Utgave: 4/2021

Trassar Taliban, kjempar for kunnskap

Organisasjonen Pen Path har starta bibliotek og skular over heile Afghanistan. Kva skjer no når Taliban har teke makta? – Om dei eller ei anna gruppe vil drepe meg eller våre frivillige, så er vi klare. Men vi vil ikkje leggje ned arbeidet vårt, seier Pen Paths grunnleggjar Matiullah Wesa.

Pen Path har donert tusenvis av bøker til afghanske born, og arrangerer heimeundervisning for jenter i område utan skular. Foto: Pen Path
Artikler

Då Matiullah Wesa gjekk i fjerde klasse, vart skulen hans nedbrend av Taliban. Det var far hans som hadde starta skulen, og han vart trua på livet, så familien vart nøydd til å søkje seg til ein annan del av provinsen Kandahar.

Det å bli hindra frå skulegang var ei erfaring som førte til at han og den eldre broren fleire år seinare tok initiativ til å opne den øydelagde skulen. Dette vart frøet til organisasjonen Pen Path, som no finst i heile Afghanistan og engasjerer 2400 frivillige. Leiar for verksemda er Matiullah Wesa, som i dag er 29 år og har utdanna seg i menneskerettar i India.

Når vi snakka med han på WhatsApp, har det gått to døgn sidan byen og landet fall i hendene til det nye regimet. Han er på organisasjonen sitt kontor sentralt i Kabul og fortel at han passerte fleire talibanarar på veg dit, men at det er stille i gatene.

– Løysinga er utdanning

Før samtalen har han sendt ei liste med 32 punkt som fortel om aktivitetane til organisasjonen, og kva dei har oppnådd. Først kjem dei 100 skulane som kunne gjenopnast. Sidan dei 46 skulane som organisasjonen har bygd frå grunnen. Deretter opprettinga av 39 bibliotek i dei mest avsides delane av landet, heimestudium for 1400 jenter i område der det heilt manglar skular, moglegheit for skulegang for 54 000 barn – både jenter og gutar – som ikkje hadde den retten tidlegare.

Slik følgjer punkt for punkt, heilt til punkt 29–32, som handlar om å etablere datalab, auke medvitet om diskriminering og menneskerettar, starta cricket- og fotballag og å drive kampanje for idrettsaktivitetar og mot narkotikabruk.

– Anten ein vil stoppe vald, stoppe krig eller stoppe alle slag diskriminering, er den einaste løysinga å gi folk utdanning. Vi har hatt 43 år med krig i Afghanistan, og den einaste grunnen til det er at folk er uutdanna. Om gutar og jenter i staden får gå på skule, får dei kjennskap til menneskerettar og lærer å respektere andre og ikkje støtte krig, men fred, seier Matiullah Wesa.

På Twitter har han delt ein filmsekvens frå i sommar der frivillige frå Pen Path køyrer motorsykkel i byen Spin Boldak. Han sjølv ser ut til å snakke i ein megafon. Ved første augekast kan dei takast for å vere talibanarar, som òg ofte køyrer motorsykkel. For å minimere risikoen for at regjeringstrugne fly skal forveksle dei med Taliban og gå til angrep, sit Afghanistans flagg på nokre motorsyklar. Og i staden for kalasjnikovar ber dei frivillige plakatar med tekstar som «We love education» og «Give us books».

– Gir oss ikkje

I tweeten har Matiullah Wesa skrive: «Jamvel i denne vanskelege tida når vi ut til folk og spreier bodskapen om at vi ikkje kjem til å forlate landet. Vi kjem til å slåst for jenters skulegang, menneskerettar og fred. Vi kjem til å forandre situasjonen i dette landet, vi kjem til å gjere det sikkert.»

Dette la han ut 11. august – framleis i ei anna tid, då Afghanistan enno ikkje var heilt under Talibans kontroll.

Korleis går det med Pen Path framover?

Han svarar både tillitsfullt og trassig målmedvite.

– For ti dagar sidan var eg i Kandahar. To kilometer unna var det krig, og vi høyrde rakettar og artillerield, men eg slutta ikkje å arbeide, for dette er målet vårt, retten og oppgåva vår. Om talibanarane eller andre grupper vil drepe meg eller våre frivillige, så er vi klare. Men vi vil ikkje leggje ned arbeidet vårt.

Mange skular, bibliotek og andre verksemder som Pen Path har teke initiativ til, ligg i område der dei heile tida har merka at Taliban er i nærleiken, og deira samtykke har ofte vore nødvendig for at dei for eksempel skulle få opne ein skule som var stengd.

Det har alltid vore mogleg å få eit slikt samtykke, seier Matiullah Wesa og forklarer at det heng i hop med Pen Paths folkelege forankring, og at organisasjonen har vore uavhengig av den nyss avsette regjeringa og utanlandske militære styrkar.

Under halvparten kan lese

Tal frå Svenska Afghanistankommittén viser at talet på barn som får gå på skule, har auka frå éin million til åtte millionar sidan Taliban mista makta i 2001. Dessutan er det bygd 12 000 skular sidan då, og talet på elevar som årleg går ut grunnskulen, har gått opp frå 10 000 til drygt 300 000.

Men trass i framstega er behova som Pen Path prøver å dekkje, framleis enorme: Nesten 60 prosent av befolkninga i landet kan verken lese eller skrive. Under det førre talibanstyret fekk jenter forbod mot å gå på skulen, og den motstanden heng også i. Human Rights Watch anslo nyleg at to tredelar av jentene i landet enno ikkje går på skule, og at det ofte kjem av truslar, trakasseri og direkte åtak.

Dagens talibanarar, som tydeleg prøver å framstå på ein annan måte enn føregjengarane for 20 år sidan, har fleire gonger forsikra at jenter ikkje lenger skal hindrast frå å gå på skule.

– Trur du at dei kjem til å stå fast ved det?

– Om dei ikkje held løftet, kjem vi til å kjempe imot dei. Vi vil ikkje at noka gruppe skal kunne hindre jenter frå å gå på skulen, seier Matiullah Wesa.

Han håpar at han ein gong får sjansen til å besøke Sverige eller eit anna land i Europa.

– Eg vil sjå korleis utdanningssystemet dykkar er oppbygd. Og eg vil sjå biblioteka og skulane dykkar for å kunne ta med meg nye idear heim om korleis eg skal bidra til utdanninga i dette landet.

Torsdag vart det publisert ei fråsegn frå IFLAs leiar Christine Mackenzie og generalsekretær Gerald Leitner om situasjonen i Afghanistan. Dei understrekar kor viktig det er med rett til utdanning, tilgang til informasjon, ytringsfridom og kulturelle rettar for alle. Eg sender fråsegna til Matiullah Wesa. Han svarar at han verdset deltakinga og engasjementet frå IFLA-leiinga.

– Eg vil gjerne vere ein del av den samanslutninga, seier han.

Henta frå Biblioteksbladet

Omsett frå svensk av Aud Søyland

Powered by Labrador CMS