Utgave: 3/2022

Tøff lesing om forboden kjærleik

Unge Mungo er ingen søndagsskule. Eg skjønte fort at dette ville bli ei temmeleg tøff leseoppleving.

Douglas Stuart: Unge Mungo, Roman, Gyldendal, 2022.

Douglas Stuart fører oss rett inn i den same mørke verkelegheita i Glasgow East End som han skildra i den prisvinnande debutboka Shuggie Bain (2020) – med fyll, vald og knuste draumar. Navet i forteljinga er familien Hamilton: ei alkoholavhengig og sviktande aleinemor, ein kriminell storebror, ei meir skuleflink syster og den søkande litlebroren Mungo, som er 15 år i forteljinga.

Vil du ikkje, så skal du

Vi er i 1990-åra, romanen opnar på gata utanfor leigegarden der hovudpersonen bur. Mungo går av stad med to menn, som vi etter kvart får vite er alkoholiserte kompisar av mora som skal ta guten med på sin første fisketur. «De er med i Anonyme Alkoholikere. Mora mi tenkte vel at vi hadde godt av litt frisk luft alle tre», som Mungo seier til ei dame som gir dei haik undervegs. Fisketuren kjem i stand nokre månader etter at det homofile forholdet mellom protestanten Mungo og katolikken James blir oppdaga av familien Hamilton.

Mungo blir sett på som ein pusling i det maskuline miljøet, der suksess handlar om kor mange damer du erobrar, menn du bankar opp og bilar du stel. Fisketuren blir såleis ei maskulin danningsreise. «Nå blir det mann av deg, vettu», som Mungos mor seier. Det viser seg at begge dei vaksne fisketurkompisane er tidlegare straffedømde overgriparar. Ikkje uventa blir Mungo skjenkt full og valdteken, noko som får fatale konsekvensar for alle tre.

Beiske replikkar og vakker kjærleik

Stuart er god til å skildra miljø gjennom beiske replikkar, som da ein mann seier at Mungos storebror bør søke seg til marinen så han kan «ta en av dem ubåtene med atombomber og kjøre den rett opp i fitta til Thatcher». Mungo svarer: «Oppi ræva på John Major, mener du vel?»

Først et godt stykke ut i boka møter ein det som omslagsbildet varslar, homofili. Dette kapittelet gir ein av dei varaste skildringane av spirande kjærleik eg har lese på lenge. Eg tenkte først: Når kjem ereksjonen, den famlande handa utanpå buksa? Men det kom ikkje, i staden møter vi ein mjuk nærleik, noko varmt og ukomplisert mellom Mungo og James som den ytre verda likevel berre har forakt for.

For mykje vald?

På vaskesetelen til boka blir Unge Mungo kalla ei oppvekstskildring. Jo, men ho er for meg like mykje ei undergangsskildring. Sjølv om det finst håp og kjærleik og positiv motvekt til det destruktive miljøet Mungo veks opp i, sjølv om avslutninga rommar hint om forsoning og frelse – kan også Mungo Hamilton sjåast på som ein tragisk helt i klassisk forstand, som arbeider i god tru på sin eigen undergang.

Unge Mungo er noko av det råaste og mest brutale eg har lese på lenge. Her ligg også det eg tenkjer er romanen si største svakheit: ei til tider ekstrem fråtsing i vald. I staden for å løfte romanen er det som om valdsskildringane fleire stader truar med å senke romanen i valdsromantiske klisjear, og det er han ikkje tent med.

God struktur

Romanen er meisterleg bygd opp med to skiftande tidsplan, frampeik og cliffhangerar som driv handlinga framover og gir gradvis auka innsikt i kva slags historie ein sit og les. Eg måtte ofte nikke og tenke: Dette er elegant gjort. Eg kan likevel ikkje dy meg for å spørje: Har Stuart meir å gå på, vil han kunne skrive enda ein like gripande roman frå denne mørke sida av Glasgow utan at det blir opplevd som ei gjentaking? Spørsmålet er opent, som også slutten på Unge Mungo er.

Omsettaren Hilde Stubhaug har valt å gjengi den breie Glasgow-dialekten, glaswegian, med ein slags «rennesteinsdialekt» frå Oslo Øst. Det er kanskje ein dialekt ingen i Noreg eigentleg pratar, men eg synest det fungerer veldig godt og er med på å puste liv i personane og det fattigstrøket dei veks opp i.

Powered by Labrador CMS