Utgave: 1/2022

Einsformig biblioteksektor

Biblioteka er ein stad fylt med mangfald. Men dei som styrer institusjonane, er ein homogen gjeng. Bibliotekarforbundet vil ha ein felles innsats for å snu skuta.

Seksjonsleiar ved Deichman Holmlia, Nisrin Maktabi Barkouki.

Korleis står det til med mangfaldet i biblioteksektoren?

Seksjonsleiar ved Deichman Holmlia, Nisrin Maktabi Barkouki, svarar med latter i andre enden av telefonen.

– ... men det kjem!

Like før jul gjekk det ein debatt i Klassekampen om mangfaldet blant kulturmeldarane, dei er oftast kvite menn. Mellom andre gjekk forfattar og Fett-redaktør Sumaya Jirde Ali ut og meinte dette gjer at ein «har en kritikerstand som ikke forstår at litteraturlandskapet har endret seg». For eit år sidan gjekk debatten om forlagsbransjen i Bok365, då Dilani Vamapahan kunne konkludere med at det blei ein nedgang på 25 prosent i bransjen med fleirkulturell bakgrunn. Kva så med biblioteka?

Einaste i sentralstyret

Biblioteka blir svært ofte trekte fram som viktige integreringsarenaer, og mellom anna bibliotekbruksundersøkinga har vist at folk med innvandrarbakgrunn brukar biblioteka i større grad enn dei utan.

Men ein uformell gjennomgang Bok og Bibliotek har gjort, viser at det er svært lite mangfald i sentrale organisasjonar i sektoren. Norsk Bibliotekforening, Bibliotekarforbundet og sekretariatet for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket består i all hovudsak av kvite folk med norskklingande namn. Blant dei to sistnemnde er det utelukkande det.

Dersom Barkouki blir vald inn som vara i sentralstyret i Norsk Bibliotekforening i mars, blir ho den einaste der med fleirkulturell bakgrunn. Legg ein til dei til saman rundt 120 personane som sit i ulike faggrupper, regionlag og hovudstyre, er det fem personar med fleirkulturell bakgrunn.

– Må bli naturleg

– Det er absolutt viktig med meir mangfald i biblioteka. Ikkje berre for at lånarane ser at me speglar samfunnet rundt oss, men også fordi ein kanskje har ein litt annan innfallsvinkel om ein har sett verda på ein litt annan måte. Det berikar biblioteka og tenestebiletet, seier Barkouki sjølv.

Vidare peikar ho på at det er viktig å komme vidare frå å snakke om mangfald og å vere oppteken av å hake av i boksar om at ein har fokus på det, til at det blir ein naturleg del av kvardagen.

– I daglegvareforretninga er det blitt heilt naturleg at det er både hummus, taco og kjøttkaker i hyllene, sånn må det bli med folk også, seier ho.

Blendakvit forsamling

Forbundsleiar i bibliotekarforbundet, Veronicha Angell Bergli.

De har tilsynelatande få representantar med fleirkulturell bakgrunn i Bibliotekforbundet?

– Eg opplever medlemene våre som ei ganske så blendakvit forsamling, og framleis relativt kvinnedominert, seier forbundsleiar Veronicha Angell Bergli.

Bibliotekarforbundet organiserer dei fleste bibliotekarutdanna i landet.

– Det er eit paradoks at det er så kvitt i sektoren. Me har ein jobb å gjere. Me må få rekruttert og jobbe strategisk. Og eg trur me må jobbe saman i sektoren for det, for fortset ho.

Bergli understrekar at det er andre aktørar som må bidra til rekrutteringa til yrket.

– Eg meiner utdanninga har eit særskilt ansvar, men me kan gjerne vere med å bidra inn i ein kampanje eller anna arbeid, seier ho.

– Bibliotektilsette bør jo i høgste grad representere samfunnet. Både når det gjeld etnisitet og alt anna, frå kjønnsidentitet til motepreferansar, seier Bergli.

Kunne de gjort meir for å rekruttere meir mangfaldig?

– Me kan jo alltid jobbe med medlemsgrunnlaget, men me har jo kriterium om bibliotekfaglig utdanning. Sånn sett kan det hende me er eit bilete på den fagutdanna bibliotekaren.

