Utgave: 1/2022

Status Trettebergstuen

Kulturministeren vil gå gjennom både strategiar og lover for biblioteka. Men kan ikkje love at det vil følgje pengar med endringane ho gjer.

Kulturminister Anette Trettebergstuen fortel om store ambisjonar for bokpolitikken.

Det har stått Anette Trettebergstuen på kontordøra i Kulturdepartementet i 87 dagar då Bok og bibliotek får audiens. I det bladet kjem ut, er dei famøse hundre dagane akkurat ved å bli runda. Me fekk femten minuttar til å spørje kulturministeren ut.

Kva vil du med biblioteka?

– Eg elskar biblioteka. Eg har eigentleg vakse opp i eitt. Eg blei den eg er ved å vekse opp på Vang bibliotek. Opne bibliotek som er tilgjengelege for alle, er jo sosialdemokratisk kjernepolitikk, seier kulturministeren.

Og politisk har ho lagt planar for dei, sjølv om makta er noko avgrensa med kommunalt eigde folkebibliotek og universitets- og skulebibliotek under andre departement.

– Mykje er rigga andre stader, men me har ein bibliotekstrategi etter den førre regjeringa. Den vil eg revidere med sikte på å styrke sektoren. Det arbeidet startar no, saman med sektoren, seier Trettebergstuen.

Boklova er under arbeid, den kjem så snart den er klar, seier statsråden. Og då er det bibliotekstrategien sin tur, sånn rundt sommaren eller til hausten.

Norsk bibliotekforeining ropar varsku om tilgangen til folkebibliotek, og det føregår aksjonar for å verne skulebiblioteka fleire plassar. Biblioteklova blir broten, kva kan du gjere med det?

– Noko ligg til utdanningssektoren, noko ligg hos kommunane, men eg har det politiske koordineringsansvaret. Difor vil me sjå nærare på bibliotekstrategien. Og fordi eg høyrer det eg høyrer om tilstanden i biblioteka, meiner eg det er på tide å revidere strategien allereie no.

Kultur blir ofte ein salderingspost i kommunane, vil det følgje øyremerkte midlar med strategiane?

– Det sit langt inne for denne regjeringa å øyremerke midlar på den måten. Men eg er opptatt av å lytte og sjå på alle moglege slags forslag til korleis me kan styrke biblioteka. Eg er relativt fersk i jobben og vil ikkje gifte meg med nokon forslag, men er opptatt av å starte arbeidet med å sjå på kva me kan gjere.

Men ho vil lage ein leselyststrategi som verkar likevel.

– Målet er ein strategi som skal funke. Kanskje er det med verkemiddel som kostar pengar, kanskje er det andre ting. Målet er at den skal få barn og unge og særskilt gutane til å lese meir, om ikkje er det ikkje nokon vits i å legge fram ein strategi, seier ho.

Då Støre-regjeringa overtok makta, overtok dei også Erna Solberg sitt siste statsbudsjett. Dei tillegga den nye regjeringa rakk å få inn, var mellom anna 100 millionar meir til kultur og likestilling. Men trass i at Arbeidarpartiet hadde lova å styrke innkjøpsordninga med 25 millionar i sitt alternative budsjett året før, stod det ikkje noko om bibliotek eller bøker på lista over prioriterte postar i tillegget for 2022.

– Me har store ambisjonar på litteraturfeltet, men me hadde om lag ei veke på oss til å endre på det budsjettet som ligg inne no. Neste år lagar me det fyrste budsjettet sjølve, seier Trettebergstuen til det.

Medan me ventar på boklova, er ei ny kulturlov også på trappene. Samstundes som me allereie har ei boklov, som mellom anna Norsk bibliotekforeining har peika på ofte blir broten.

Korleis skal du sørge for at kulturen blir prioritert i kommunane?

– No har regjeringa allereie gitt kommunane større økonomisk spelerom gjennom budsjettet, det må også kome kulturen til gode. I arbeidet med ei ny kulturlov vil me sjå på kva som skal vere lovpålagte tilbod og ikkje. Eg er opptatt av at biblioteka skal bli prioritert, seier Trettebergstuen.

Powered by Labrador CMS