Utgave: 3/2022

Rushdie og fribynettverket

Cities of Asylum-nettverket (INCA) som Rushdie skulle ha snakka med Henry Reese om 12. august i år, var forgjengaren til International Cities of Refuge Network (ICORN). Det siste har mange norske bibliotek og kommunar eit nært forhold til.

Trappa til New York Public Library var den naturlege samlingsstaden då forfattarar, vener og støttespelarar til Salman Rushdie arrangerte ei støttemarkering 19. august i år.

Frå hovudkontoret på Sølvberget i Stavanger koordinerer ICORN i dag rundt 80 fristadar, eller fribyar, i verda. Sidan stiftinga i 2006 har desse gjeve ei trygg hamn til fleire enn 200 forfølgde forfattarar. Seinast i august i år signerte biblioteksjef Benedikte Nes i Tokke kontrakt med nettverket på vegner av den tjuande norske fristaden.

Solidaritet forfattarar imellom

Salman Rusdie sin bakgrunn er kjent; i form av ein fatwa kunngjorde den religiøse leiaren i Iran, ayatolla Ruhollah Khomeini, i 1989 ein dødsdom over den indiske forfattaren. Khomeini meinte romanen Sataniske vers var blasfemisk mot Islam. Rushdie måtte gøyma seg i mange år etter dette, og fleire omsettarar og forleggarar opplevde åtak, mellom andre norske William Nygaard i Aschehoug forlag. Nygaard overlevde. Andre var ikkje like heldige.

I 1993 stod Rushdie i front då Det internasjonale forfattarparlamentet (IPW) grunnla Cities of Asylum-nettverket INCA. Dette kom som eit svar på drapa på forfattarar i Algerie. Ideen var enkel: å bygga eit nettverk av byar som kunne gje ly til truga forfattarar. Arbeidet blei leia av Salman Rushdie, Wole Soynika og Vaclav Havel. Med på laget var folk som J.M. Coetzee, Jaques Derrida, Margaret Drabble og Harold Pinter.

Starten i Pittsburgh

Pittsburgh City of Asylum blei danna i 2004 av Henry Reese og kona Diane Samuels. Ideen blei planta i 1997 under eit foredrag med Rushdie der han kom inn på INCA.

– Kona mi og eg sparka kvarandre på leggen under stolen samtidig då vi høyrde om det, fortel Reese.

Dei hadde nokre midlar sjølve og relevant erfaring og kontaktnett til å skaffa stabile gåveinntekter. Dei starta med å ta imot ein fribyforfattar i eit hus dei kjøpte og pussa opp. Sidan kom det fleire forfattarar, scene, eit heilt nabolag. Arbeidet er basert på frivillig innsats frå folk med hjarte for litteratur og frie ytringar.

Vokster i USA

Henry Reese sit i styret for ICORN, og Pittsburgh City of Asylum var lenge den einaste fullverdige ICORN-fristaden i USA. Men nyleg blei Detroit med, og Rochester er i ein prosess med å melda seg inn. Reese fortel at dei har fått fleire uformelle spørsmål i det siste.

– Vi håpar å utvida nettverket i USA over dei neste åra.

Talet på søknadar frå forfølgde forfattarar og kunstnarar til ICORN blei meir enn dobla frå 2020 til 2021, med over 400 søknadar sende inn i fjor.

– Vi er forplikta til å ikkje bli lamma, uttalte Reese etter åtaket 12. august.

– Det verste vi kan gjera, er å lata oss knebla. Eit åtak på ein forfattar er også på eit vis eit åtak på ein lesar. Åtaket prøver å utsletta vår evne til å bli inspirerte. (Pittsburgh Post-Gazette 16. august 2022, vår omsetting.)

Powered by Labrador CMS