Difor trur ho det er viktig å jobbe med å rekruttere fleire til yrket.

– Ein må gjere det meir attraktivt for ei breiare gruppe å ville bli bibliotekarar. Eg veit at i Finnmark slit ein med å rekruttere folk med samisk og finsk språkkunnskap. Det er veldig viktig å kunne i dei språkområda. Så det er ein jobb å gjere på mange plan i rekrutteringsarbeidet, seier Bergli.

Norsk Bibliotekforening har ei spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester, men det er ingen av medlemene i den som har fleirkulturell bakgrunn.

– Det er krevjande å rekruttere, men me er jo ein organisasjon folk melder seg inn i når dei allereie er i sektoren. Rekruttering må skje før det, seier leiar i Bibliotekforeininga Vidar Lund.

Vilje og intensjonar

Og rekrutteringsjobben er det gjerne bibliotekarutdanninga som må stå for. Instituttleiar ved institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag på OsloMet Tor Arne Dahl seier det fyrst og fremst er vanskeleg å vete kva stoda er.

– Ein kan ikkje få statistikk på mangfald. Me spør ikkje om rase og bakgrunn frå det offentlege i Noreg, seier Dahl.

Men han fortel også at det er eit ynske om å rekruttere bibliotekarstudentar frå eit breiare sjikt i befolkninga.

– Me har eit ynske om å rekruttere fleire med ein bakgrunn som speglar befolkninga. Og me har ikkje dokumentasjon, men me ynskjer meir mangfald, seier Dahl.

Han viser til Hej-kampanjen, som vart starta ved Bibliotekshögskolan i Borås. Der laga dei rekrutteringsmateriell på ei rekke språk og ynskjer å tiltrekke seg folk med andre morsmål enn svensk og som har forståing for ulike kulturar.

– Me hadde ambisjonar om å gjere noko liknande, men det har kokt litt vekk under pandemien, seier Dahl.

Må sjå verdien

Nisrin Maktabi Barkouki meiner ein som sektor må sjå på kvifor ein ikkje rekrutterer fleire med minoritetsbakgrunn på fleire felt, både kva status yrket har, og kor oppnåeleg og inkluderande ein verkar. På Deichman har ein jobba aktivt med å tilsetje folk med innvandrarbakgrunn også i dei stillingane som ikkje krev bibliotekarutdanning.

– På Holmlia er til dømes stillingar som ungdomskonsulent, bibliotekbetjent og programansvarlig fylt av tilsette med ulik bakgrunn, både fagmessig, språkleg og kulturelt. Sidan det er stillingar som krev at ein har ei breiare forståing av biblioteket si rolle, funksjon og påverknad i samfunnet, er det fullt mogeg å tilsette personar med riktig kompetanse, sjølv om det ikkje er bibliotekutdanning ein har.

Barkouki har også fleire ungdomstilsette med minoritetsbakgrunn.

– Dei er 17–18 år og får augo opp for korleis det er å jobbe i biblioteket. I tillegg får me ein kjemperessurs gjennom deira bakgrunn som unge kultur- og språkkyndige, seier ho.

Og det trur ho er ei viktig haldning også i tilsetjingsprosessar.

– I staden for å tenke på ulik kulturell bakgrunn som eit hinder, må ein sjå på alle dei goda ein får ved å tilsetje dei med ein annan kulturell bakgrunn. Kanskje må ein legge bitte litt til rette, men så får ein til dømes ein tilsett som snakkar fem språk flytande, seier ho.

– Har eit ansvar

Forfattar og litteraturvitar, Marjam Idriss

– Som barn fann eg fleire bøker om å vere halvt vampyr enn å vere halvt svart på biblioteket mitt, seier forfattar Marjam Idriss.

– Det påverka ikkje berre sjølvtilliten min, men gjorde at eg ikkje hadde eit språk til å snakke om rasisme før eg blei eldre. Biblioteka burde vere rom der born kan lære meir om seg sjølve, uansett kven dei er, og bli glade i dei tinga som kanskje ikkje blir verdsette av resten av verda. For meg var det dessverre ikkje sånn, seier forfattar og litteraturvitar Marjam Idriss.

