Utgave: 1/2022

Endeleg møtest vi igjen!

18.-20. mars 2020 skulle vi til Haugesund på det store bibliotekmøtet. Det vart raskt avlyst etter meldinga frå regjeringa 12. mars om at Noreg blir nedstengt. To år med pandemi har vist oss at vi treng kunnskap vi kan stole på. Korleis kan biblioteka formidle fakta når vi treng det som mest? Dette er noko av det vi skal snakke om når vi møtest på Bibliotekmøte 2022 i Oslo i mars.

I skrivande stund har vi smitterekordar kvar dag, og likevel framstår det som ganske uaktuelt å stengje ned igjen. Det seier noko om utviklinga av både Covid-19 som sjukdom og den imponerande innsatsen som er gjort med både å utvikle vaksinar og arbeidet med å setje dei. Og ikkje minst: folk sin vilje til å ta vaksinane. Det er godt å sjå at vitskapen fungerer og at vi har eit system der politikarar og folk flest kan stole på vitskapen.

Eg meiner at biblioteka er ein viktig del av dette systemet. Om biblioteket er eit folkebibliotek, skulebibliotek eller innanfor forsking og høgre utdanning: det er eit viktig bidrag både i kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling. Eller folkeopplysning, som er det klassiske uttrykket. Dette vil vera med og prege årets bibliotekmøte. Korleis kan biblioteka vera med og synleggjera den samla kunnskapen vi faktisk sit på? Her vil vi få døme frå både fag- og forskingsbiblioteka, skulebiblioteka og folkebiblioteka om korleis vi kan formidle fakta.

Skal vi formidle fakta må vi ha tilgang til dei. Difor er det viktig at vi støttar opp om Plan S og Open Access i forskingssektoren, men òg at vi har tilgang til litteratur som formidlar forskinga. Dei færraste kan lesa avanserte forskingsartiklar om emne ein ikkje kan frå før, så biblioteka kan ta ei viktig rolle i forskingsformidlinga både lokalt og på nett. Dette og mykje anna vil du kunne snakke om på Bibliotekmøtet 2022. Vi sest i Oslo i mars!

Powered by Labrador CMS