Utgave: 2/2023

Valet er ditt!

I år er det 10 år sidan den «nye» folkebiblioteklova vart vedteken. Det nyskapande i lova var at ein inkluderte aktiv formidling i føremålet, saman med at biblioteket skal vera ein uavhengig møteplass og debattarena. I mi tid som leiar har dette framleis vore aktuelle tema. Eg har snakka om dette på møte og kurs i fylka, i pressa og i andre samanhengar. I løpet av denne tida har det slått meg at vi i bibliotekfeltet framleis snakkar om «den nye» folkebiblioteklova. Samstundes ser vi av Nasjonalbiblioteket sin statistikk at samtaleog debattarrangementa vi fokuserer så mykje på er forsvinnande få. Godt over halvparten av kommunane har ingen eller berre eitt slikt arrangement på eit år. Difor har vi laga ein rettleiar med tips og triks for korleis lage slike arrangement, særleg med tanke på at det er val i haust. Biblioteket er ein sjølvsagt arena for det gode ordskiftet og samtalen i valkampen.

I tillegg er det viktig for biblioteka kva valresultatet blir. Det er ikkje éitt val i haust, det er 372! I kvar einaste kommune og fylkeskommune er det val som har sine eigne premissar. Skiljelinene går på kryss og tvers, samarbeidskonstellasjonane det same. Difor skal ikkje Norsk Bibliotekforening gje noka tilråding om kva du skal røyste, men eg vil oppmode deg til å spørje kandidatane kva dei meiner. Kva meiner dei om skulebiblioteka i kommunen? Korleis skal fylkeskommunen arbeide for leselyst? Korleis skal din kommune bidra til digital dugleik? Skal det byggjast nytt bibliotek, og i så fall kor? Korleis vil fylkeskommunen bruke biblioteka for å arbeide med berekraftsmåla?

Det er meir enn nok bibliotekpolitikk å ta tak i. No har du sjansen til å få meir forpliktande svar frå politikarar lokalt og regionalt om kva dei vil satse på dei neste fire åra. Eitt av svara bør vera «BIBLIOTEK, SJØLVSAGT!»

Powered by Labrador CMS