Utgave: 1/2023

Det er ikkje redaktøren som er den viktige

– Kvar er redaksjonen min?

Det var det første eg spurte om då eg begynte å jobba i bibliotek. Yrkeslivet mitt før dette hadde vore i redaksjonar – i forlag, aviser og tidsskrift. No kom eg til lokalbiblioteket for å utvikla arrangement.

Vi ville setta søkelys på viktige ting, som overmedisinering av ADHD, ytringsfridom, sjølvmord og justismord. Men kven skulle eg diskutera representasjon med? Kven kunne avsløra mine blinde flekkar? Kven kunne spela pingpong om vinklingar og spørsmål? Kven skulle avsløra tilsvarsetten når den subtilt blei vekt til live, eller sjekka ut eventuelle bindingar hos kjeldene? Kven skulle arrestera meg når ideane blei for prega av mine personlege interesser, preferansar, ideologiar, standpunkt, legning, farge og fasong? Vi unngjekk dei største blunderane. Men ikkje heilt. Det gjekk ei stund, men så blei arrangementa snillare og snillare.

Biblioteksjefen var ein strålande leiar. Men ho sto midt i eit kommunebyråkrati med krav og planar ovanfrå, nedanfrå, utanfrå og bortanfrå. Naturleg nok hadde ho ikkje redaktørerfaring. Og rundt seg hadde ho eit bibliotekkollegium.

Vi snakka mykje om dette. Eg arrangerte lunsjmøte mellom biblioteksjefen og redaktøren i tidsskriftet eg jobba i før. Vi leikte med tanken om at biblioteket vårt burde bli det første i landet som proklamerte at vi slutta oss til Redaktørplakaten. Eg tenkjer framleis at vi kunne gjort det. Kanskje kjem det finjuss inn i biletet. Men først og fremst handlar dette om biblioteksjefar si rolleforståing.

Som Vebjørn Selbekk har eg tru på det å utvikla ein redaktørplakat for bibliotek (side 6). Men eg meiner respondentane i Norsk Bibliotekforening si undersøking (side 3) bommar når dei meiner det viktigaste for å gjera biblioteksjefen tryggare i redaktørstolen er tydelege retningslinjer, nettverk, erfaringsdeling og meir kompetanse. Det eg sakna den gongen eg kom til biblioteket, var ikkje ein kompetent redaktør med klare retningslinjer. Eg sakna dei redaksjonelle prosessane, den stadig pågåande samtalen.

Bygg redaksjonen. Det er mitt enkle svar på spørsmålet om korleis ein skal bli det gode debattbiblioteket. Er det fleire tilsette ved biblioteket, må dei bygga felles redaksjonell kompetanse. Reis på kurs på Institutt for journalistikk, les bøker, tilsett ein journalist, eller hyr inn vaktsjefen i di lokale avis på neste internseminar. Er du leiar? Bygg eit miljø med flat struktur, felles refleksjon og stor takhøgde. Er du åleine? Lag regionale nettverk, skaff deg eit redaksjonsråd med journalistisk kompetanse representert, der de bygger ein felles gefühl. Dette kjem ikkje over natta. Men etter kvart vil du merka i fingertuppane kva som er det rette å gjera når SIAN bankar på døra eller kommunalsjefen raslar med sabelen. Og når du er i tvil (for det bør du alltid vera), sjekkar du med dei andre i redaksjonen din om du er på rett spor. Heile tida. Kvar dag. I ein stadig pågåande redaksjonell samtale. Her ligg nøkkelen.

Powered by Labrador CMS