Utgave: 4/2022

Nynorsk – ein raud varseltrekant eller nøkkelen ein aldri fekk?

Det kan vera forståelege grunnar til at nynorske ungdomsbøker blir merkte og skilde ut i biblioteka. Men det kan òg hindra at den unge lånaren finn sin port inn i litteraturen.

Oda Malmin

Dette skulle eigentlegvera eit krast innlegg om kor diskriminerande det er med merking av nynorske bøker. I ein diskusjon fekk eg vita at ein del bibliotek merker dei bøkene som er på nynorsk, med ein fargekode eller liknande, nærmast som ein varseltrekant. Greitt nok at Dewey-systemet er nyttig for å skilja biografiar frå historie og naturvitskap, men bokmål frå nynorsk? Kom igjen.

Eg har møtt mange som jobbar med språk og litteratur – bibliotekarar, journalistar og redaktørar – som har forsikra meg om at dei faktisk liker nynorsk. At det kan fungera like fint som norsk (sic) i enkelte sjangrar eller anledningar, som om det er noko ein kan plukka frå kvarandre og godta i den eine samanhengen, men ikkje i den andre. Som om det ikkje er noko så fundamentalt som fyrstespråket til mange hundre tusen folk i dette landet. Som om me nynorskbrukarar er heldige og har fått eit slags løyve til å bruka språket vårt fritt – til å veiva med det i e-postar og kommentarfelt og sosiale medium i tide og utide – men som om denne retten kva tid som helst kan trekkast tilbake. Minoritetsfana blir lett heist hos ein nynorskbrukar i møte med slike utsegner. Og då eg fekk nyss om at det finst bibliotek der ein merker dei nynorske bøkene, slik at dei som er i ferd med å plukka opp ei bok på nynorsk, kan komma seg unna i tide (såg eg for meg), då gjekk fana opp.

Eg skjønte samtidig at eg trong meir kunnskap. For kor omfattande er eigentleg slik merking, og, kanskje viktigare, kva er årsaka? Ei lita undersøking seinare viste det seg jo at det finst forståelege grunnar til at dette skjer. Enkelte bibliotek i bokmålskommunar merker til dømes nynorske lettlesbøker for vaksne, fordi det hovudsakleg er vaksne innvandrarar som får opplæring på bokmål, som låner lettlesbøker. Andre bibliotek – og dette verkar meir utbreidd – merker nynorske bøker for ungdom og skil dei ut på ei eiga hylle, fordi desse «som regel» berre blir utlånt når elevar har fått i lekse å lesa ei bok på nynorsk. For å letta arbeidet med å finna passande lesing til desse ungdommane, til dømes for tilsette som ikkje jobbar med barne- og ungdomsbøker til vanleg, eller for å unngå at ein berre tilrår og låner ut dei mest kjente bøkene, så har ein samla dei nynorske ungdomsbøkene. Slik kan ein presentera eit godt utval av desse på ein enkel måte.

Ok, indignasjonen minska. Det er ikkje brennemerking det er snakk om her, men eit forsøk på å få kvardagen til å gå opp og å sikra mangfald. Prisverdig nok. Men det er noko ved denne praksisen som plagar meg, like fullt. For det fyrste fortel fleire bibliotek at dei ikkje merker nynorske bøker på ein særskild måte (og dette er ikkje bibliotek som ligg i dei nynorske kjerneområda). Det må bety at ikkje alle bibliotek i bokmålsdominerte område har behov for å gjera det på dette viset. Kanskje resulterer det i at dei oftare nettopp låner ut dei same, kjente bøkene? Det kunne det definitivt vore interessant å vita meir om: utlånsprofilen på samlingar som er skilde, og på dei som ikkje er det. Men kanskje ser dei berre ikkje behovet. Kanskje klarer dei å formidla bøker like godt utan denne praksisen.

I tillegg er det noko ved å skilja ut bøker på nynorsk som er med på å forsterka ein motstand som dessverre finst hos mange (og som gjerne oppstår nettopp i ungdomsåra). Det blir understreka at nynorsk er noko rart, noko vanskeleg og noko du ikkjet bør oppsøka med mindre du må (altså fordi læraren din og norske styresmakter krev det). Moglegheita for at ein ungdom tilfeldigvis plukkar opp ei bok på nynorsk, les baksideteksten, blir fengd av historia og låner med seg boka heim, er tilnærma lik null i eit slikt system. Me snakkar her om ei målgruppe der det å skilja seg ut og gå mot straumen er vanskelegare enn elles i livet. Samtidig er det kanskje nettopp i ungdomstida at ein for alvor forstår kva slags gull og glitter som finst i litteraturen, kva ein kan oppleva der, kor langt ein kan reisa, kor rik fantasien eigentleg er. Kan det henda at det å setta nynorske bøker for seg sjølv på ei hylle inst i lokalet òg er å ta frå mange ungdommar denne moglegheita? For kan henda var det akkurat ei av desse bøkene den ungdommen trong for å bli glad i å lesa, kanskje til og med for ordentleg å knekka lesekoden. Me veit jo alle kor viktig den eine boka kan vera.

«Det blir understreka at nynorsk er noko rart, noko vanskeleg»

Eit anna spørsmål er koss ein behandlar forfattarane som har skrive desse bøkene, når ein set dei på ei eiga hylle. Det er mogleg at dei blir meir lånte ut og lesne gjennom denne praksisen enn om alle berre tar fatt i det dei har høyrt om frå før, som Maria Parr eller Robert Muchamore. Men er det ikkje noko grunnleggande diskriminerande i at forfattarar som skriv for kanskje den viktigaste og vanskelegaste målgruppa, og som gjer det på sitt eige språk, slik alle andre kvar dag nyttar retten til å skriva på sitt eige språk, blir stua bort i eit hjørne og ikkje får stå i samlinga side om side med kollegaene sine?

Det er ingen tvil om at bibliotekarar kvar dag gjer ein enormt viktig jobb for å få litteraturen ut til folket. Samtidig må ein ha med seg kven biblioteket er til for. Folkebiblioteka har mange oppdrag – litt for mange, vil nokon kanskje hevda. Men sjølve kjernen av det som skjer der, er formidling av leselyst og leseglede, kunnskap og påliteleg informasjon, til alle lånarar og lesarar. Det kjem heilt sikkert mange skuleklassar i flokk og spør om nynorske bøker med eit motvillig drag over ansiktet. Men tida er vel ikkje heilt forbi der ein ung lånar går inn i biblioteket heilt på eiga hand og trålar hyllene på jakt etter noko som vekker nysgjerrigheita? Viss ein held den nynorske ungdomslitteraturen unna publikum ved å ikkje ha den ståande saman med resten, oppfyller ein samfunnsoppdraget då?

På biblioteket lærer ein òg å ikkje vera skråsikker. At det finst mange blikk på verda. Eg veit ikkje for sikkert kva konsekvensar praksisen med å skilja ut nynorske bøker har, eller om den utelukkande er av det gode eller dårlege slaget. Men eg er redd den tar frå mange lesarar i ein svært viktig fase sjansen til å finna si favorittbok – nøkkelen inn til litteraturen. Og det er jo definitivt synd, sjølv om det for mange bibliotek er praktisk.

Powered by Labrador CMS