Utgave: 4/2021

Bibliotek = berekraft

– Delekulturen er grunnen i biblioteka, og dei kan ha ei sentral rolle i arbeidet med å nå berekraftsmåla, seier leiar i Norsk bibliotek­forening, Vidar Lund.

Telthyllene er nesten tomme på seinsommaren, men ein kan låne både frisbee og padleårer av Bua-ansvarleg på Kolben bibliotek Hans Martin Enger.
Artikler

Det er lett å komme seg på padletur på Kolbotnvannet: Lån åre, redningsvest og nøkkel på Bua ved biblioteket, lås ut kanoen på brygga og legg ifrå.

– Biblioteka har fleire roller i arbeidet med eit berekraftig samfunn, seier leiar i Norsk bibliotekforening, Vidar Lund.

Med ordførar, KS-leiaren og pressa på besøk, kasta han glans over berekraftsarbeidet ved Kolben bibliotek i Nordre Follo for å setje fokus på nasjonal bibliotekdag der tema for året er akkurat berekraft.

Oppskalering

På Kolben bibliotek har berekraftsarbeidet fått eit sentralt fokus i bibliotekdrifta. I ein litt støyande del av biblioteket, nemleg regnskogen, har ei stor gruppe born inntatt bærekraftsbiblioteket. Og ved sida av er eit rom fylt med alt frå slalåmstøvlar til padlebrett. Biblioteket har nemleg ansvaret for drifta av Bua, utlånsentralen for utstyr som femner frå verktøy til sparkesyklar via krokket og redningsvestar.

– Ser ein på berekraftsmåla er det vanskeleg å sjå mål biblioteket ikkje kan bidra på, seier biblioteksjef Aase-Liv Birkenes.

Med Bua-middel frå kommunen har biblioteket ein eigen Bua-bibliotekar, blant dei om lag 170 utstyrsordningane som Bua er fellesorganisasjon for, er om lag ti drive av bibliotek.

– Det har gjort at folk får opp augo for biblioteket på ein ny måte, og frå biblioteket er det lettare å nå alle, sidan me er ein stad utan stigma og terskel, seier Birkenes.

Biblioteket er også ein av deltakarane i forskingsprosjektet «Upscale» ved Cicero senter for klimaforsking, som ser på korleis offentlege bibliotek kan bidra til å auke bruken av delingsløysingar i lokalsamfunna og bidra til overgangen til eit lågutsleppssamfunn.

– Svært mykje av det praktiske berekraftsarbeidet vert gjort ute i kommunane, og biblioteket er berekraft, seier styreleiar i KS Bjørn Arild Gram.

Livskvalitet

– Meir låning bidrar til at me kan gjere noko med overforbruket, utan at levestandarden går ned. Det er aktiviteten, ikkje tingen, som gjev livskvalitet, seier Bua-bibliotekar Hans Martin Enger.

Han fortset med å fortelje korleis lån av friluftsutstyr også gjer at folk får oppleve aktivitetar dei elles ikkje hadde prøvd, noko han meiner er berekraft i sosial samanheng.

Nasjonal bibliotekdag skal gjere biblioteket synleg for både folk flest og politikarar, og ordførar i Nordre Follo, Hanne Opdan meiner den utvida delekulturen i mange bibliotek nok kan verte meir synleg.

– Mange tenker nok framleis på biblioteket som «berre» ein stad å låne bøker, seier ho.

Men ho trekker raskt fram engasjementet Bua har skapa i til dømes næringslivet, som har vore med å sørge for at det er noko å låne ut der.

Biblioteksjef Aase-Liv Birkenes og leiar i Norsk bibiotekforening, Vidar Lund, tek ein sjølvi med to padlande bibliotekarar i bibliotekslånt kano .

Bua

  • Ideell organisasjon for organisering av utstyrssentralar i kommunane.

  • Stifta i 2014 for å bidra til at utstyrsentralane vart kjent og fekk eit system for drift og utlån.

Powered by Labrador CMS