Utgave: 1/2022

– Ei evig strid

Lena Andersson er mest kjent for romanane sine om kjærleiken. Ho ser litteraturen som ein metode og vil postmodernismen til livs.

I Svenska Dagbladet blir Lena Andersson kalla ein av den svenske idédebatten sine superstjerner, på denne sida av riksgrensa er ho mest kjent for dei fire romanane om kjærleik og det svenske Folkhemmet. Sjølv kjenner ho seg fyrst og fremst som romanforfattar.

– Eg held det å skape fiksjonen veldig høgt. Sjølve virket, altså. Det særmerkte med fiksjonen er at den rører ved sanningar om mennesket og livet, som ikkje journalistikken og vitskapen kjem til. Det gjer at skjønlitteraturen for meg er ein metode eg brukar for å få fram noko.

Kjærleik og velferdsstat

Rettsstridig forføyning, Gyldendal, 2014.

Ho vil på mange måtar det same med skjønnlitteraturen som med kronikkane sine, ho vil diskutere prinsipp og det allmenngyldige.

Dei to romanane Rettsstridig forføyning og Uten personlig ansvar har fått mykje merksemd. I bøkene møter ein Ester, den intellektuelle skribenten som vert hovudstups forelska i sjølvopptekne og emosjonelt utilgjengelege menn, men nektar å gje opp trua på kjærleiken. Med dette ville Andersson intellektualisere kjærleiken. Ho meinte det var på tide.

Det er noko narsissistisk i å bli krenkt.

I dei siste to bøkene sine tek ho for seg den svenske velferdsstaten og kva den har gjort med det svenske folket. Sveas sønn handlar om Ragnar, mannen som veks opp under framveksten av Folkhemmet, velferdsstaten og alt som følger med. Ein mann med prinsipp som rettesnor, og der fellesskapet står i fokus og å vere vanleg er eit heidersteikn. I oppfølgaren Datteren møter me generasjonen etter, Ragnar si dotter Elsa veks opp i ein forstad med like hus og snorrette hagar. Ho er god på ski, og idretten er den plassen klasseskilje og vanlegheit ikkje tel. Men Elsa reiser til USA og eit akademia der postmodernismen og poststrukturalismen regjerer. Det er ikkje noko som er absolutt eller naturleg, språket vårt skaper verkelegheita. Alt er idear.

– Dette er ein leiande idé i dag. Men eg trur det er feil. Eg trur ikkje det stemmer med korleis mennesket fungerer. Me søker ikkje berre vår eiga interesse, for eksempel, me søker det gode, det vakre. Me gjer ting fordi det er rett å gjere dei.

Platon er viktig for Andersson. Mannen bak ideane om det gode og kor viktig dyd er for oss, har levert grunnlaget for det som er blitt hennar kamp mot postmodernismen.

– Han utkjempa den same striden for 2500 år sidan. Det er ein evig strid.

Litteraturen som metode

Sveas sønn, Gyldendal, 2018.

Det er noko uvant i å snakke om litteratur som eit verktøy eller argumentasjonsmetode. Er det det for deg?

– Det er ikkje argumentasjon eg er ute etter, det er meir ei innsikt, eller å få auge på ei verkelegheit.

For ho veit kva det skal handle om når ho set i gang med ein roman.

– Eg veit ikkje kvar eg skal, men eg veit tema. Det må alle forfattarar vite, det er berre tull om dei seier noko anna, ein må vete noko.

Medan nordiske forfattarar i dag i stor grad vender seg innover og skriv om eigne opplevingar og kjensler, vil Andersson helst vekk frå ei psykologisering som gjer at alt blir for individualisert.

Livet er det det er. Ei samling realitetar.

– Eg kjenner meg tilhøyrande i ei anna tid, for eg vil ikkje berre fortelje om enkeltskjebnar. Ragnar og Elsa er enkeltskjebnar i utgangspunktet, men det er meir filosofisk enn det er psykologisk. Fordi det filosofiske er det allmenngyldige. Eg vil skildre Ragnar fordi han liknar mange andre, ikkje fordi han avvik.

