Utgave: 2/2023

Notisar

Ungdommer ved Li skole i Nittedal har startet sitt eget elevstyrte skolebibliotek som en del av valgfaget ≪utvikling av varer og tjenester≫.

Axiell lovar automatisk innlevering av statistikkdata til neste år

Fleire av biblioteka i Viken truga med ikkje å levera tal til den nasjonale bibliotekstatistikken innan fristen i år. Med Quria som biblioteksystem blei jobben for stor, hevda dei. No har leverandøren Axiell lova å ha ei løysing på plass til neste år. Konkurrenten Bibliotek-Systemer AS seier til Bok & bibliotek at dei ikkje vil utelukka at dei kan få til det same.

Nettkurs i Dewey

Nyleg lanserte Nasjonalbiblioteket eit nytt nettkurs om Deweys desimalklassifikasjon og verktøyet Norsk WebDewey, i samarbeid med Biblioteksentralen og OsloMet.

Nettkurset vil gje nybyrjarar grunnleggjande kunnskap om klassifikasjon med Dewey. Det kan òg nyttast som oppfrisking og som eit oppslagsverk for dei som har klassifisert ei stund.

Sjølv om mange, særleg i folke- og skulebiblioteka, ikkje klassifiserer i særleg grad, er det viktig at flest mogeleg får ein grunnleggjande kunnskap om verktøyet, skriv NB. Eit ekstra pluss er å få kunnskap om korleis Dewey kan nyttast i tenester til sluttbrukaren.

bibliotekutvikling.no

Utlån av fotballkampar

Bergen Offentlige Bibliotek har inngått samarbeid med Sportsklubben Brann. For 2023-sesongen er det mogleg å låna billettar til heimekampar i både Toppserien (kvinner) og Tippeligaen (herrar), skriv biblioteket på heimesida si. Billettane er for born og unge – eller born i følge med ein vaksen, og ein må også låna noko anna frå biblioteket for å få dei med seg.

Norges første elevstyrte skolebibliotek

Selv om Liblioteket er populært, mistenker vi at dette bildet er arrangert.

Elevene har jobbet med alt fra oppussing av rom til å søke midler og katalogisere bøker. Nå betjener ungdommene «Liblioteket» og anbefaler bøker til medelevene.

– Vi leser ungdomslitteratur, og i tillegg kjenner vi mange av dem vi skal anbefale litteratur til. Vi har jo naturlig nok sammenfallende interesser med dem vi anbefaler bøker til. Instagramkontoen @liblioteket er veldig populær, sier elevene til Foreningen !les.

Ungdommene sier selv at mangelen på skolebibliotek bidro til mindre lesing blant elevene.

– På barneskolen hadde vi oftere lesing i skoletiden enn det vi har nå på ungdomsskolen, og når vi i tillegg fort driver med andre ting enn å lese hjemme, da blir tilgangen på skolebibliotek viktig.

Bok & bibliotek skiftar namn!

Vel, kanskje ikkje heilt, men den offisielle skrivemåten blir i alle fall endra.

Etter styrevedtak i ABM-media AS skal namnet no skrivast Bok & bibliotek – med et-teikn i staden for og, og med liten b i bibliotek.

Endringa vil skapa samsvar mellom dagens logo og den offisielle skrivemåten og er ei tilpassing til gjeldande norsk rettskriving. Ifølge denne er det ikkje korrekt med store bokstavar i ord som kjem etter kvarandre i eit firmanamn eller liknande.

Et-teiknet (&) er valt fordi det er visuelt tiltalande, plasseffektivt og gir ein grafisk effekt som signaliserer at det er snakk om namnet på ein publikasjon og ikkje berre ei oppramsing av to ord (som blir brukt svært ofte elles i tidsskriftet).

Nye episodar i podkasten

Det kjem ein ny episode annankvar fredag. Her er nokre av dei siste.

