Utgave: 4/2021

Krisebiblioteka

– Biblioteka bør vere ein del av beredskapsarbeidet, seier førsteamanuensis på Oslomet, Sunniva Evjen etter å ha skrive rapport om biblioteka i pandemien.

På biblioteket i Bodø hadde dei take away-bibliotek under nedstenginga i fjor. Fra venstre: Christo Stangness, musiker, Elin Fostvedt, bibliotekar, Sissel Hughes, bibliotekar og leder samlingsutvikling, Trud Berg, leder, samt Stian Hansen, kura­tor. Foto: Eirik Bjarghov, produsent
Artikler

I artikkelen «Samfunnsoppdrag under press. Erfaringer og vurderinger i norske bibliotek under Covid-19» har ei gruppe forskarar ved OsloMet gått gjennom resultata av fleire spørjeundersøkingar blant bibliotektilsette under pandemien. I artikkelen gjev forfattarane eit overordna bilete av forskinga så langt. Og nokre funn er tydelege.

– Det som var tydeleg var at mange sakna at nokon tok ansvar for biblioteksektoren i ein situasjon der dei blei litt usynlege i til dømes i den enkelte kommunen. I ei krise blir alle korta kasta opp, og det blir stor usikkerheit. Det er eit inntrykk at mange sakna eit betre bilete av kva eit bilbiotek er i ei krise, seier medforfattar og førsteamanuensis ved institutt for arkiv-,bibliotek- og informasjonsfag på OsloMet, Sunniva Evjen.

– Må forankrast frå toppen

Ho seier det blir ei utfordring til fylkes- og nasjonalbiblioteka, sjølv om dei ikkje har eit klart mandat til det.

– Men det trengs ein slags paraply, eller eit samla forum. Det behovet blei veldig synleg, seier Evjen.

Professor Ragnar Audunson har stilt spørsmålet om biblioteka forsømte samfunnsoppdraget sitt i Bok og bibliotek tidlegare, og peiker på at samfunnsoppdraget til biblioteka i større grad ville vore teke i vare om dei heldt ope også i starten av pandemien. Evjen meiner det hadde vore lettare for biblioteka å ta ei slik rolle dersom den var betre forankra hos myndigheitene.

– Eg tenker fyrst og fremst at me har lært mykje om, og fått medvit rundt nokre svakheiter og manglar, som at biblioteka bør vere del av kriseberedskapen, at posisjonen må synliggjerast både lokalt og i biblioteksektoren.

Ni prosent av respondentane med leiaransvar i folkebiblioteka, svara at dei hadde blitt inkludert i kriseleiinga i kommunane. I fag- og forskingssektoren er talet 28.

– Det er jo litt rart at biblioteket, som har både lokale og eit informasjonsansvar, ikkje er tekne med, seier Evjen.

Ho meiner det er lita forståing for kva beredskapsressurs biblioteka kan ha.

Fokuserte på kjerneoppdraget

Stort sett stengde biblioteka dørene den 12. mars i fjor, sjølv om det har blitt gjort klart seinare at det ikkje var noko dei måtte. Då den andre smittebølga kom på hausten, vart dei løfta fram som viktige arenaer for born og unge, og heldt i større grad ope.

– Ein såg kanskje meir kor viktig biblioteket er som fysisk arena. Studentane reagerte også sterkt på at biblioteka stengde, og desse tinga var nok med på å synleggjere biblioteka si rolle i samfunnet, seier Evjen.

Det dei fleste biblioteka fokuserte på under den fyrste runden med nedstenging, var kjerneoppdraget. Dei fekk på plass take away-variantar for bøker, i tillegg til å ha digitale arrangement og at digitalt utlån fekk ein sterkt oppsving. Samstundes viser forsking frå Danmark at bruken av dei digitale tilboda er langt høgare blant folk i høge sosioøkonomiske skikt. Mellom anna Audunson har peika på at dette står i kontrast med samfunnsoppdraget om å utjamne ulikskap. Medan Evjen meiner samfunnet generelt må legge betre til rette for at biblioteka kan ha ei slik rolle i ei krise, er ho også einig i at biblioteka i større grad må ta ansvar for ei slik rolle sjølv.

– Eg hadde nyleg ei førelesing for nye bibliotekarstudentar, og tok opp korleis dei skal gjere samfunnet betre og vere endringsagentar. Då må ein ut og ta litt plass, det er klart det legg eit ansvar på bibliotekarane, seier Evjen.

Når det kjem nye kriser, håpar ho pandemien har lært oss noko.

– Krisa har gjort tydeleg kor viktige biblioteka er. Potensialet som ligg i det, må me ikkje gløyme når ting blir meir normalt. For det kjem ei ny krise, då kan me vere betre førebudd, seier Evjen.

Powered by Labrador CMS