Utgave: 5/2021

Regjeringsskifte – blir korta delt ut på nytt?

Då er valet gjort, og den nye regjeringa er komen i gang. I skrivande stund driv eg og førebur meg til budsjetthøyringar i Stortinget. Budsjetthøyringar som er basert på den avgåtte regjeringa sitt bud-sjettframlegg.

Vi har definitivt nokre ønskemål som vi har meldt inn og som sikkert gjeld uavhengig av kva regjering som styrer. Styrking av skulebibliotekutviklinga. Styrking av nasjonale fellestenester, særleg for folkebiblioteka. Styrking av innkjøpsordningane, særleg for skulebiblioteka men òg sakprosa og teikneseriar for folkebiblioteka. Styrking av Helsebiblioteket.no. Det viktigaste er likevel vanskeleg å talfeste i fyrste omgang: ein leselyststrategi som kan vera med og fremje lesing i åra som kjem. Denne strategien må særleg leggje vekt på born og ungdom, men vaksne må same kva vera med og gje status til lesing gjennom både skule og fritid.

Det spelar inga rolle kva farge katta har, berre ho fangar mus heiter det. Når ein vurderer tiltak som kan opne dørene til lesinga må ein òg vera ganske usentimental og sjå kva som fungerer og kva som ikkje gjer det. Eg har stor tru på at biblioteka og bibliotekarane skal vera sentrale i ein ny leselyststrategi, både i folkebibliotek, skulebibliotek og høgre utdanning (UH-bibliotek). Vi er i alle kommunar og gjev tilbod som kan tilpassast våre lokalsamfunn med born, unge og studentar. Likevel – det er ei utfordring at kommuneøkonomien er særs varierande. Om ein t.d. ser på ei gruppe mellomstore kommunar, mellom 10.000 og 20.000 innbyggjarar, ser ein at talet på innbyggjarar per årsverk i folkebiblioteket i 2020 varierte frå i overkant av 2100 til nesten 4500. Sjølv om det vil vera lokale variasjonar på struktur, t.d. om det er berre eitt eller fleire sentrum eller om busetnaden er veldig spreidd, er det klart at prioriteringane er særs ulike.

Når det er sagt: det er ikkje sikkert at statlege minstenormer for ressursbruk er det beste. Ein leselyststrategi må peike på mål, verkemiddel, vera ein idébank og stimulere til arbeid. Ikkje berre biblioteka, men òg dei som eig og er ansvarlege for dei: kommunestyra rundt omkring. For å få sving på lesesatsinga må ein finne tiltak som motiverer og skapar leseglede.

Med ein situasjon der det er 356 kommunar som gjer eigne prioriteringar er det viktig at staten legg til rette med ein infrastruktur der alle, både folke-, skule- og UH-bibliotek, får verktøy som kan formidle alt det digitale innhaldet ein no etter kvart rår over eller kjøper tilgang til. Vi treng ein digital infrastruktur som gjer det enkelt å formidle nasjonale fellesskapsressursar digitalt òg i bibliotek som ikkje har store økonomiske og digitale musklar på eiga hand. Dette gjeld ikkje berre det gamle materialet som er «falle i det fri», men òg materiale ein må betale for tilgang til.

Når du les dette veit vi vonleg litt meir. Det vil vise seg om det Hurdalsplattforma seier om leselyststrategi utkrystalliserer seg allereie i haust, eller om det kjem ei eiga støtteordning for meiropne bibliotek. Vi vonar iallfall på god dialog med det nye stortingsfleirtalet om ein framtidsretta bibliotekpolitikk.

Powered by Labrador CMS