Utgave: 2/2023

Tomme hyller i Helsebiblioteket kostar andre dyrt

Argumentet for dei siste kutta i helsebiblioteket var å spare 5–6 millionar. Resultatet er tap av nasjonal kunnskapsberedskap og minst 15 millionar i auka utgifter for norske bibliotek.

Maria Pile Svåsand er sjef for litteraturbåten Epos, har vore redaktør for Bok & bibliotek og sit i redaksjonsrådet. Ho er journalist av utdanning og skriv no som frilansar.

Frå nyttår forsvann nye databasar og tidsskrift frå Helsebiblioteket, som ein del av store kutt i budsjetta til Folkehelseinstituttet (FHI). Det har kosta biblioteka i universitets- og høgskulesektoren langt meir enn det Folkehelseinstituttet har spart.

– Ikkje fornuftig

Ei kartlegging Universitets- og høgskolerådet (UHR) har gjort, der om lag halvparten av medlemsinstitusjonane svara, viser at kostnaden blant dei er over 10 millionar kroner. I tillegg kjem institusjonane som ikkje har svart UHR, og dessutan helseføretaka og andre som no må skaffe til vegs eigne tilgangar. Det Bok & bibliotek har undersøkt vidare, viser kostnader på minst 15 millionar, med god grunn til å tru at det er meir.

Helsebiblioteket

  • Helsebiblioteket.no sitt føremål er å gje helsepersonell og studentar innan medisin og helsefag gratis tilgang til fagkunnskap gjennom tidsskrift og databasar. Tilbodet er unikt i verda.

  • Helsebiblioteket er finansiert over statsbudsjettet via Folkehelseinstituttet og gjennom fakturering av universiteta og høgskulane.

  • På grunn av kutt i budsjettet til FHI dei siste åra, har tilgangane I Helsebiblioteket blitt færre. I 2020 blei det kutta 4200 tidsskrift, året etter følgde sentrale kjelder som JAMA, BMJ, The Lancet og Annals of Internal Medicine.

  • I 2023 forsvann også tilgangen til databasar frå Ovid (AMED, Embase, Medline og PsycINFO) og Cochrane Library, i tillegg til tidsskriftet New England Journal of Medicine.

Kjelde: Helsebiblioteket

– Det er ikkje fornuftig å spare éin plass, for så å bruke meir pengar ein annan plass, seier Anna Løken. Ho er leiar i UHR Bibliotek og bibliotekdirektør ved HINN – Høgskolen i Innlandet.

UHR har sendt brev til Helse- og omsorgsdepartementet og bede dei snu og sikre Helsebiblioteket. Lista over organisasjonar og fagmiljø som har uttrykt kritikk mot vedtaka og støtte til Helsebiblioteket, er lang. Frå Norsk Bibliotekforening til forskingsmiljø, Den norske legeforening og Norsk psykologforening.

Helsebiblioteket er organisert under FHI, og det at dei har fått pålegg om kutt på til saman om lag ein halv milliard dei siste åra, har også gått ut over Helsebiblioteket. I tillegg har avtalane blitt dyrare, noko som igjen vart forsterka av den dårlege kronekursen.

Dyrt med eigne avtalar

Som bibliotekdirektør måtte Løken sjølv omprioritere for å kunne kjøpe tilgangar til heilt naudsynte databasar og tidsskrift ved HINN.

– Me måtte på kort varsel forhandle om eigne avtalar og enda med ein prislapp på det dobbelte av det me betalte til Helsebiblioteket, seier ho.

For UNN er dette kostnader i hundretusenklassen, fortel Løken. For dei store føretaka er det langt over millionen berre i år for kvar av dei.

Og det er berre den økonomiske kostnaden. Kutta rammar tilgangen til kjelder som er kritiske for forsking, undervisning og fagleg praksis.

