Artikler
4/2021

Biblioteka med Afghanistan-støtte

Norske bibliotek sender støtte til Norsk PEN sitt krisefond for forfattarar, journalistar og kunstnarar i Afghanistan.

Maria Pile Svåsand

Tekst

Foto: Colourbox.com

Då situasjonen i Afghanistan eskalerte, og Taliban hadde overteke Kabul i slutten av august, fant biblioteksjefane i Asker og Stavanger ut at dei måtte gjere noko for å bidra.

– Me starta kampanjen «Ord på overtid», der biblioteka kan gje gebyrpengar til Norsk PEN og ICORN, som hjelper folk der sivilsamfunnet bryt saman, seier bibliotek- og kulturhussjef på Sølvberget Anne Torill Stensberg.

Like etter å ha blitt kåra til verdas beste folkebibliotek, kunngjorde Deichman Bjørvika at dei gjev prispengane, femti tusen kroner, til kampanjen. International Cities of Refuge Network (ICORN) og Norsk PEN sitt krisefond går til å gje økonomisk støtte til frie ytrarar som er på flukt eller lever i skjul på grunn av arbeidet sitt.

Lista over bibliotek som støttar kampanjen vaks raskt. Mange gjev overtidspengane for ein månad, andre gjev ein uavhengig sum til kampanjen.

– På Sølvberget tek me september, det er normalt 30–40 tusen kroner, kanskje det blir fleire som kjem for å gjere opp for seg når dei ser kampanjen. Så håpar me at enda fleire bibliotek blir med framover, seier Stensberg.

Ho synest det kjennes nært til bibliotekjobben å bidra for å hjelpe.

– I Noreg tek me ytringsfridom for gitt, låner bøker som me vil og har debattar og opne dører. Både Stavanger og Asker er fribyar, og har nær kontakt med folk som har flykta for ytringane sine.

Norsk PEN skriv på Facebook at dei dagleg får meldingar frå desperate kollegaer som treng hjelp. Fleire medlemer av PEN i Afghanistan er drepne, mellom anna poeten og historikaren Abdullah Hatefi, og leiar for Government Media and Information Center, Dawa Khan Menapal.

Også den internasjonale biblioteksforeininga (IFLA) har engasjert seg. I ei fråsegn skriv organisasjonen at dei er uroa for folket i landet, og særskilt dei mest sårbare.

Vidare skriv dei at dei stiller seg bak den globale støtta for at menneskerettane til det afghanske folket vert respektert, med særskilt fokus på retten til utdanning og tilgang på kunnskap, ytringsfridom og kulturelle rettar.

IFLA-president Christine Mackenzie og generalsekretær Gerald Leitner signerer fråsegna på vegne av organisasjonen.

Dei ber om at retten til å delta i kulturlivet, og at den afghanske kulturarva vert beskytta mot øydelegging og tjuveri. Vidare ber dei makthavarar over heile Afghanistan om å ta vare på biblioteka og samlingane deira, på private samlingar og på museum, arkiv, galleri og minnesmerke.