Utgave: 5/2021

Klipparkivet

Skulebibliotek utan bibliotekar

Frå nyttår er det fire ungdomsskulebibliotek i Bærum som står utan skulebibliotekar. No utfordrar aksjonsgruppa «Bærum biblioteks venner» politikarane i Budstikka. Bente Ørberg i Bibliotekarforbundet seier til avisa ho meiner verken politikarane eller administrasjonen har respekt eller kunnskap om kompetansen skulebibliotekaren har.

Aksjonerer mot stengt bibliotek

I Glasgow har ei rekke bibliotek framleis ikkje opna etter at dei vart stengt på grunn av Covid-19-pandemien for over ett og eit halvt år sidan. Det har ført til fleire aksjonar på nettet, og til at ei gruppe held vekentlege leseaksjonar utanfor eitt av dei stengte biblioteka. Biblioteka er stengt på grunn av pengemangel, og det er framleis uklart når dei vi opne att.

Nytt didaktikkurs

Hva er egentlig «one-shot»- undervisning? Hvordan få til et godt samarbeid med faglærer? Hvordan ser konstruktivisme ut i praksis? Hvilke aktive læringsteknikker kan jeg bruke? Dette er bare noen av spørsmålene som diskuteres i et nytt nettkurs i bibliotekpedagogikk- og didaktikk. Kurset er laget av ansatte i bibliotekene ved NMBU, NTNU, OsloMet, UIO og UIT, og ligger åpent ute i Bokskapet.

Bok og bibliotek blir nytt

Frå neste nummer av vil Bok og bibliotek ha nytt design. Bladet vil sjølvsagt framleis vere fylt med det same biblioteksstoffet som før, men i ny innpakning. Som ein del kanskje har merka, har bokogbibliotek.no allereie blitt relansert i nytt og meir brukarvenleg format. Framover vil ein finne eigne nyheitssaker på nett, og bokogbibliotek.no skal vere ein stad for pågåande debatt på bibliotekfeltet. På den måten kan ein få ei levande debattplattform for biblioteksektoren, utan å vere låst til utgjevinga av papirutgåva. Samstundes vil det kome ut fire papirutgåver i året framover. Her vil me fortsette å lage den typen stoff Bok og bibliotek allereie er kjent for, reportasjar, innsikt, trendar og intervju frå biblioteksfeltet. Men ein vil også finne fleire djuptgåande reportasjar, meir debatt, meir idear og uventa tekstar frå nye stemmer.

Powered by Labrador CMS