Utgave: 4/2022

Følg podkasten vår!

Den 30. september i år introduserte Bok & bibliotek ein ny norsk bibliotekfagleg podkast.

Illustratør Per Ragnar Møkleby var til stades med skisseblokka si då Stian Omland intervjua Line Renslebråten til episode 19 av podkasten Forfatteren & Favoritten.

Om du går inn på Spotify, søker på Bok & bibliotek og trykker abonner, vil nye episodar dukka opp i lyttelista di eit par fredagar i månaden. Innhaldet spenner allereie vidt.

Dei sju første episodane

Du finn eit intervju med Oksana Boyarynova frå den ukrainske bibliotekforeininga, Ove Sundby sitt essay «Da Pekinganda hjemsøkte Bok og Bibliotek i 1976», og heile intervjuet eg gjorde med fribyforkjemparen Henry Reese frå Pittsburgh til førre utgåve av tidsskriftet.

Fjerde episode er ein samtale med tre biblioteksjefar: Birgitte Shumann-Olsen (Lillehammer då, no Tønsberg og Færder), Jorun Systad (Sunnfjord) og Mona Magnussen (Tromsø). Dei snakkar om biblioteket si rolle i store og små kriser, og ikkje minst om den kontinuerlege krisa i bibliotekøkonomien. Nestleiar i Norsk Bibliotekforening Helene Heger Voldner les sitt eige essay «Den vanseklige godheten». Som om ikkje det var nok finn du også eit bokbad med stortingspresident Masud Gharahkhani og ein forfattarsamtale med Line Renslebråten.

Tyra Tronstad, Trygve Skaug og Siri Pettersen

Vi samarbeider òg med Porsgrunn bibliotek om podkasten Forfatteren & Favoritten. Ein gong i månaden vil vi gje ut ein episode med forfattarar som snakkar om bøkene sine, om då dei var mellom 15 og 20 år, og om tre favorittbøker som gjorde inntrykk i den alderen, eller som dei har lese seinare og vil anbefala for denne målgruppa.

Stian Omland frå Porsgrunn bibliotek vil gjera dei fleste intervjua. Som prislønt bokomsettar, med norske versjonar av bøkene til mellom andre Neil Gaiman, Gillian Flynn, Don Winslow, David Mitchell og John Greene på rullebladet, har han peiling på litteratur. Han er også ein knakande god formidlar. Så det er berre å gle seg!

På forfatteren & Favoritten si eiga podkastside finn du samtalar med desse forfattarane:

Forfatteren & Favoritten starta som eit samarbeid mellom Porsgrunn bibliotek og Skien bibliotek. No blir den vidareført av Porsgrunn bibliotek og Bok & bibliotek.

Powered by Labrador CMS