Utgave: 3/2022

Avslørande rapport om fjernlånsordninga

Eit slags bokbad: Over tre millionarbøker passererårleg NBT sitt sorteringsanlegg ved terminalen på Fjellbo like nord for Oslo.
Trygve Kikut

  • Bestseljarar er utilgjengelege for lånarar i 15 dagar per fjernlån

  • Skulebibliotek nyttar ikkje ordninga

  • Fjernlån kostar biblioteka 38 millionar i året og står for 4 % av utlånet

  • Svenske og danske bibliotek har dobbelt så store innkjøpsbudsjett som norske

  • Store mengder dårlege data i katalogane

  • Sjølvforsyningsgraden viser dalande trend

  • Folkebiblioteka bruker like mykje på fjernlån som på alle digitale tilbod

Våren 2021 sette fylkesbibliotekkollegiet ned ei arbeidsgruppe for å evaluera fjernlån mellom folkebibliotek. Bakgrunnen var ei uro blant fylkesbiblioteksjefane rundt kostnadar knytte til transportordningane og den diskrimineringa som har oppstått fordi Nordland, Troms og Finnmark ikkje har bibliotektransport.

Oppdraget gjekk til Bibliotek-Noregs kanskje sterkaste talknusar, rådgjevar ved Vestfold og Telemark fylkesbibliotek Trygve Kikut. Foredraga hans om norske bibliotek sin sjølvforsyningsgrad har avslørt ein utsøkt gane for trendar og tendensar. Fjernlånsrapport – Analyse av fjernlånsbestillinger i Biblioteksøk mai 2017–juni 2022 blei nyleg servert på bibliotekutvilkling.no. For å bli ferdig måtte han gumla seg gjennom det eine meir og mindre ryddige dataspiskammerset etter det andre. Dei avslørande innsiktene gjorde det verdt kvar tugge (ei av dei meir tilfeldige innsiktene var at eit Microsoft Excel-dokument berre kan ha 1 048 576 rader).

Sniking i reservasjonskøen

Det mest problematiske med Biblioteksøk er mangelen på ventelisteordning, meiner Trygve Kikut. Eller rettare sagt: mangelen på ventelisteordning når du bestiller sjølv via bibsok.no, kontra om du kjem på biblioteket og prøver å få hjelp.

– Dilemmaet for bibliotektilsette blir om dei skal la nokre lånarar snika i reservasjonskøen ved å bestilla til dei gjennom Biblioteksøk. Dei som har knekt koden, får boka tilsendt innan kort tid, medan andre lånarar må venta i månader på same bok.

Til orientering: Knekt koden i denne samanhengen betyr å ha gjennomskoda at det ikkje er lurt å gå på biblioteket. Det løner seg heller å sitta heime i kjellarleilegheita og klikka rundt på bibsok.no.

Dette med ventelister var kanskje vanskeleg teknisk då Biblioteksøk blei lansert, reflekterer Kikut. Men problemet burde vore løyst for fleire år sidan no.

Britt Ellingsdalen

– Den største utfordringa på landsbasis, supplerer Britt Ellingsdalen, er det store skiljet mellom Nord-Noreg og resten av landet.

I Nordland, Troms og Finnmark finst det ikkje transportordning. Parallelt med at resten av landet har hatt ein drastisk auke i bruken av fjernlån, har dei tre nordlegaste fylka hatt nedgang, fortel fylkesbiblioteksjefen i Rogaland.

Den drastiske auken i sør kjem med ein prislapp. Det effektive maskineriet med blå hentekassar og trivelege omreisande sjåførar i rosa collegegenser er nær sagt i ferd med å bli for velsmurt.

Transportordninga kostar i dag ca. 30 millionar i dei ni sørlegaste fylka, kan vi lesa i rapporten. Etter at rapporten blei publisert er det kome fram at at talet truleg er rundt 38 millionar. Fjernlån er dyre utlån. 38 millionar er meir enn 20 % av det frie bokbudsjettet i folkebibliotek (altså det som kjem i tillegg til innkjøpsordninga), medan fjernlånet utgjer ca. 4 % av utlånet. Med eit anna perspektiv: Det går omtrent like mykje til transport som det går til digitale tilgangar på e-bøker, lydbøker for strømming, PressReader og andre digitale tilbod.

