Utgave: 1/2023

Lokalpolitikarane bergar biblioteka!

Vidar Lund

Budsjetthausten 2022 var hendingsrik mange stader. Noreg er inne i eit demografisk skifte med færre ungar og fleire eldre. Når det i tillegg er ekstrem prisvekst og renteauke som slår hardt ut i kommunane, kan ein isolert sett skjøne ein kommunedirektør som tenkjer at «Vi kan da berre kutte litt på biblioteket. Det er det jo ingen som døyr av.» Biblioteka har ei unik rolle gjennom at vi ikkje berre er for ei aldersgruppe eller for enkeltsaker. Vi skal drive med lesefremjing. Informasjonssøk. Møteplass. Utlån. Arrangement. Kommunane som satsar på bibliotek får utruleg mykje att på mange nivå.

I Arendal har biblioteksjefen kjempa med både administrativ og politisk leiing i mange år og opplevd enorme kutt i både stillingar og innkjøpsbudsjett. Det gjekk rett og slett på helsa laus, og han måtte gje seg av helsegrunnar. Der andre bibliotek gjerne opplever at ein er med på ein felles dugnad der alle einingar må kutte 1 eller 2 prosent av driftsbudsjettet, har Arendal bibliotek opplevd målretta åtak frå særleg politikarane. Heilt på tampen av 2022 kom gladmeldinga om at bystyret i Arendal likevel auka budsjettet til biblioteket med 500.000 kroner. Vi må vone at det er fyrste del av ein snuoperasjon, men for biblioteksjefen var det for lite og for seint.

I Noreg elles òg ser vi at lokalpolitikarane hjelper. I Kragerø berga biblioteket frå å kutte 1/3 av personalbudsjettet. I Nordre Follo berga ei stilling, i Bodø berga to stillingar, i Ås berga Nordby filial – og fleire døme finst. I 2022 såg eg ikkje døme på at kommunestyre vedtok budsjettkutt for bibliotek etter framlegg frå lokalpolitikarane sjølve. Mange av sakene vart vunne gjennom innsats frå både Norsk Bibliotekforening sentralt og lokalt, Bibliotekarforbundet og andre fagforeiningar og lokale aktivistar. Engasjement nyttar!

Vidar Lund
Leiar av Norsk Bibliotekforening

Powered by Labrador CMS