Utgave: 3/2022

På scena med Rushdie

Då Salman Rushdie blei angripen den 12. august i år, sat Henry Reese rett overfor han, klar til å byrja ein heilt alminneleg scenesamtale.

Henry Reese

Bok & bibliotek møter Henry Reese frå Pittsburgh via Teams. Si eiga oppleving på scenen den dramatiske fredagen vil han ikkje inn på. Men noko av det han såg, har han skildra i ein kommentar i The New York Times 2. september. Denne kan lesast i omsett form på side 68.

Friby på amerikansk

Det heile starta i januar i år. Reese fekk et spørsmål frå Chautauqua, som ligg vest i staten New York og ikkje langt frå Pittsburgh. Ville han koma og leia ein samtale med Salman Rushdie? The Chautauqua Institution er eit ideelt drive kunnskapssenter for kunstnarar, tenkarar og kyrkjeleiarar. No ønskte dei å presentera fribyarbeidet, som Rushdie var med på å stifta i Europa gjennom initiativet Cities of AsyIum, og som Henry Reese og kona Diane Samuels importerte til USA (sjå undersak). Planen var ein halvtimes intervju med Rushdie og deretter ein presentasjon av eit par av fribyforfattarane og ein av koordinatorane i Pittsburgh.

– Tema for samtalen skulle vera frie ytringar, migrasjon og korleis slike tema var til stades i arbeidet til Rushdie allereie før Cities of AsyIum og hans eige engasjement for ytringsfridom, fortel Rees.

Eit åtak på kjerneverdiane

Dei hadde ikkje før vel sett seg i stolane på scenen før 24-åringen Hadi Matar frå New Jersey storma opp frå publikum og stakk Rushdie over ti gongar med ein kniv. «Eg likar han ikkje spesielt godt. Han har gått til åtak på islam, på det dei trur på», uttalte Matar etterpå frå fengselet (Newsweek.com 19. august 2022, vår omsetting).

Vi spør intervjuaren som såg det heile på nært hald: Kva symboliserer åtaket for han?

– På eitt nivå symboliserer åtaket på Salman Rushdie ingenting, seier Reese.

Det blir berre ei stadfesting av noko vi alle veit: Folk er villige til å utføra vonde handlingar som følge av ei overtyding.

– Men i eit større perspektiv ser vi det alle som eit åtak på kjerneverdiane våre – om eit fritt samfunn, til ein viss grad høvet til å forsvara eit sekulært samfunn, om å kunna ta i bruk eit sett med demokratiske verdiar som lar motsetningar bestå eller blir løyste, på sivilisert vis. Det var òg eit åtak på det opne samfunnet som er i stadig utvikling, i staden for å vera fastfrose i fortida. Og det symboliserer kor skjør fantasien er, og at når du lever fritt, så er du sårbar for slike åtak. Svært få av oss tek den risikoen. Men nokre tek den for oss.

Familien sat i salen

– Korleis har det som hende 12. august, påverka deg og resten av staben ved Pittsburgh City of Asylum? Har det gjort noko med motivasjonen, måten de arbeider, eller korleis de reflekterer rundt oppgåva?

– Staben vår og alle forfattarane sat i publikum den dagen. Mor mi sat der, ho er 93. Kona mi sat der. Å sjå noko slikt påverkar folk, men det er vanskeleg å seia korleis. Når det gjeld organisasjonen, så er det ei enorm påminning om kvifor vi finst.

Ei slik hending understrekar kor viktig oppdraget deira er, og kvifor verdiane dei står for, må forsvarast, seier Reese.

– No til helga skal vi ha eit arrangement der tre indiske forfattarar som har blitt påverka av Rushdie, skal lesa både hans tekstar og eigne og samtala om hendinga. Så vi styrer ikkje unna slike diskusjonar. Men vi er heller ikkje fastfrosne i berre å snakka om det. På kort sikt har vi sjølvsagt nokre ekstra tryggingstiltak.

Å vera ein lesar

– Har hendinga påverka korleis du tenker rundt ytringsfridom?

