like mange som før! Så konkret og banal er utfordringa. Her bør både Nasjonalbiblioteket og fylkesbiblioteka ta initiativ i samarbeid med helsestyresmaktene.

Powered by Labrador CMS