Utgave: 2/2022

Ukraina

24. februar invaderte Russland Ukraina. Sidan er fleire titals bibliotek i landet skadd av russiske angrep. Samstundes jobbar det ukrainske og det internasjonale biblioteksmiljøet for å sikre den ukrainske kulturarva, jobbe for å tilby ei biblioteksteneste både i Ukraina og for ukrainske flytningar i andre land. Men biblioteka har også fungert som møteplassar, som tilfluktsstad, som flyktningmottak og som informasjonssenter.

Skadar på eit offentleg bibliotek i Tsjernihiv, nord i Ukraina, tatt 11. mars.
Bibliotek i Sievierodonetsk i Luhanskregionen i austlege Ukraina etter eit rakettangrep.
Tilsette på avdelinga for sjeldne manuskript og eldre bøker ved Andrey Sheptytsky Nasjonalmuseum i Lviv pakkar ned deler av samlinga for å redusere faren for skadar under angrep.
Medan dei vaksne vevar kamuflasjenett, leikar borna på eit tidlegare biblioteket i Lviv sentrum den 15. mars.
Skadar på eit bibliotek etter eit rakettangrep i Sievierodonetsk i Luhanskregionen i austlege Ukraina.
Ei kvinne frå landsbyen Bysjiv ser på bøker nær eit øydelagt bibliotek i utkanten av Kyiv 25. mars.
Powered by Labrador CMS