Difor unngår ho å skrive ei for utbrodert bakgrunnshistorie om karakterane sine.

– Me er så opptekne av traume og å forklare. Ester har ingen bakgrunn, og det var eit nøye val. Eg ville skildre eit fenomen og ikkje gje folk moglegheita til å tenke at ja ja, ho har opplevd dette, då er det difor ho gjer som ho gjer.

Debatt på prinsipielt nivå

Datteren, Gyldendal, 2021.

Men kvifor skal ein liberalistisk samfunnsdebattant skrive to romanar om kjærleiken?

– Det er også ein del av min platonisme, eg ser på desse ideane som verkelege. Kjærleiken er ein idé som me har tilgang til og kan forstå oss på, og som me kan få vere med på. Den skal ikkje øydeleggast.

Andersson meiner me ser kynisk på kjærleiken og har redusert den til ein myte med å snakke om den som eit fenomen beståande av kjemi og nevron. Det er både Andersson og Ester ueinige i.

– Ester går imot dagens idé om at kjærleiken er konstruert. Det er nok difor romanane om ho fekk mykje merksemd og blei diskuterte. Det var eit uventa plot at Ester, som den moderne personen ho er, ikkje er med på at kjærleiken er ein illusjon, men er noko særskilt. Det kolliderer.

Andersson trur det er grunnen til at til dømes Hollywood-filmar har så stor appell, fordi det er eit ideal me veit at det er mogleg å oppleve.

– Kjærleiken finst. Det er det Ester opplever, for ho er kjærleiken det største, men det er ikkje det desse mennene vil ha. Dei er ikkje interesserte i det. Men Ester tek ikkje feil i at den typen kjærleik er mogleg, ho vel berre feil menn.

Ei heiderssak

Uten personlig ansvar, Gyldendal, 2016.

Romanar er gode stader å diskutere eksistensielle spørsmål, meiner Andersson. Dei er så langsame at folk ikkje rekk bli krenkte undervegs. Det er annleis når ein skriv kronikkar og spalter i avisene.

– Eg ser det som ei heiderssak å unngå personstrid og heller sjå på kva som er sagt, enn kven som sa det. Men om ein ynskjer seg merksemd, skal ein jo skrive namnet på den som har gjort noko. Då blir det ein kamp mellom folk i staden for tankeutveksling, seier ho.

Kjærleiken er ikkje oppdikta, den finst.

For ho kjenner seg ganske aleine om å ville diskutere sak og prinsipp i identitetspolitikken si tid.

– Dei fleste held heller på med personstrid eller partipolitikk. Eg skriv om idear og har blitt meir interessert i kvifor me har meiningane våre, kva dei grunnar i.

Middagsselskap

Virkeligheten og alt det andre, Gyldendal, 2018

Ho er lei av ein samfunnsdebatt der diskusjonen så ofte går over til å handle om språk og ord i staden for saka ein tok utgangspunkt i.

– Med det same nokon er krenkt, er saka vekke. Eg prøver iherdig å unngå å bruke namn i saker eg skriv om. Brukar ein namn, kan ein skape større overskrifter, men det er ikkje enkeltsakene som er interessante, det er situasjonen i seg sjølv. Og den debatten er det vanskeleg å få til å ta. Det endar alltid opp med å handle om kven som sa kva.

I samfunnsdebatten vil Andersson vekk frå eit debattklima ho synest blir forstått som eit middagsselskap, der etikette er det viktigaste og ein må tenke meir på kven ein kan fornærme, enn kva ein vil seie.

Ho meiner det å påberope seg å vere krenkt har blitt ei form for maktutøving.

– Ofte er jo ikkje det som vart sagt, krenkande i utgangspunktet, men det er nok at nokon hevdar seg krenkt. Og når nokon er krenkt, då er debatten slutt, då er ein eit dårleg menneske og må seie unnskyld. Det er ein måte å få det stilt på og gjer det vanskeleg å diskutere noko som helst.