#19 Michael Stilson

Den fotball-NRK-serieaktuelle forfattaren blir intervjua av Arne Olav Hageberg om eigne bøker, eiga ungdomstid og tre favorittar for lesarar mellom 15 og 20.

#18 ABC for debattbiblioteket

Biblioteksjef Oda Cornelia Knudsen fortel kva dei har lært etter 10 år med Kongsbergdebatten.

#17 Sara Hjardar

Teikneserieskaparen blir intervjua av Stian Omland om eigne bøker og teikningar, tre favorittar for unge lesarar og den pinlege sms-en som skulle til kjærasten, men blei feilsend til mamma.

#16 Future Library

Den beste innføringa du vil finna om Katie Paterson sitt svimlande kunst- og litteraturprosjekt, vil vi påstå. Ann-Mari Bugge sin tekst lesen av Lena Barth Aarstad.

#15 Dette ønsker ungdomar på biblioteket

Er du oppteken av å laga gode ungdomstilbod? Avdelingsleiar Anne Kaslegard og Lene Thorsen frå Innsikteriet blir intervjua av Arne Olav Hageberg om resultata frå Drammensbiblioteket si brukarundersøking blant unge frå 13 til 19.

#14 Brynjulf Jung Tjønn

Vinnaren av Ungdommens kritikerpris 2023 gjesta Forfatteren & Favoritten-serien vår tidlegare i år for å fortelja Stian Omland om eiga ungdomstid og eigne favorittar.

#15 Bog & Bibliotek

I episode 15 fortel Lene Thorsen og Anne Kaslegard korleis ungdomar i Drammen vil ha det i biblioteket.

Hva skal vi huske, og hva skal vi glemme?

Fra utstillingen «Skjeletter i skapet» ved Nasjonalt Medisinsk Museum/Norsk Teknisk Museum (2017–18) der museet stilte ut deler av sin store samling menneskelige levninger.

Tidsskriftene Bok & bibliotek, Museum og Aksess inviterer til debatt om hverdagsmakt i arkiv, bibliotek og museum på Drammensbiblioteket 21. juni klokka 09:30, under Kulturytring 2023.

Arkiv, bibliotek og museum (ABM) er fellesskapets hukommelse og samvittighet. Hver dag tar ansatte små og store valg som påvirker hva fremtiden vil vite, det som blir stående som fortellingen om oss. Hvordan påvirker den resten av samfunnet? Hvilke stemmer slippes til? Hva er dilemmaene som oppstår? Refleksen er ofte å ta vare på alt, men er det mulig? Hvilke valg må tas, og hvilke prioriteringer og refleksjoner ligger bak?

Samtalen ledes av mangeårig NRK-journalist og kulturkommentator Agnes Moxnes. I panelet: Anders Bettum, Anette Kure, Ann Tove Manshaus, Aslak Sira Myhre, Michelle A. Tisdel og Silje Dragsund Aase.

Kulturytring er Norges største arena for kulturpolitikk. Den 19.–21. juni samles arrangører, aktører, interesseorganisasjoner og politikere til over 100 arrangementer. Dette vil du ikke gå glipp av!

Navlelo

Journalist Erling Legræid sa en gang at bare 3 prosent benytter seg av ytringsfriheten offentlig i løpet av livet. Han kan ikke ha regnet med dodørene. Unntatt når det gjelder kvinner. Her er prosenten åpenbart null. Som vaktmester har jeg anledning til jevnlig å sjekke damenes avlukke. Der er det blankt som messingen. Jeg vet hva jeg snakker om. På den annen side. Bokklubbladene, som er blant det jeg kasserer i papirkomprimatoren, viser tydelig hvilket kjønn som er satsningsområdet der i gården. Noe forenklet kunne derfor man si: Kvinner leser romaner, menn skriver på dodører.

Nils A. Raknerud

I Bok & bibliotek 7/2005

Powered by Labrador CMS