Utgave: 2/2023

Kvardagsmakt

Bibliotektilsette tilrår og stiller ut, kjøper inn, tek vare på og sender til attvinning.

Bibliotektilsette arrangerer, inviterer, abonnerer og marknadsfører.

Og bibliotektilsette arbeider i demokratihus. Eit demokrati blir definer av at makta går ut frå folket. Slik blir eit demokratihus ein potensielt viktige arenaer for utøving av makt for alle som går inn i det. Korleis bruker bibliotektilsette posisjonen sin som dørvaktarar til å gi andre makt?

Det motsette av makt er avmakt. «Slepp flest mogleg til!» skriv tidlegare NRK-redaktør Steinar Nielsen på side 61 i denne utgåva. «Hvem trenger å bli hørt i ditt lokalmiljø?» spør Norsk Bibliotekforening i sin ferske rettleiar med tips og triks for å laga politisk debatt i bibliotek inn mot valet i september.

Kommunepolitikarar Elin Golten siterer i doktoravhandlinga si (s. 58) viste skepsis til biblioteket som fristilt debattarena. Dei har forstått poenget: Eit velfungerande debattbibliotek fordeler makt, vekk frå kommunestyresalen (og bakromma) og ut til innbyggarane.

Om du jobbar i bibliotek har du makt til å påverka, kvar dag. Vi kan kalla det kvardagsmakt. Vil du høyra kloke tankar om kvardagsmakt i bibliotek og andre hukommelsesinstitusjonar, kan eg tilrå Kulturytring 2023, som skjer i Drammen 19. til 21. juni.

Festivalen, som har sett seg føre å bli for kulturfeltet det Arendalsuka er for dei hardare politikkområda, har berre blitt arrangert ein gong før. Det var i 2021 medan koronaen låg tungt over landet. Alle programpostane blei gjort om til strøymearrangement utan eit menneske i salen. Eg deltok i ein panelsamtale då, og hugsar at eg fekk streng beskjed frå kultursjefen i heimkommunen om å vaska nevane godt, ikkje snakka med framande og koma rett heim etterpå. Like fullt både lærte eg ting og fekk nye kontaktar eg har hatt stor glede av.

I år lovar arrangøren Norsk kulturforum (NOKU) skikkeleg festivalstemning, med over 100 faglege programpostar og fleir enn 50 kunst- og kulturarrangement. Men innhaldet blir skapt av 140 andre kulturaktørar. Tre av dei er tidsskrifta Aksess, Museum og Bok & bibliotek. Onsdag den 21. juni klokka 09:30 inviterer vi til Drammensbiblioteket med tittelen: Hva skal vi huske, og hva skal vi glemme? En samtale om hverdagsmakt i arkiv, bibliotek og museum.

Agnes Moxnes er ordstyrar, og i panelet sit mellom andre nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og biblioteksjef i Sarposborg Anette Kure.

Kom til Kulturytring. Slå deg ned ved bordet til stortingspolitikarane og del historier frå kvardagen i eit norsk demokratihus. Gå på seminar, diskusjonar, utstillingar og konsertar, og kom heim tungt væpna med inspirasjon, idear og argument til å utøva di kvardagsmakt inn mot valet 2023 and beyond.

Powered by Labrador CMS