Utgave: 4/2022

Finland bruker seks gongar så mykje som Tyskland på folkebibliotek

Finland er på topp, Tyskland på botn, og skandinaviske bibliotek er i ei klasse for seg sjølv. Det viser ei fersk samanlikning av tolv europeiske land sine løyvingar til folkebibliotek som vi har fått tilgang til.

Totale ytingar til folkebibliotek i millionar euro
Ytingar til folkebibliotek i euro per innbyggar

Den 2. september i år tikka eit spørsmål frå nederlandske Sander van Kempen inn i e-postboksane til ei rekke bibliotekbyråkratar rundt i Europa – frå Italia i sør til Noreg i nord. Kor mykje bruker landa på folkebibliotek per innbyggar? «I Nederland bruker vi rundt 500 millionar per år på offentlege bibliotek. Vi har rundt 17 millionar innbyggarar. Så vi bruker rundt 29,41 euro per innbyggar på offentlege bibliotek», skreiv seniorrådgjevaren ved Nasjonalbiblioteket i Nederland til kollegaene i naple Forum (sjå eigen boks). Tolv land responderte.

10 mrd. er ikkje nok

Tyskland løyver mest til folkebibliotek av alle som svarte på undersøkinga, heile 930 millionar euro i året, eller nesten 10 milliardar norske kroner. Men med 83 millionar innbyggarar kjem dei likevel dårlegast ut når det gjeld løyvingar per person, med 11,2 euro per innbyggar, eller rundt 117 norske kroner. Dette er berre ein sjettedel av det kvar finne har å rutta med. Med 60,1 euro per innbyggar, eller rundt 628 kroner, ligg Finland på topp.

Danmark ligg rett bak med 59 euro per innbyggar, medan Noreg og Sverige begge vaker rundt 42 euro, eller 440 kroner per innbyggar.

Dei fleste landa har ei tredeling i stat, region/fylke og kommune. Nederlendarane spurde spesifikt om samla tal frå alle nivå.

– Kulturministeren spurde om vi kunne få innsikt. Er vi blant dei som bruker mest på bibliotek, eller ikkje? fortel seniorrådgjevar ved det nederlandske nasjonalbiblioteket, Sander van Kempen.

Ingen vitskaplege data

– Har det vore nyttig å få denne innsikta?

– Ja, veldig! Vi føler vi gjer ein god jobb, men som venta løyver dei skandinaviske landa meir og er eksempel vi ønskjer å sjå nærare på. Ikkje berre storleiken på budsjetta, men også korleis dei får det til.

van Kempen er open om utfordringane som ligg i ei slik uformell samanlikning på tvers av nasjonar.

– Vi fekk ikkje tak i vitskaplege data på dette. Men ministeren trong å få ei kjensle av korleis vi låg an. Og det har vi oppnådd. Betre statistikk er sjølvsagt mogleg, men det vil krevja meir informasjon, og truleg også forskingsfinansiering.

Tala gav få overraskingar, seier han, men ein liten opptur blei det.

– Det var overraskande at Nederland ligg på snittet, med rundt 30 euro per innbyggar. Eg trudde vi ville ligga lågare.

Tyskland har store variasjonar

Hella Klauser frå den tyske bibliotekforeininga visste korleis landet låg.

– Vi veit at andre land støttar folkebiblioteka meir enn oss, og vi bruker slike internasjonale samanlikningar til å gjera det kjent for dei som bestemmer. Men i Finland er bibliotektradisjonen og tilhøvet til dei som bestemmer, mykje sterkare. Finland har også ei biblioteklov, noko vi ikkje har på nasjonalt nivå.

– Men med så stolte tradisjonar for akademia, litteratur og kunst, og Europas sterkaste økonomi, korleis har det seg at de bruker så lite på bibliotek?

– Vi snakkar her om folkebibliotek. Dei er finansierte av kommunane, ofte som ein del av byadministrasjonen, i rådhuset. For forskings- og universitetsbibliotek er situasjonen ein heilt annan. Dei er kopla til dei 16 delstatane.

Det er stor variasjon i velstand frå by til by i Tyskland, fortel Klauser.

– Mange byar har stor gjeld som følge av lovpålagde oppgåver, som arbeidsløyse. Men å ha eit bibliotek er ikkje lovpålagt.

– Er det kommunar i Tyskland som ikkje har bibliotek i det heile?

– Eg vil seia nei. Dei aller fleste har. Men spørsmålet er kor store dei er, opningstidene, og om dei har profesjonelle tilsette og fornying av samlinga.

Prosjektmidlar hjelper

Folkebiblioteka i Tyskland får også betydelege summar i prosjektmidlar, til dømes til digital utvikling. Bibliotekforeininga søker ulike departement og fordeler pengane vidare. Desse summane er ikkje med i tala frå Tyskland, og heller ikkje frå nokon av dei andre landa, så vidt vi har klart å kartlegga.

– Men bibliotek treng også normale løyvingar til konstant drift, understrekar Klauser, som meiner ho ser ein positiv tendens i Tyskland. Folkebiblioteka har styrkt imaget sitt dei siste åra, noko som viser seg i fleire prosjektmidlar.

– No hender det at departementa tar kontakt og tilbyr oss å søka på utlysingar, for dei veit vi gjer ein god jobb.

Ho ser også at styresmaktene omtalar biblioteka som viktige for den demokratiske utviklinga og anerkjenner kva dei betyr for dei ukrainske flyktningane.

Det har ikkje lukkast Bok & bibliotek å få ein kommentar frå finske bibliotekstyremakter før saka gjekk i trykken. Men vi lovar å koma tilbake til dette i ein nettversjon på bokogbibliotek.no.

Det er stor variasjon i økonomien til folkebibliotek i Tyskland, fortel Hella Klauser i den tyske bibliotekforeininga.
– Veldig nyttig! seier Sander van Kempen ved Nederland sitt nasjonalbibliotek om den unike innsikta i europeisk bibliotekøkonomi.

NAPLE Forum (National Authorities on Public Libraries in Europe) er ei internasjonal ikkje-statleg foreining som jobbar for interessene til dei nasjonale bibliotekstyresmaktene i Europa. Den blei grunnlagd i 2002 med formål om å fremja folkebibliotekpolitikk på tvers av Europa.

Powered by Labrador CMS