Utgave: 2/2022

Hjartet i lokalsamfunnet

Nasjonal bibliotekdag er 1. september. Det er Frivilligåret 2022, og vi feirar samarbeidet mellom biblioteka og dei frivillige. Frivillige er med og gjer biblioteka betre, og biblioteka er med og gjer frivilligheita betre.

Biblioteka og dei frivillige organisasjonane kjem frå det same opphavet: folkeopplysning, engasjement og delingskultur.

Frivillige organisasjonar har arrangement i biblioteka, både som ansvarlege arrangørar og som samarbeidspartnarar. Frivillige er med og er leseombod, driv kodeklubb, hjelper til med lokalhistorie, er med på digihjelp til eldre, les høgt for ungar, er vertar på språkkaféar, hjelper til gjennom Frivilligsentralen med skyss til biblioteket og mykje anna. Dette er midt i blinken for biblioteket si rolle som lokalsamfunnssenter.

Ein definisjon av bibliotek (i kortversjon etter Ragnar Audunson) er at det er ein institusjon som med hjelp av organiserte samlingar set i gang sosiale prosessar for læring, kunnskapsdeling og kulturformidling. Den frivillige innsatsen er ein viktig del av dette, både gjennom organisasjonslivet og den meir individuelle innsatsen frå nokon som vil gjera ein innsats for andre.

Så langt ser det heldigvis ut til at vi har unngått at sjølve grunndrifta av biblioteket blir sett ut til frivillige, slik ein ser i til dømes Storbritannia. Frivillige gjer ein viktig innsats, då er det etter mi meining viktig at det er gode rammer rundt. Det vil seie at det er tilsette har ansvar for drifta og planlegging, mens frivillige bidreg på ulike måtar. Mange har spisskompetanse dei gjerne vil dele med andre, då er biblioteket ein ypparleg arena.

Bibliotek + frivillige = sant.

Powered by Labrador CMS