Om - bok og bibliotek

Bok & bibliotek blei etablert i 1934 som ei vidareføring av For Folke- og Barneboksamlinger (1907) og For Folkeoplysning (1916). Bladet tek opp tema, trendar og nytt som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk, som nye arbeidsformer, teknologi, litteratur- og kulturformidling og bibliotekforsking.

Bok & bibliotek har eit ansvar for å bidra til ei bibliotekfagleg offentlegheit, ved å stimulera til fagleg refleksjon og debatt og halda eit skarpt blikk på dei politiske rammene kring biblioteksektoren.

Bladet er redaksjonelt uavhengig og blir redigert etter Redaktørplakaten.

Debattinnlegg og innkjøpte artiklar uttrykker ikkje nødvendigvis Bok & bibliotek sine meningar.

Bladet kjem ut fire gongar i året med eit kontrollert opplag på 3400 eksemplar.

Bok & bibliotek har også ein eigen podkast som du kan lytta til her.

Klikk her for å tinga abonnement.

Postadresse:

Bok & bibliotek
Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo

Ansvarleg redaktør: Arne Olav Hageberg, ao@bokogbibliotek.no, +47 95821895

Bok & bibliotek sin utgjevar er ABM-media AS, som også gir ut Museum og Aksess, tidsskrift for arkivsektoren.

Powered by Labrador CMS