– Det har fått meg til å tenka på kva det betyr å vera ein lesar, seier han og siterer eit essay av Jacques Lacan der den franske filosofen skriv om språket som eit produkt av mange menneske. Gjennom oppveksten lærer vi språket av mange, ikkje av ein person. Vi snappar opp eitt ord der og lærer eitt ord her. Gjennom vokabularet blandar vi heilt frå starten av mange menneske inn i medvitet og fantasien vår.

– Denne hendinga minte meg på kor viktig det er å ha eit ope samfunn der denne prosessen aldri sluttar. Nokre gongar snakkar vi om oss sjølve som at vi prøver å bygga eit rettferdig samfunn gjennom å forsvara og feira ytringsfridomen. Men eigentleg er det å bygga dette rettferdige samfunnet eit uendeleg prosjekt. Prosessen består nettopp i denne forhandlinga og samtalen mellom mange menneske, mellom mange lesarar.

Dette må få konsekvensar for programarbeid og formidling.

– Vi må ha endå skarpare fokus på kva for arrangement vi lagar. Fordi det er verkeleg viktig. Arrangementa er det som når breiast ut av det vi gjer, og dei får flest til å involvera seg med sin fantasi. Eg ser no at dette ligg meir i kjernen av oppdraget vårt enn det eg tidlegare har forstått.

Biblioteka er perfekt plasserte for å ta tak i dette, for der har dette alltid vore ein del av kjerneoppdraget, understrekar Reese.

Forfattaren Salman Rushdie overlevde heldigvis åtaket den 12. august i år trass i eit titals knivstikk.

Råd til norske bibliotek

– Den norske biblioteklova forpliktar norske folkebibliotek til å kommunisera aktivt og vera uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt. Korleis vil du foreslå at dei brukar dette mandatet?

– Eg trur vi ved Pittsburgh City of Asylum er veldig på linje med biblioteka. Og fribyar i Noreg er også ein del av dette. Vi har utvikla oss til å ha arrangement, som ein tilvekst til det å ha forfattarar som bur i lokalsamfunnet. Først hadde vi fokus på fribyforfattarane, noko som så blei utvida til litteraturarrangement og diskusjonar med hovudvekt på tema som omsetting og forfattarar og litteratur frå andre kulturar. Så stort som fribyprogrammet er i Noreg, vil det vera enkelt å utvikla dette, ikkje minst ved å ta i bruk digitale løysingar.

Reese fortel at alle dei 150 arrangementa dei avviklar årleg i Pittsburgh, blir strøymde, og alle er gratis.

– Publikum er like viktige som innhaldet. Dette er jo også biblioteka sitt oppdrag, å engasjera folk breiast mogleg i lesing og kultur. Då må vi legga til rette for deltaking for folk som elles ville bli ekskluderte, til dømes på grunn av at arrangementa kostar pengar.

Arven etter Carnegie

Reese fortel at dei har lært mykje av biblioteka og samarbeidd med dei. Faktisk ligg det første Carnegie-biblioteket i USA i same bydelen som Pittsburgh City of Asylum, og det andre låg i den vesle stålbyen der Henry Reese sjølv vaks opp. Carnegie-biblioteka blei finansierte av forretningsmannen og filantropen Andrew Carnegie og var viktige i utviklinga av tanken om dei ålmenne folkebiblioteka. Mange av dei norske bibliotekpionerane blei utdanna her.

– Eg vaks opp i eit folkebibliotek, det var der eg budde, fortel Reese.

Slik fekk han med seg ideen om å gje folk flest tilgang til eit breiast mogleg utval av menneskelege tankar og uttrykk. I dagens situasjon ser han det som avgjerande å utvida dette med også å gje tilgang til andre kulturar. I Pittsburgh brukar dei mykje musikk på arrangementa og koplar for eksempel forfattarar med musikarar. Erfaringa er at dette er noko som trekker folk.

– Men eg trur vi har vel så mykje å læra av dykk som de har å læra av oss, smiler Reese.

– Til slutt, har du ein bodskap til norske bibliotekarbeidarar?

– Ja, at biblioteka er hjartet og sjela til kulturen til eit land. Kjenn deg stolt over staden du jobbar og oppdraget du har fått. Samfunnet er avhengig av deg.

Powered by Labrador CMS