Eit bibliotek ribba for tidsskrift

I den siste kuttrunden forsvann Ovid (AMED, Embase, Medline og PsycINFO) og Cochrane Library, i tillegg til tidsskriftet New England Journal of Medicine. Det var det siste tidsskriftet i Helsebiblioteket, over fire tusen av dei er allereie kutta tidlegare. Dette er sentrale kjelder for helsesektoren, og det er ikkje eit alternativ for føretaka eller UH-biblioteka å ikkje ha dei tilgjengeleg.

Kostnadssnøballen rullar fort når helseføretak, universitet og høgskular må forhandle tilgangar sjølve: Lisensane blir dyrare når det gjeld ein og ein avtale, samstundes som det totalt blir brukt langt meir personalressursar på forhandlingane av avtalane. I tillegg, og kanskje aller viktigast, er det no færre som har tilgang til sentral forsking på helsefeltet.

– Resultatet av desse kutta er at me nasjonalt sett betalar meir for langt mindre, seier teamleiar i Helsebiblioteket, Kjell Tjensvoll.

Han seier det no er vanskeleg for dei å oppfylle mandatet sitt om å gje fagfeltet gratis tilgang til kunnskap.

– Det ironiske er at dette skjer rett etter pandemien, då bruken av Helsebiblioteket eksploderte, seier Tjensvoll.

Unikt i verdssamanheng

Helsebiblioteket inngår nasjonale avtalar om tilgang til helsekunnskap. Det vart starta i 2006 for å bidra til eit kunnskapsbasert helsevesen. Den nasjonale ordninga har fått internasjonal merksemd og er nær unik i verda.

Tjensvoll fortel at bruken var beskjeden I starten, men har auka sterkt. At alle, frå legar på små fastlegekontor til forskarar og studentar, har tilgang til dei største forskingsdatabasane og viktige tidsskrifta, har vore eit viktig bidrag til eit oppdatert helsepersonell. I tillegg har dette ført til at bruken av kjeldene no er ein del av arbeidsmetoden, pensum og kvardagen til svært mange.

Dette er med på å gjere det vanskeleg å setje ein presis prislapp på meirkostnadene ved kutta. Då Tjensvoll starta i Helsebiblioteket i 2004, rekna han ut at ordninga halverte kostnadene for helseføretaka. Ein kan rekne med at dette gjeld enda. Og desse er altså berre nokre av mange som har hatt tilgang til Helsebiblioteket sine tenester.

På dei store universiteta er kostnaden for dei siste tilgangskutta i millionklassen. På Universitetet i Bergen, NTNU og UiT har kostnaden med å skaffe til vegs eigne abonnement på tidsskrifta og databasane passert 1,5 millionar kroner for kvar av dei. For å kunne prioritere dette må biblioteka kutte andre stader.

– Meirkostnaden for UH-sektoren er mykje større enn den kostnadsreduksjonen på 5 millionar som Helsebiblioteket har oppgjeve, så samfunnsøkonomien her er negativ, seier bibliotekdirektør Sigurd Eriksson ved NTNU.

Anne Løken Leiar i Universitets- og høgskolerådets bibliotekutval.
Sigurd Eriksson Bibliotekdirektør ved NTNU Universitetsbiblioteket.
Paul Simon Svanberg Fagleg leiar for tilvekst ved universitetsbiblioteket I Bergen.

Nedbygging av kunnskapsberedskap

Fagleg leiar for tilvekst ved universitetsbiblioteket i Bergen Paul Simon Svanberg opplever ikkje å ha hatt eit reelt val når det kom til spørsmålet om lisensane skulle vidareførast etter kvart som tilgangar via Helsebiblioteket gradvis har forsvunne.

– Dette er så viktige ressursar at tilgangane matte vidareførast, seier han.

