Utgave: 4/2022

Etterlengta bok om den skøyre bibliotekhistoria

Boka The Library, a fragile history er ikkje vanleg heltedikting. Som tittelen seier, set den mest søkjelys på det skøyre biblioteket.

Andrew Pettegree og Arthur der Weduwen: The library : a fragile history. Basic Books, 2021

Bibliotekhistoria er ei berg-og-dal-bane-historie. Dette er tema også i boka sitt viktige kapittel om framtida. Her står aha-opplevingane i kø. Store og små inntrykk frå bokhistoria, bibliotekhistoria og bitar av vitskapshistoria strøymer på, og det går opp for meg kor sporadisk eg har sett meg inn i slikt gjennom snart femti år i yrket! Men inga bok har peika seg ut før.

Nye kontinent og verdslege skrifter

Briten Andrew Pettegree og nederlendaren Arthur der Weduwen, begge historikarar, har nok ikkje greidd ut om alt frå A til Å, men skriv lesbart og drivande om meir eller mindre dramatiske skifte undervegs. Til dømes gjer dei unna dei mesopotamiske lagera av leirtavlar i eitt avsnitt, for ikkje var dei typisk litterære, med unntak av Gilgamesj-eposet, og dei var mest for innvortes bruk. Men verkelege boksamlarar og bibliotekpionerar får stå fram, til dømes Fernando Colon (1488–1539), òg kjent som Ferdinand Columbus og sonen til (gjen-)oppdagaren av Amerika. Han samla ikkje berre kyrkjelege bøker, men også pamflettar med verdsleg innhald. Ein interessant idé frå forfattarane er at Fernando var inspirert av faren sin suksess med å gje ut på trykk brevet sitt til det spanske kongeparet, der han smurde tjukt på om «erobringane» sine for ikkje å miste dei som sponsorar.

Pettegree og der Weduwen viser kor kort levetid mange av samlingane og biblioteka hadde, ofte parallelt med dei eventuelle ideane dei var tufta på. Samlinga til Colon på rundt 15 000 band blei etter at han gjekk bort, snøgt redusert til det halve. I dag finst framleis ca. 4 000 i katedralen i Sevilla, men det typiske då og langt seinare var stor spreiing og/eller forfall så snart eigaren var ute av soga (eit poeng, men ikkje i boka: I 2013 fann dei ei trykt «hylleliste» til Colon si samling i eit magasin ved universitetet i København).

«Pettegree og der Weduwen viser kor kort levetid mange av samlingane og biblioteka hadde, ofte parallelt med dei eventuelle ideane dei var tufta på.»

Religiøs utreinsking og milde gåver

Reformasjonen var slem mot biblioteka og samlarane, for ikkje berre katolske bygg og artefaktar, men også mange bøker og praktfulle gamle manus blei øydelagde på grunn av «superstitious» innhald. I England fekk dei dette i tre omgangar på kort tid då «Bloody Mary» på 1500-talet kasta vrak på protestantismen som faren Henry VIII hadde innført. Mary I innførte katolisismen att, men berre for dei siste fem åra ho levde. Deretter bar det snart tilbake til protestantismen for britane – og for kvar konfesjonelle omvelting gjekk det med skøyre bøker i dragsuget.

Bibliotek har ofte vore nedprioriterte på ulike måtar. Rundt år 1500 skaut bokproduksjonen i Europa i vêret, men få bibliotek voks fram. Auksjonar for bøker gjorde det lite attraktivt å donere frå private samlingar til bibliotek, og ved universitetsbibliotek kunne endringar i pensum brått gjere samlingane uaktuelle.

Løyvingar til bokkjøp, i tillegg til gåver, blei noko vanlegare etter Thomas Bodley sitt store bibliotekløft ved universitetet i Oxford rundt år 1600. Han fekk svært mykje å seie for den generelle utviklinga. Han innførte også det «stille» biblioteket. Og forbod mot å halde lokala varme, for samanfallet mellom brann og vedfyring var større enn i dag.

Viser dei store samanhengane

Forfattarane Arthur der Weduwen (venstre) og Andrew Pettegree i arbeid ved universitetsbiblioteket i Leiden.

I denne boka er Noreg berre nemnt éin stad, i samband med at bokbussar er så veleigna der det er langt mellom folk. Men så er vi heilt marginale i internasjonal samanheng.

