Utgave: 3/2022

Ingen grunn til å vera god nordmann

Eg kunne ha brukt min første leiar til å seia kor takksam eg er over å ha fått denne jobben, eller til å påstå at eg er audmjuk. Eg kunne ha skrive om opplevinga av å gå frå å jobba for eitt bibliotek i Skien til å jobba for alle i Noreg. Eller eg kunne ha forklart kva eg ser som dei to viktigaste måla til Bok & bibliotek: å bidra til fagutvikling og felles identitet blant alle bibliotektilsette. Men eg vil heller skriva om bønder.

Bønder er råvareprodusentar. Utan bønder, inga mjølk på Sjokopopen, ingen eggekvite i marengsen, ingen får i kålen eller kål i fåret. Og, viktigare for mitt poeng, heller ikkje jobb til slaktebilsjåførar, meieritilsette, truckførarar og han i kassa. Men det er likevel sjeldan nokon får hetetokter og sviktande semantikk når ein gardbrukar kjem inn i butikken. Heller ikkje kjem Rimi-hagen springande og byr bonden på gratis Biola og skulebolle. I matbransjen er råvareleverandøren lite verdsett.

Eg har vore på festival, Kapittel i Stavanger. Etterpå har det slått meg kor flinke vi i kultur-, demokrati- og kunnskapsbransjen er til å gjera stas på våre råvareleverandørar. Forfattarane står i sentrum. Dei får festivalpass og sceneplass, taletid, prisar og skrivestipend. Og det er akkurat som det skal vera.

Då eg kom heim, fekk eg melding frå ei som blei igjen: «... Abida Raja, Sissel Gran, Janne Haaland Matlary, Per Petterson, Jonathan Franzen, Jan Kjærstad og mange andre ... i samme spisesal [...] det blir litt for mye, når man skal være god nordmann og late som at man ikke kjenner affekt av kjendiser 😅🙄.»

Ingen grunn til å vera god nordmann, tenkjer eg. Det er heilt på sin plass å bli litt mo i menisken. For heltane i vår bransje er jamt over smarte, kloke, grundige, nysgjerrige, avantgarde og utolmodige. Dei dreg samfunnet framover og forheng til sides. Modige er dei òg.

Økonomisk er det sjeldan feitt. Av og til kostar det jamvel knivstikk og blod. Så dei fortener kvar festival, kvar bokuststilling, tilråding og scenesamtale. Amerikanske Henry Reese (sjå intervju på s. 4) har jobba med litteraturformidling i ein mannsalder. Då han gjekk på jobb 12. august, var det for å ha ein scenesamtale med Salman Rushdie. Kvar dag vi går på jobb, er det òg for Salman, og for Abida, Per, Jan, Janne og alle dei andre råvareleverandørane. Vi er bokbransjens grossistar og distributørar, hylleryddarar og kassamenn.

Nokre dagar etter attentatet på Rushdie publiserte Henry Reese ein kronikk i som vi har fått lov til gje att på norsk (s. 68). Den sluttar med eit sitat frå forfattaren som blei offer for ein fatwa: «Den beste måten å bekjempe og svare på den typen trussel jeg mottok, er å vise at det ikke fungerer. Å vise at den normale aktiviteten med å skrive, lese, diskutere, publisere og å kjøpe (og låne og låne ut, red.anm.) bøker bare fortsetter.»

Powered by Labrador CMS