Spørsmål i rapporten

  • Er det behov for meir forpliktande retningslinjer for fjernlån?

  • Erstattar fjernlånet eigne innkjøp i en del kommunar?

  • Bør det stillast krav til bibliotek sin sjølvforsyningsgrad?

  • Er det behov for betre samlingsutvikling/ endra innkjøpspolitikk på kommunalt/fylkeskommunalt nivå?

  • Blir lånarinitiert fjernlån brukt som alternativ til å stå på venteliste på eige bibliotek? Er det behov for betre kontroll med lånarinitierte fjernlån?

  • Finst det andre, meir berekraftige måtar å organisera lånesamarbeidet på enn slik vi gjer det i dag?

Spørsmåla er henta frå Britt Ellingsdalen sitt forord til rapporten. Sjå også kronikken hennar på side 70 i dette nummeret: «Hva gjør vi med fjernlånet?»

Bestseljarar på noregsturné

Statistikkarbeidet har gjeve mange overraskingar, kan Trygve Kikut fortelja. Og mykje av det som pirra nysgjerrigheita, måtte han lata ligga skulle han få levert rapporten i tide.

– Eg har døme på bøker som har passert mange fylkesgrenser, og på fleire titlar som legg bak seg meir enn 20 mil på veg til same lånar. Det kan jo vera ein lånar som treng spesielle bøker. Kanskje det er dette som er heile poenget med ordninga, og at vi ikkje skal fokusera på det. Men det er morosamt å få bekrefta mistanken min om at det er dei mest populære titlane som går mest på kryss og tvers.

På toppen i 2022 tronar Valérie Perrins Å vanne blomster om kvelden(boka som fekk Dagbladet sin bokmeldar Cathrine Krøger til å ønskja seg fleire prikkar på terningen) med totalt 590 bestillingar via Biblioteksøk per 23. juni. I 2018 tikka det via same kanal inn 251 fjernlånsbestillingar på Tante Ulrikkes veiav Zeshan Shakar, noko som gav den vesle gule romanen ei tvilsam ære som enkelttittelen med størst karbonavtrykk dette året, truleg.

Britt Ellingsdalen meiner vi må gjera noko med dette at vi sender nye bøker fram og tilbake mellom biblioteka. Rapporten viser at ei bok i snitt er 50 døger ute av heimebiblioteket når den er på fjernlån. Heile 15 av dei kan vera reise- og ventedagar – dagar då boka ikkje er tilgjengeleg for ein einaste lesar.

– Dette er jo ingen tente med. Då må vi heller auka bokbudsjettet lokalt, seier fylkesbiblioteksjefen.

Ikkje lurt å lura systemet

– Eg håper denne innsikta kan føra til felles reglar rundt fjernlån av nye bøker og bestseljarar i staden for lokale reglar som berre er delvis dokumenterte i systemet, seier Kikut.

Han har fått tilbakemelding frå bibliotektilsette som seier dei har testa litt sånn og bestilt litt herfrå og derfrå, sjekka kor Biblioteksøk har henta bøkene, og så har dei funne ut at boka finst på eit nærare bibliotek og heller bestilt den direkte derfrå.

– Ikkje gjer dette, ber han, det er å gjera alle ei bjørneteneste. Når vi lurer systemet, så får vi ikkje plukka opp feil som måtte finnast.

Og på den andre sida, veit du kva tid transporten er innom det og det biblioteket, og kva for veg sjåføren tar?

Dette er ei hjartesak for Kikut: Ikkje lag lokale reglar som jobbar på tvers av algoritmane og øydelegg statistikken – og då også sjansen til å oppdaga dårlege algoritmar slik at ein kan betra dei. Meld frå til fylkesbiblioteket i staden for å arbeida deg rundt feil i systemet.

Britt Ellingsdalen fortel at mange rundt omkring på lokalbiblioteka har sperra nyare titlar for fjernlån.

– Det er vanlegare enn det eg trudde det var. Og det er problematisk.