Dette er sjølvsagt ei følgje av at all makt sat på slottet i København i fire hundre år. Det første trykkeriet fekk vi hundre år seinare enn både Danmark og Sverige, og først i 1811 eit universitet. Mens svenskane alt på 1600-talet oppretta universitet med bibliotek både i Finland (Åbo) og i Estland (Tartu), land som var svenske i lange periodar. Og når Karl 12. inntok byar i noverande Polen, Ukraina osv., var boksamlingar noko av det første han forsynte seg med. Til dømes blei den eineståande gotiske Silverbibeln konfiskert i Praha og enda opp på Uppsala universitet.

Mykje i The Library handlar om mellomalderen, då religions- og borgarkrigar påverka bibliotekliknande verksemd, men då også dei bokteknologiske nyvinningane stod i kø. Men forfattarane ser i siste kapittel på notida og framtida, også her med historia i minnet. Og med ein sunn distanse, for mykje av det vi elles har av bibliotekhistorie, er skrive av bibliotekarar med blanda kvalifikasjonar.

Biblioteka er framleis skøyre

Synet på biblioteket som fragile gjeld også i dag. Rett nok er det 4,6 millionar bibliotek i verda, og det har kome mange verkeleg påkosta bibliotekbygg dei siste åra. Men dei teknologiske skifta og medieskifta skjer oftare enn før.

Nye trendar blir også introduserte, eller pressar seg fram, og nokre nærmast av naud. Folkebiblioteket som lågterskel møteplass og som møte- og debattarrangør er logiske forlengingar av gratis utlån til alle, men problema med å innfri forventningane til den nye norske lovformuleringa (jamfør bl.a. Elin Golten si ferske avhandling) kan tyde på at det fallande utlånet har vore ein vel så viktig pådrivar.

Hos forfattarane blir dette utgangspunktet for konklusjonen – at dei trykte bøkene framleis må og vil vere avgjerande viktige for biblioteket og bruken. I sluttkapittelet, «ReadingWithout Boooks», har dei nokre avsnitt der dei, kanskje betre enn nokon annan, set ord på dei unike eigenskapane ved både boka og biblioteket, og på kvifor dei begge må – og vil – overleve.

Utdrag: Fellesskapen av boklesarar

Lat oss førestille oss ... ei verd der byen, kommunen og biblioteket berre gav opp bøkene for å skape meir plass til alle dei andre aktivitetane; kurs, gruppemøte, datamaskiner, sosiale tenester. Ville det framleis vere eit bibliotek? Fjern bøkene, og det er vanskeleg å sjå kva som skil desse institusjonane frå andre offentlege samfunnsrom eller offentlege kontor. Dei ville snart miste mange av brukarane sine. For bøker har ein avgjerande eigenskap som skil desse brukarane frå kvar einaste av dei andre gruppene som møtest i bibliotekrommet. Alle som ønskjer det, kan bli med i fellesskapen av boklesarar når som helst i livet, og dei kan like gjerne forlate eller seie opp medlemskapen (ein eigenskap biblioteket deler med organisert religionsutøving). Mange bruker biblioteket intensivt i delar av livet – som studentar eller mødrer med små barn – og så kanskje aldri igjen. Dei kan begynne å bruke biblioteket for første gong når dei går av med pensjon.

Dette frivillige, tilfeldige og mellombelse som avgjer leselivet for mange menn og kvinner, er svært forskjellig frå det fokuserte formålet til dei som bruker bibliotekbygget til eit møte eller eit kurs. Dei som går gjennom døra til eitt av dei 400 000 folkebiblioteka som opnar på ein gitt dag over heile verda for å lese, låne eller slå opp i bøker, har ikkje nødvendigvis nokre som helst andre interesser, behov eller sosiale eigenskapar til felles. Dei som har felles problem, politiske synspunkt, håp eller ambisjonar, vil langt meir sannsynleg ha funne kvarandre andre stader, mest sannsynleg på nettet. Det er bra at biblioteka no har tatt kontakt med slike grupper og gitt dei stader der dei regelmessig kan vere saman. Men slike samlingar ekskluderer per definisjon dei som ikkje har denne eine tingen felles.

Utdrag frå boka, omsett til norsk av Anders Ericson med løyve frå forfattarane og forlaget.

Powered by Labrador CMS