– Helsebiblioteket har vore eit velfungerande tilbod som har gjeve alle i heile landet tilgang på kunnskap. Ein slik kunnskapsberedskap er det vanskeleg å måle verdien av. Når tenesta no blir utarma, går det ikkje berre ut over oss som driv forsking, undervising og systematiske søk. Alle har ei helse og treng før eller seinare hjelp. Det å ha fagressursar lett tilgjengeleg for alle er del av vår nasjonale kunnskapsberedskap. Difor får slike kutt store konsekvensar ut over det økonomiske, men dei er sjølvsagt vanskelege å måle.

Kutta som no har fått det siste tidsskriftet til å forsvinne frå Helsebiblioteket, er dei siste i ei lang rekke. Tilbodet om tidsskrift og databasar har minka jamt og trutt dei siste sju–åtte åra på grunn av valutakursen, prisauke og budsjettkutt. Ressursane har anten falle heilt ut av Helsebiblioteket, eller dei har endra finansieringsform. Totalkostnaden for UiB har vore svært høg.

– Det er nok snakk om totalt 20–25 millionar for oss sidan 2016, seier Svanberg.

– Vi har pådrege oss kostnader fordi Helsebiblioteket si finansiering ikkje har vore sterk nok.

Helseminister Ingvild Kjerkol fekk spørsmål om kutta i Stortinget i desember. Då svara ho at FHI må prioritere innan vedtekne budsjettrammer, og at situasjonen er krevjande, men naudsynt. Vidare peikar ho på dei ressursane som framleis er tilgjengelege hos tenesta.

SV ønskjer styrking

Sosialistisk Venstreparti har vore kritisk til dei store nedskjeringane undervegs i prosessen, og nestleiar og helsepolitisk talsperson Marian Hussein er uroa.

– Oppdatert og kunnskapsbasert praksis i helsefeltet er heilt avgjerande for at me skal levere gode tenester til folk. Helsebiblioteket er eit godt eksempel på korleis me kan sikre tilgang til svært mange, og den innstramminga me ser no, uroar oss.

Ho håpar regjeringspartia vil følgje opp eigne fokusområde frå før dei sat I regjeringa. I budsjettinnstillinga si i 2020, skreiv Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet sine medlemer i helsekomiteen at «Helsebiblioteket fortsatt skal kunne være en fellesskapsløsning for nødvendig helsekunnskap, og at det er behov for økt satsing og finansiering for å sikre helsepersonell stabil og forutsigbar tilgjengelighet til kunnskap.»

I sitt alternative budsjett foreslo SV i fjor å styrke løyvinga til FHI med 70 millionar, seier Hussein.

– Tidlegare har me stått saman med Arbeiderpartiet og Senterpartiet om å sende signal om at Helsebiblioteket er ein viktig aktør for å sikre tilgang til kunnskap. Dette er noko me meiner dei to regjeringspartia bør sørge for å følgje opp og finne løysingar på, seier ho.

Kort frå departementet

Ole Henrik Bjørkholt Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Bok & bibliotek stilte totalt ti spørsmål til Helse- og omsorgsdepartementet rundt det som kjem fram i denne saka. Vi bad om ein kommentar på auken i kostnader som vi har dokumentert, om ei mogleg løysing via Sikt eller andre (sjå undersak), kva tankar regjeringa har om føresetnaden for ein kunnskapsbasert helsesektor, og kva tankar dei har om framtida for Helsebiblioteket. Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ole Henrik Bjørkholt svarar dette i ein e-post:

≪Det er Folkehelseinstituttet som må svare for dei sluttnadane dei har fatta. Me har bede instituttet om å prioritere overvaking og beredskap, og er innforstatt med at enkelte oppgåver må skyvast på eller prioriterast ned sånn at instituttet kan følgje opp samfunnsoppdraget og kjerneoppgåvene sine.≫

Bok og bibliotek har også vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet. Svara frå dei kan du lese i undersaka.

Helsesektor utan bibliotekararKan Sikt ta saka?Ikkje fleire bibliotekkroner

Raade meiner delar av problemet for helsesektoren er at dei over tid har prioritert ned å ha bibliotekarressursar som ein del av drifta. No blir kunnskapssektoren sitjande med rekninga.