Ho fortel at då ho leita etter antirasistiske bøker på biblioteket i Rogaland rundt tusenårsskiftet, fann ho lite. Seinare bestilte ho bøkene på nettet til veslesystera si.

– Biblioteka er staden

– Det tok meg lang tid å lære om rasisme, og det blei i stor grad opp til foreldre og familie å lære meg. Men eg synest offentlege institusjonar har eit ansvar her, spesielt med tanke på at dette er noko ekstremt mange nordmenn opplever, seier ho.

Ho understrekar også rolla biblioteka har som den staden dei fleste møter litteraturen for fyrste gong. Idriss skulle gjerne ha møtt ein bibliotekar som kunne kjenne att opplevingane hennar, eller som kunne gitt ho bøkene ho kunne kjenne seg att i.

– Også om ein ser vekk frå rekrutteringa, må me ha desse samtalane for å bli medvitne. Ein legg ikkje merke til om ei gruppe er veldig homogen, om ein er del av norma. Ser ein etter, står det dårleg til med mangfaldet. Biblioteka er staden å byrje, seier ho.

«Kjenner brukarane seg inkludert? Det er vanskeleg å måle.»

Kjem seg

Men det går rett veg, og utviklinga akkurat no er veldig god, meiner Idriss. Biblioteka har tilbod som Det flerspråklige bibliotek for å auke breidda i tilbodet. Samstundes har vi organisasjonen Assata, eit aktivistisk bibliotek starta av unge og del av ei rørsle for avkolonisering. Dei bygger for tida opp ei samling bøker og seier at 70 prosent av samlinga dei har til no, ikkje er tilgjengeleg hos norske bokhandlarar eller bibliotek.

– Eg sjekka Deichman no, og mange av dei eg ikkje fann før, er der no. Fleire fordi dei har blitt omsette til norsk, så forlaga har også kome på banen. Ofte dei små forlaga, men det er veldig kult. Ein har ei bølge av antirasistisk litteratur no, inkludert ei rekke norske forfattarar.

Idriss peikar på at det er viktig å halde rett fokus i debatten.

– Me har mist litt retning i til dømes samtalen om avkolonisering, som har fått eit dårleg rykte. Folk tenker dei skal slutte å lese Ibsen, men det er ikkje det som er poenget. Det er at det ikkje berre er blant kvite, vestlege forfattarar ein finn stor litteratur, men at dei forfattarane har vore vanskeleg å finne. Då eg studerte litteraturvitskap, var Toni Morrison den einaste svarte forfattaren på pensum, det er ikkje lenge sidan, men det har heldigvis endra seg.

– Vil møte brukarane

I det siste har det kome fleire norske bøker om antirasisme. Som Tinashe William­sons Håndbok for unge antirasister, 2021.

Leiar i Norsk Bibliotekforening Vidar Lund trur bibliotekarar flest er opptekne av å ha ei samling som appellerer til alle.

– Ein er jo opptekne av å møte brukarane sine. Dei fleste biblioteka jobbar aktivt med fleirkulturelle brukarar og har eit aktivt forhold til det mangfaldet som er i lokalsamfunnet sitt.

Samstundes er det vanskeleg å vete korleis dette arbeidet blir møtt.

– Det er den meir indirekte biten, kjenner brukarane seg inkludert? Det er vanskeleg å måle.

At det finst bøker ein ikkje får tak i, er ei sak med fleire sider, påpeikar han.

– Er ei bok gitt ut på norsk, får ein tak i den. Så er det kanskje dei som er litt blinde for kva som blir gitt ut på engelsk, og leitar på norsk om ein spør etter eit tema.

Men også ressursane får sitt å seie for mange utvalet i bibliotek.

– Folkebiblioteka og skulebiblioteka skal fordele knappe ressursar på medium og emne. Alle bør ha eit utval om rasisme og antirasisme, då vil den totale boksamlinga ein finn via Bibiloteksøk ha eit godt utval ein kan bestille frå, seier Lund.

Powered by Labrador CMS