Dei to etterlyser betre felles retningslinjer for alle: «Slik gjer vi det i Noreg.» Trygve Kikut minner om at biblioteka ikkje er meinte å vera konkurrentar til bokhandlarar.

– Men det kan vi fort bli dersom vi kappast om å tilby folk den mest populære litteraturen fortast mogleg.

Rusk i katalogen

I rapporten finst det fleire prosapassasjar som minner om denne:

«Datagrunnlaget er konsolidert så godt det lar seg gjøre, men ulike ISBN-numre med eller uten bindestreker, ulike måter å skrive tittelen på og så videre medfører også i denne rapporten et resultat som må ansees som en god pekepinn mer enn en absolutt sannhet.»

Du sa i eit foredrag at opp til 30 % av oppføringane ikkje var brukande som statistisk grunnlag på grunn av feil i katalogisering på sjanger og utgjevingsår, stemmer det?

– I enkelte søk måtte vi kassera opp mot 50 % av postane, når fleire element skulle reknast inn i statistikken. Det er eit naturleg resultat av at over 500 bibliotek har sete kvar for seg og katalogisert i ei årrekke. Då blir det forskjellar.

Arbeidet med ein felles metadatabrønn er kjærkome når det kjem til dette med å analysera data. Garantert betre for statistikken, men også litt meir keisamt.

– Det blir litt humring når ein ser den kreative bruken av nokre av felta (sjå eigen boks). Det har fungert så lenge katalogen var lokal. Det er mykje historikk her, seier fylkesbibliotekaren mildt.

Sjølvforsyningsgraden minkar

Kva skal kvart enkelt bibliotek ha på hylla sjølv, og kva skal ein låna inn når folk spør etter det? Tar ein det eine og deler på det andre, får ein eit prosenttal på sjølvforsyningsgraden til eit bibliotek (litt enkelt forklart). Og for norske bibliotek har denne altså gått ned, frå 95,94 % i 2012 til 94,64 % i 2021.

– Dette er mindre enn halvannan prosent – er det så alvorleg?

– Det dramatiske er at det er ein trend som ikkje ser ut til å stabilisera seg, svarar Kikut.

– Delen materiell som kjem frå eksterne samlingar, aukar – biblioteka tyr meir og meir til andre samlingar enn si eiga.

Talet på fjernlånsbestillingar viser naturleg nok motsett tendens, med 415 000 i 2021 og ein prognose for 2022 som ligg endå nokre tital tusen høgare.

– Og dette er berre Biblioteksøk-statistikken, ikkje heile fjernlånstatistikken, minner Trygve Kikut om.

– Finst det noko kvar enkelt bibliotektilsett kan gjera for å påverka fjernlånsflyten i ei meir berekraftig lei?

– Fjernlånsrapporten viser generelle trekk av kva som blir bestilt. Så det er lurt å ha dette i mente og sjå på eigen statistikk. Då kan ein kanskje sjå om eiga samling treng justeringar her og der, seier Trygve Kikut.

Om folk vil kvalitetssikre sitt eige fjernlån, må dei ta ut rapportar sjølv for sitt bibliotek, men først bør dei lesa denne fjernlånsrapporten for å skjøna kva dei skal kikka etter.

– Det er lurt å læra seg sitt eige statistikkverktøy. Då får ein også med Oria og andre stadar ein bestiller frå, ut over Biblioteksøk.

Stort potensial for skulebibliotek

– Grunnskulebiblioteka er nær sagt fråverande i statistikken, dei ser ikkje ut til å nytta fjernlånsordninga.

Britt Ellingsdalen seier koplinga til skulane er ein av grunnane for at ho er ein varm tilhengar av transportordninga og fjernlån.

– Eg har heile tida tenkt at vi må få kopla skulane på. I Rogaland byrjar vi å få med dei vidaregåande skulane, og eg veit at ein har lukkast endå betre i andre fylke. Om det er nokon som kan ha nytte av transport av eit stort volum, så er det skulebiblioteka. Dei kan bestilla klassesett eller få kulturfondbøker tilsendt frå folkebibliotek som ikkje har bruk for dei. Skulebiblioteka har ofte små budsjett, og dette kan vera eit viktig supplement. Ho meiner det ligg eit kjempestort potensial i å løfta grunnskulebiblioteka inn i ordninga.