Lena Andersson

  • Svensk forfattar og journalist

  • Har gitt ut 16 romanar og sakprosabøker, fem av dei er omsette til norsk.

  • Har mellom anna skrive spalter, kronikkar og litteraturmeldingar i Svenska Dagbladet, Dagens Nyheter og Fokus.

  • Var programleiar i Allvarligt talat i Sveriges Radio, der ein tek opp eksistensielle spørsmål frå lyttarane.

  • Ho er æresdoktor i filosofi ved Linnéuniversitetet.

Ragnar aldri krenkt

– Eg kan forstå at ein blir krenkt av det som står i avisa, det blir eg òg. Men når ein kjenner seg krenkt, skal ein framleis legge svaret på eit rasjonelt nivå. Det betyr at ein må intellektualisere kjenslene, sjølv om det krev meir tid og arbeid av ein sjølv.

Det slår meg at Ragnar i Sveas sønn ikkje hadde blitt krenkt.

– Nei, han hadde blitt sint. Men han ville ikkje tillate seg å bruke den slags argument. Han hadde tenkt «ok, eg må svare på den måten som passar seg for debatten».

I ei scene i boka diskuterer den prinsippfaste hovudkarakteren med dottera, i det ho påpeikar at argumenta hans ikkje held mål, må han av prinsipp gje seg og la ho vinne krangelen. For han har ikkje kjensler noko i ein prinsipiell diskusjon å gjere.

– Det er noko narsissistisk i å bli krenkt, og er det noko Ragnar er oppteken av, er det å ikkje vere sjølvoppteken. Han er ikkje antiindividualist, ein skal vere individualist og samstundes kjempe for samfunnet. Men han er antinarsissist.

Den haldninga har kanskje snudd no?

– Ja, folk er blitt uhøyrt sjølvopptekne!

Kva skjedde?

– Det er nok ein innvikla prosess. Eg trur det er ei feiloppfatning av den liberale katalogen over rettar, som er mykje strengare enn folk trur. Individuelle rettar og friheiter er eigentleg ei formell sak overfor staten. Det er rasjonelt, du har like mykje friheit som eg. Det betyr at eg ikkje kan gjere noko mot di friheit, og det er ei innskrenking i friheita mi som eg må tåle. No har ein teke det prinsippet og lagt det i kjenslelivet. Ein opplever at ein har rett til å kjenne seg bra, og seier at staten skal garantere for det.

Og med det tek me sjølve ikkje ansvar for kjenslene våre?

– Nei. Det er veldig få som er einige med meg i dette. Ein oppfattar det som at ein har rett til å kjenne seg krenkt.

Så no er utgangspunktet vårt at me har rett til å ha det bra, medan Ragnar og Svea hadde ei innstilling om at livet ikkje i utgangspunktet er enkelt.

– Ja, den opplevinga finst veldig sterkt. At nokon skal ordne det for ein. Ragnar, derimot, har ingen illusjon om at nokon skal ordne det. Sjølv om han er sosialdemokrat, så er innstillinga at livet er det det er. Ei samling realitetar.

Kva ventar vidare no, då?

– Det er det Datteren handlar om. At det moderne prosjektet går vidare til ein slags nihilisme, ingenting er objektivt sant lenger. Då blir ein narsissist, om ingenting anna finst. Det er det Elsa møter i bøkene, at all common sense er borte, medan ho kjem frå ein bakgrunn der det du ser i verda, er det du ser.

Det er ei haldning i tida at me stiller spørsmål ved alt, meiner Andersson. At alt berre er historieforteljing og ingenting er naturbestemt.

– Då forsvinn jo bakken me står på. Og eg er ueinig, menneske er natur, og det er noko som er grunnleggande menneskeleg. Det er ein fundamental tanke som eg nyttar meg mykje av.

Powered by Labrador CMS