– Det krevst bibliotekarkunnskap for å handsame eigne avtalar med forlaga om tilgang til databasar og tidsskrift, og den kompetansen er det veldig mange som ikkje har lenger, seier ho.

Raade meiner dette er ressursar som vil fortsetje å bli nedprioritert dersom helseføretaka no får denne bistanden gratis, men seier det bibliotekfaglege er nok dei eventuelt kan kjøpe frå UH-biblioteka. Likevel synest ho forhandlinga om avtalar bør gjerast nasjonalt.

– Helseføretaka ber oss om hjelp til å få tilbake tilgangen, det er kostnader me ikkje har i budsjettet vårt, og om me gjev dei tilgangen, vil det snart ikkje vere ein bibliotekar igjen på sjukehusa i landet.

I Trondheim har dei liknande erfaringar som i Tromsø. I tillegg til brukarane på universitetet har NTNU ein avtale med St. Olavs hospital om tilgang til tenestene som tidlegare var levert gjennom Helsebiblioteket.

– Det er tilgangar andre helseføretak i regionen også ønskjer seg, som er endå ein mogleg konsekvens av det nedkutta tilbodet, seier bibliotekdirektør Sigurd Eriksson.

Johanne Raade er sjølv leiar i Kunnskapssektorens tjenesteleverandør (Sikt) sitt forhandlingsorgan og meiner dei bør kunne forhandle fram ein nasjonal avtale.

– Helse- og omsorgsdepartementet burde kunne tildele midlar til Sikt for å gjennomføre nasjonale forhandlingar. Med to stillingar er det mogleg, seier ho.

Produktområdeleiar i Sikt, Nina Karlstrøm, seier det kan vere ei moglegheit for dei å forhandle, men at dei i så fall må få midlar til det.

– I så fall må Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet gå i dialog om finansieringa til å forhandle om desse avtalane, seier ho.

I tillegg peikar ho på at medan Sikt har kompetanse til å drive forhandlingar, har dei ikkje den helsefaglege kompetansen som ligg i å drive Helsebiblioteket.

På spørsmål frå Bok & bibliotek svarar Kunnskapsdepartementet at dei ikkje er i nokon dialog med Helseog omsorgsdepartementet om ei eventuell finansiering av nasjonale tilgangar til databasar og tidsskrift som er kutta frå Helsebiblioteket. Ifølgje statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel er dette ikkje i deira vurderingsområde å sjå på.

– Me kan ikkje vurdere kva tidsskrift det er føremålstenleg for institusjonane å be Sikt forhandle om tilgang til, svarar han.

Regjeringa har bede Sikt, Forskingsrådet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse om å bistå forskingsinstitusjonane med å utarbeide ein strategi for norsk vitskapeleg publisering etter 2024 og ein plan for å nå måla i ein slik strategi. Dette arbeidet er godt i gang, fortel Oddmund Løkensgard Hoel I Kunnskapsdepartementet.

Som Bjørkholt i HOD (sjå hovudsaka) peikar også Hoel på at det er opp til universiteta og institusjonane sjølve å disponere rammetilskota dei har fått. Ekstra ytingar til biblioteka er ikkje noko som blir vurdert.

Hoel seier han forstår at endringar i etablert praksis blir opplevd som ei ulempe.

– Men erfaringar frå andre land som har brote forhandlingar med store forlag og mista umiddelbar tilgang, tilseier at tilgang ofte lèt seg ordne på andre måtar, seier han.

Statssekretæren er likevel opptatt av at den kunnskapsbaserte praksisen skal fortsette.

– I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning slår me fast at forskingsresultat skal vere tilgjengelege for alle som har nytte og interesse av å følgje med på fagutviklinga, enten det er for å gjere ein god jobb eller fordi dei treng kunnskap som pasientar, pårørande eller foreldre i skulen.

Powered by Labrador CMS