– For det er jo så enkelt å administrera. Det handlar om å ha ein kasse å kunna legga materiellet oppi. Eg kan forstå om det er slik at mange ikkje ønskjer å opna sine eigne samlingar for fjernlån frå kven som helst. Det vil heller ikkje vera hensiktsmessig. Men ein kan gjera det innanfor kommunen eller fylket.

Fagbøkenes revansj

Ei anna interessant utvikling er at stadig fleire av bestillingane er på fagbøker. Dette gjeld særleg dei lånarinitierte bestillingane – her var åtte av bøkene på topp ti-lista i 2021 fagbøker. Same år sto 38 Dewey-nummer samla for 62 % av alle faglitterære bestillingar. Dewey 362 (sosialfag), 371 (spesialpedagogikk) og 372 (førskuleopplæring og grunnskule) står åleinefor 12 %.

Kikut tenkjer dette heng i hop med pågangen ein ser også i nettbiblioteket på pensum og lærebøker.

– Dette er fjernlånet vi ønskjer å oppmuntra til, smiler Ellingsdalen.

Dewey-analysane viser også at fleire bibliotek kanskje bør satsa meir på innkjøp av litteratur på engelsk og lærebøker i norsk for framandspråklege. Her er fylkesbiblioteksjefen klokkeklar.

– Bøker for framandspråklege som skal læra norsk, må ein berre ha nok av, konstaterer ho.

Kva er god nok sjølvforsyningsgrad? Kvar 5. bok eller kvar 50. bok? Det er naturleg med ein lågare sjølvforsyningsgrad hos mindre bibliotek, så regelen må differensierast.

– Det vil vera interessant om vi kan få retningslinjer for sjølvforsyningsgrad. Nokre bibliotek har altfor låge bokbudsjett, seier Ellingsdalen.

Dramatisk nedgang i kjøpekraft

Rapporten gir endå ei oppsiktsvekkande innsikt: Frå 2008 til 2019 har kjøpekrafta i norske folkebibliotek blitt nær22 prosent lågare. Det blei kjøpt inn 7 prosent færre papirbøker i 2021 enn i 2005. Og norske mediebudsjett er langt lågare enn mediebudsjetta i dei andre nordiske landa. I 2021 kjøpte bibliotek i Danmark inn nesten dobbelt så mykje som oss per innbyggar.

– Er dette misforholdet ålment kjent? Kvifor er det i så fall ikkje meir snakk om dette?

Trygve Kikut oppdaga det då han jobba med eit anna prosjekt, DIGIN, der dei samanlikna rammevilkåra for digitale satsingar i Skandinaviske bibliotek.

– Eg fekk ei aha-oppleving der, eg trur ikkje dette har vore mykje diskutert.

Britt Ellingsdalen blir ivrig.

– Då eg begynte som biblioteksjef på Sola rundt år 2000, var dette noko vi visste om og drog fram i politiske saker. Men no har eg ikkje høyrt snakk om det på mange år. Dette er noko vi burde begynna å snakka om igjen! Kva er det som har skjedd? Mediebudsjetta har stått stille sidan 2005 sjølv om vi har prøvd å snakka om det. Kva er det vi har gjort for å hamna her?

– Når vi ser på mediebudsjett per innbyggar, så burde vi ikkje ligga likt med Danmark, men høgare. Mange av våre bibliotek er svært små og ligg meir isolert til, noko som gir større behov for sjølvforsyning.Vi burde ligga høgare! konkluderer Kikut.

Kreativitet i Dewey-feltet

Feltet for registrering av Dewey-kodar har vore gjenstand for mykje kreativitet i Bibliofil. Trygve Kikut fann totalt 18 588 unike oppføringar i dette feltet blant dei 415 000 fjernlånsbestillingane frå 2021.

Her er nokre av dei meir fantasifulle:

  • One piece 33

  • Ungdom: Contemporary: Lgbt: lgbt+

  • ​Ungdomsbok

  • ​tegneserier

  • ​swedannobfinengspaicepor

  • ​Soloinstrumenter

  • ​​Lager

  • DYR lilla

Powered by Labrador CMS