Utgave: 1/2022

Mangfaldsdraumar

Mangfald! Det er noko biblioteka er blant dei aller beste på, i alle fall om ein ser på kven dei tiltrekker seg. Heile verda kan verke som dei er på biblioteket innimellom. Blant dei som jobbar i dei og er med i styre og stell, er det litt likare i rekkene. Det gjeld også i bibliotekarutdanninga. Og sjølv om det er vanskeleg å talfeste, er det tydeleg at bibliotekarstudentane også er ei homogen gruppe. Men kvifor i all verda er det sånn?

Ein skulle tru at ein stad som er så viktig for så mange, var ein freistande arbeidsplass for fleire. På OsloMet verkar viljen til å drive rekrutteringsarbeid god, men handlekrafta kanskje litt laber. Det bør vere mogleg å finne litt meir ut om kvifor og korleis om ein verkeleg vil.

Det må det gå an å gjere noko med. I dei elleve stillingsutlysingane etter bibliotekarar som ligg på finn.no akkurat no, er det under halvparten som oppfordrar folk med ulik bakgrunn å søke. I saka om mangfald lenger bak i bladet, nemner fleire at sektoren kanskje ikkje verkar like inviterande for alle.

I fleire sektorar har ein gjort ein innsats, nokre stader har det også fungert. I media har ein også hatt vanskar med rekrutteringa. På journalistutdanninga på OsloMet, har ein i ei i årevis hatt ei minoritetskvote for å tiltrekke seg fleire med fleirkulturell bakgrunn. NRK har ei eiga internutdanning for folk med minoritetsbakgrunn, og Samlaget har akkurat starta forfattarskule for den same gruppa. Kvoteringsløysinga har fått kritikk, og kvoten har ikkje alltid vore fylt opp, men det er noko ein ikkje fant ut før ein prøvde.

Men må ein ha mangfald? Bibliotekarane kan bestille inn det folk ynskjer, og dei ser jo kven lånarane sine er. Dei er ei yrkesgruppe som vil inkludere og vere opne for alle, sjølv om dei sjølve kanskje liknar litt mykje på kvarandre. Langt dei fleste biblioteka har heller ikkje mange tilsette, då er det vanskeleg å representere heile samfunnet utanfor biblioteksveggane. For kven skal ein fokusere på (fyrst)? Den største innvandrargruppa i Noreg kjem frå Polen. Mange stader slit dei med å rekruttere folk med samisk bakgrunn og språkkunnskap, og finsk, og kvensk. I tillegg kjem kjønnsmangfald, aldersmangfald, klassemangfald.

Skal ein ta opp desse tinga, er det ofte med litt redsle. Det er lett å trå feil. Men om me ikkje prøver å trå, og eventuelt tek lærdom når me trør i salaten, så kjem me ikkje vidare. Om ikkje biblioteka vågar, kven skal då?

Powered by Labrador CMS