Utgave: 5/2021

Det starta så fint

Eit lite forum for å halde kontakten med studiekameratar på Harvard, der Mark Zuckerberg gjekk. På nokre år nådde det Noreg, og vips så hadde eg fri tilgang til alle eg nokon gong hadde møtt. Det var ukritisk utlegging av bilete frå både fest og basar, og me kunne ha lange (og private) meldingsutvekslingar på veggane til kvarandre i full offentlegheit. Det var 2007. Det har sveva mykje personopplysingar gjennom lufta sidan då.

Det gjekk kjapt frå ei kjensle av privat skuledagbok, til meir og meir reklame og firmasider. Facebook var den perfekte kanalen for å nå ut til folk, og ikkje nok med det – den var gratis!

I dag sendte ei veninne SMS om optikaren min. Ti minuttar seinare er reklamen for nemnde optikar øvst på Facebook-sida mi. Facebook er som å ha ein ven som har akkurat dei same interessene som eg (sjølv om hen er ganske dårleg til å høyre etter når eg allereie har briller). Det er berre det at denne venen er blitt multimilliardær på å sladre om alt eg bryr meg om.

Legg eg ut eit innlegg på Facebook-sida til Bok og bibliotek, når det berre nokre få av dei som føl oss. Samstundes får eg tjue pop-up-vindu som spør om eg vil booste innlegget for å nå fleire. Det er ikkje gratis lenger. Men eg kan putte pengar på eit innlegg, stille inn kva aldersgrupper eg vil nå, kva andre interesser målgruppa har, kvar dei bur, kva kjønn. Og så bortetter. For alt dette kan Facebook stille inn for meg, for ein viss pris.

Datatilsynet vil ikkje på Facebook fordi dei ikkje kan love at eit likarklikk på ein artikkel om til dømes overvaking på Facebook-sida deira, ikkje blir ein del av det dei kallar «min digitale tvilling». Er det stor forskjell på det, og til dømes det å like eit arrangement med tema overvaking på næraste bibliotek si side? Det er debatten me må ta framover. Biblioteka er allereie i gang med å kartlegge, det er Bok og bibliotek også. Svara har me ikkje enda.

Powered by Labrador CMS